Gamletrenaren kritisk til overgangen: – Eg sa ho burde vente

Celin Bizet Ildhusøy (19) forlèt Vålerenga og signerer for ein av verdas største klubbar. Vålerenga-trenar Jack Majgaard Jensen meiner overgangen til Paris Saint-Germain kjem for tidleg.

Celin Bizet Ildhusøy held oppe drakta til PSG og smiler til kamera.

NY KLUBB: Bizet Ildhusøy klar for PSG.

Foto: PSG

Paris Saint-Germain bekrefta fredag overgangen på sine sosiale medium.

Vålerenga-trenar Jack Majgaard Jensen meiner ho gjer feil ved å dra til PSG.

– Eg har sagt til ho at ho burde vente. Fordi eg meiner ho er i gang til å utvikle seg på rett måte, men ho manglar framleis å få meir kontinuitet i spelet sitt og lage fleire målpoeng, med tanke på det talentet ho har, seier Majgaard Jensen til NRK.

Håpte ho skulle bli

Vålerenga-trenaren synest det er synd at ho reiser allereie no.

– Det er litt kjedeleg. Celin er i gang med ein gong utvikling. Personleg hadde eg håpa ho skulle bli lengre i klubben før ho prøver seg i europeisk fotball, men eg forstår sjølvsagt at ho vil prøve seg, no som moglegheita er der, seier Majgaard Jensen.

Majgaard Jensen tok over som hovudtrenar i Vålerenga i 2020. Han meiner Bizet Ildhusøy har mykje å utvikle.

MRNfWnoL-Kg

GAMLETRENAREN:

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Ho er under god utvikling, som ein kunne sjå hos oss, men ho er framleis ung. Ho er ikkje fast på det norske landslaget. Det er ein spennande spelar, men det er eit stort skritt å ta, fortel han til NRK.

Han ønsker likevel at det unge talentet skal lukkast.

– Eg håpar for Celin at det er lagt ein god plan for ho, så ho får lov til å få moglegheita til å lukkast.

Bizet Ildhusøy held drakta til PSG.

STORKLUBB: PSG informerte om overgangen på sine sosiale medium.

Foto: psg_feminines

Må jobbe seg inn i laget

Viss me skal tru Bizet Ildhusøy sjølv så har klubben lagt tydeleg fram at dei skal satse på ho.

– Eg er ung, som alle veit, og som PSG veit. Det handlar om å utvikle seg og vere viktig for laget no som det kjem mange kampar om gongen. Vi har prata om at eg skal vere ein spelar som kjem inn i laget, og som kanskje klarer å løfte laget, fortel ho til NRK frå eit hotellrom i Paris.

Celin Bizet Ildhusøy kikkar inn i kameraet frå hotellrommet i Paris.

HOTELLROMMET: Frå hotellrommet i Paris kunne Bizet Ildhusøy fortelje til NRK kvifor ho valde å gå til PSG.

Didier Ollé-Nicolle blei for nokre veker sidan ny hovudtrenar i klubben. Han tok over etter Olivier Echouafni. Det at laget har fått ny trenar trur Bizet Ildhusøy at kan slå positivt ut for ho.

– Det blir nye friske auge som kjem til å vere opne for mange andre, også, fortel ho frå hotellsenga i Paris.

Hadde fleire tilbod

Nettavisen skreiv onsdag at ho var einig om ein overgang til den franske klubben, og at det skal dreie som eit millionbeløp.

Ho har fått draktnummer 17 i klubben som vann ligaen førre sesong, eitt poeng framfor Ada Hegerberg sitt Lyon.

– Det kjennest stort. Det er eit veldig stort augeblikk og det er ein draum eg har hatt lenge, å signere for ein så stor klubb som PSG. Eg veit det kjem til å bli tøft, men det er veldig spennande, seier ho til NRK.

Kontrakten med storklubben strekker seg fram til 2024.

Ho kom til Vålerenga i 2019, og har etter kvart blitt eit av dei største talenta i norsk fotball. I 2020 vann ho cupen og Toppserien med blåtrøyene.

Toppserien fotball 2021: Vålerenga - Arna Bjørnar (2-0)

DRAR: Bizet Ildhusøy drar frå Vålerenga.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Stortalentet er open om at ho hadde fleire alternativ, men da PSG kom på banen bestemte ho seg raskt.

– Det var slik at det var det beste tilbodet eg fekk, og då var det berre å gripe sjansen og ta den moglegheita eg fekk.

– Kva slags andre tilbod hadde du på bordet?

– Det var litt andre franske klubbar, som ikkje var spesielt passande for meg. Så kom PSG og det var veldig kult, seier Bizet Ildhusøy.

Siste nytt

  • Everton ute etter straffedrama

    Etter åtte rundar med straffespark var cupbomba eit faktum; QPR slo ut Everton av den engelske ligacupens tredje runde.

    Tom Davies bomma på straffe for Everton og Jimmy Dunne kunne sørge for at OPR er klar for fjerde runde.

    Ved full tid stod det 2–2 mellom laga.

    Også mellom Fulham og Leeds gjekk det til ein dramatisk straffesparkkonkurranse, men etter seks rundar kunne Leeds-fansen sleppe jubelen laus.

    Carabao Cup - Third Round - Queens Park Rangers v Everton
    Foto: Peter Cziborra / Reuters
  • Reserven tok Liverpool vidare

    Liverpool tok seg komfortabelt vidare til den fjerde runden i ligacupen etter at dei slo Norwich 3-0. Takumi Minamino vart kveldens store spelar for gjestane med to mål. Også Divock Origi kunne setje seg på scoringslista. Når Norwich i tillegg bommar på straffe var dei aldri nær ved å utfordre eit reserveprega Liverpool.

    Manchester City tok seg også lett vidare etter at dei slo Wycombe 6-1.

    Carabao Cup - Third Round - Norwich City v Liverpool
    Foto: Paul Childs / Reuters
  • Norge gjere tre endringar i laget

    Sjögren gjer tre endringar frå torsdagens kamp. Forsvarstrearen er uforandret, medan Eikeland og Syrstad Engen, kjem inn for Haavi og Bøe Risa på midtbana. Utland erstattar Sævik på topp.

    Her er laget:

    Cecilie Fiskerstrand – Tuva Hansen, Guro Bergsvand, Maria Thorisdottir – Amalie Eikeland, Ingrid Syrstad Engen, Frida Maanum, Julie Blakstad – Caroline Graham Hansen, Guro Reiten – Lisa-Marie Karlseng Utland

    Fotball VM-kvinner 2019.
    Foto: Terje Bendiksby

Sendeplan

Kl. Program Kanal