NRK Meny
Normal

Her sit Kowalczyk med ispose etter Bjørgen-siger

Med god hjelp av Kikkan Randall åt Marit Bjørgen inn store delar av Justyna Kowalcyks samanlagtforsprang på sprinten i Toblach. Etterpå måtte erkerivalen hastefryse eit hovent kné.

Bjørgen

Kowalczyk måtte behandle det vonde knéet etter at Marit Bjørgen hadde sigra i sprintfinalen.

– No skiljer bare 4,8 sekund i samandraget. Det er ingenting. Alt er mogleg no, seier ei smørblid Bjørgen til NRK.

Det heile blei avgjort då Bjørgen fossa opp siste bakken i sprintfinalen. Der skaffa ho seg eit godt forsprang som erkerivalen Justyna Kowalczyk aldri klarte å ta igjen.

– Målet var å vere før Kowalczyk før siste bakken. Det klarte eg, seier Bjørgen.

VIDEO: Sjå den dramatiske sprintfinalen om igjen (artikkelen held fram!)

Video Bjørgen nummer 1

SJÅ VIDEO: Bjørgen suveren i sprintfinalen.

Randall stal andreplassen

Ved målpassering kunne Bjørgen juble for sin tredje siger i årets Tour de Ski. No har ho like mange som den polske hovudmotstandaren.

Amerikanske Kikkan Randall stal andreplassen framfor Kowalczyk, som halsa seg inn til 3. plass.

– Dette var veldig viktig for meg. Kowalczyk var sterk i dag også. Det var bra å få Kikkan mellom oss. Det er utruleg tett no, seier Bjørgen.

Dagens resultat gjer samanlagtstillinga tettare og tettare. 4,8 sekund eit minimalt forsprang for Kowalczyk framfor 15-kilometeren torsdag.

Kowalczyk med ispose

Måndag meldte den polske nettavisa Gazeta at Kowalczyks kné var særs hovent og at polakkens lege frykta at Tour-leiaren måtte bryte konkurransen.

Sjølv avviste Kowalczyk at situasjonen var så alvorleg som den polske avisa ville ha det til.

Men det er tydeleg at knéplagene er tilstades. Straks etter sprinten onsdag måtte polakken setje seg ned etter løpet, og kjøle ned det hovne knéet med ispose.

Klem til Randall - kun handhelsing til Kowalczyk

Randall

Slik reagerte Marit Bjørgen etter at Kikkan Randall kapra andreplassen på sprinten i Toblach.

Bjørgen uttrykte stor glede over Randalls andreplass, og feira med å gje amerikanaren ein klem.

Like idyllisk var det ikkje då det norske skiesset skulle takke Kowalczyk for konkurransen.

Bjørgen og Kowalczyk er kjend for å ha eit anstrengt forhold til kvarandre, noko som kom tydeleg fram då dei bare gav kvarandre ei enkel handhelsing i målområdet.

– Du gjev Kikkan ein god klem i målområdet, men Kowalczyk får ikkje. Hadde du bare ein klem å gje i dag?

– Kikkan ga jo meg ein klem, men eg takka ho sjølvsagt for at ho blei nummer to, seier Bjørgen.

VIDEO: Isfront mellom Kowalczyk og Bjørgen

Video Isfront mellom Bjørgen og Kowalczyk

Isfront mellom Bjørgen og Kowalczyk

Kristoffersen imponerte

Også Marthe Kristoffersen overraska stort. 22-åringen kjempa seg til finale. Der blei det riktig nok ein liten nedtur:

Kristoffersen hamna desidert sist i feltet på 6. plass, 8,8 sekund bak Bjørgen.

Siste nytt

  • Ruud klatrer på verdensrankingen

    Casper Ruud blir belønnet for storspillet under Båstad-turneringen på den ferskeste verdensrankingen i tennis. Nordmannen klatrer seks trinn til 141.-plass. Ruud slo tidligere verdenstreer David Ferrer under turneringen i Sverige.

    Tennis, Australian Open.
    Foto: Lars Eide / NTB scanpix
  • Diomande målløs innbytter i stortap

    Adama Diomandé startet på benken, men kom inn etter pause da Los Angeles FC tapte hele 1–5 mot Minnesota i MLS natt til mandag. Før Dio rakk å entre banen ledet Minnesota 3–1. Diomande har vært strålende for LAFC, og står med 9 mål på 9 kamper for klubben.

    MLS Crew Los Angeles FC Soccer
    Foto: Mark J. Terrill / AP
  • Sveriges keeper på vei til Roma

    Etter hva Aftonbladet erfarer skal FC København ha blitt enig med Roma om et salg av den svenske målvakten Robin Olsen. Prislappen ligger på rundt 110 millioner kroner. Kjøpet skjer i lys av at Roma trenger ny keeper etter salget av Alisson Becker.

    svensk keeper
    Foto: Matthias Schrader / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Sport og musikk
Sport og musikk
Sport og musikk
Sport i dag
Sport i dag