- NRK følgde løpet direkte: Slik var 10 kilometer fristil i Lahti
– Akkurat no er det veldig kjipt. Skia mine pakka seg totalt, og eg tapte vel 25 sekund til Marit. Eg er skuffa og lei meg no, eg håpte på minst andreplass, seier Johaug til NRK.
- Sjå Marit Bjørgens innspurt nedst i artikkelen!
Jenta fra Dalsbygda kjempar ein desperat kamp for å halde på leiinga i verdscupen. Søndag leia ho på Marit Bjørgen til løpet var halvgått – så sa det stopp.
– Det var hardt, og treigare i sporet, men eg hadde svært gode ski og følte meg bra. Eg hadde mykje krefter mot slutten av løpet, fortel Bjørgen etter løpet.
OL-dronninga fra Sotsji regelrett knuste konkurrentane på dei siste kilometerane, Johaug inkludert.
– Eg er veldig fornøgd. I dag var alt perfekt, seier Bjørgen vidare.
Johaug tapte ekstra
Marit Bjørgen var suveren i siste del av løpet etter å ha passert bak Therese Johaug heilt fram til 8,4 kilometer.
Då var ho derimot 11,7 sekund framfor Johaug. I mål var forskjellen heile 27,6 sekund.
Dermed var det uansett klart at Bjørgen ville hente inn viktige poeng i verdscupen samanlagt. Så blei det fleire ekstra poeng. For mot slutten av løpet gjekk Charlotte Kalla glimrande, og i mål var Johaug 0,7 sekund bak den svenske jenta.
Etter løpet var Johaug tydeleg frustrert over å miste andreplassen.
– Du fightar for kula til slutt. Nokre poeng her og nokre poeng der blir litt til slutt, legg ho til.
Astrid Uhrenholdt Jacobsen blei nummer fire, 30,1 sekund bak, medan Heidi Weng blei nummer fem, 34,9 sekund bak.
Bjørgen stiller i alle løp
Etter løpet er det framleis firdobbelt norsk i verdscupen samanlagt, men Bjørgen nærmar seg Johaug.
Johaug er i leiinga med 1142 poeng, følgt av Bjørgen på 1002 og Uhrenholdt Jacobsen på 951. Weng ligg på fjerdeplass med 746 poeng.
- Verdscupen samanlagt, kvinner (Uhrenholdt Jacobsen står oppført med eitt poeng for mykje i NRK sine lister)
Det blir framleis tøft å hente inn Johaug, men Bjørgen slår fast at ho skal gi alt for å få det til.
– Eg vil prøve mitt beste og tenkjer å stille i alle løpa som står igjen, slår ho fast.
Det står igjen ein sprint i Drammen, ei tremil i Holmenkollen, same minitour i Falun.
– Det er mange renn igjen og må prøve å få med meg poenga eg kan, seier Therese Johaug.