Det melder Bjarmann sjølv eit lesarbrev i Romerikes Blad.
«Etter snart 25 år som ansatt som spiller og leder i LSK, så er det snart slutt. Det betyr at jeg over halve livet har levd med LSKs resultater på godt og vondt,» skriv Bjarmann.
Den avgåtte sportsdirektøren forklarer avgangen slik:
«Det finnes kun en årsak til jeg ønsker å avslutte jobben nå, og det er at jeg ønsker å få et mer tilnærmet «vanlig» familieliv».
– Tidspunktet å seie frå var no. Målet er å få eit tilnærma vanleg familieliv. Eg har levd med Lillestrøm i 25 år, og har håp om å styre nokre helger framover etter eigen lyst, seier Bjarmann til NRK.
Fekk huden full av LSK-trenaren
Avgjerda blei ikkje godt mottatt av Lillestrøm-trenar Arne Erlandsen.
– Det var han eg fekk mest kjeft av, seier Bjarmann.
– Kva sa han?
– Det egnar seg ikkje på verken TV, radio eller trykk, seier Bjarmann.
Lillestrøms styreleiar avviser at styret det har vore stemning for å fjerne Bjarmann som sportsdirektør.
– Vi haddfe lyst til å ha med han vidare, seier Lillestrøms styreleiar, Morten Kokkim.
– Kvifor ønska de han med vidare?
– Fordi han er vår mann i klubben. Det har ikkje vore spørsmål om noko anna for vår del, seier Kokkim.
Usikker på vegen vidare
Styreleiaren fortel at klubben foreløpig ikkje har nokon klar plan om korleis Bjarmann skal erstattast.
– Vi skal bruke den relativt gode tida vi har godt for å finne ut korleis vi organiserer klubben vidare. Om det blir å lyse ut ein tilsvarande stilling eller gjøre noko anna er altfor tidleg å seie, seier Kokkim.
Bjarmann skal vere tilknytta klubben fram til 31. oktober, fortel styreleiaren.