– Den franske svømmaren drog meg under vatn, sa Rachele Bruni rett etter målgang.
Medan nederlandske Sharon von Rouwendaal kunne ta det roleg dei siste meterane inn mot mål, vart det ein skikkeleg kamp då tre symjarar skulle slåst om sjølvmedaljen.
For det blei verkeleg ein slåstkamp i det franske Aurelie Muller svømte feil rett før målstreken. Det førte til at ho brått måtte endre kurs, og drog italienske Rachele Bruni under vatn.
Diskvalifisert
Det gjorde at franske Muller dunka først av dei to på brettet over målstreken, medan Bruni slo oppgidd ut med armane.
SØLVVINNAR: Rachele Bruni fekk etter kvart vite at ho fekk sølvmedalje i dagens maratonsymjing.
Foto: LEON NEAL / Afp– Ho stoppa meg frå å ta på brettet, sa Bruni til italiensk media etter ho kom i mål.
Også TV 2s ekspertkommentator Sander Smørdal reagerte på manøveren.
– Ho blir jo heldt igjen og tar ned Bruni. Ho ligg oppå ho og held ho igjen, skreik kommentatoren.
Juryen brukte ikkje lang tid på å diskvalifisere Muller, og gi sølvmedaljen til Bruni.
– Ho drog ned armen min rett før mål, so eg er glad for avgjerda til dommarane, sa Bruni til italienske La Gazzetta.
Diskvalifiseringa førte også til at heimehåpet Poliana Okimoto frå Sao Paula fekk bronsemedalje.
Det franske laget bestemte seg raskt for å anke diskvalifiseringa, men den blei avvist av juryen.
Siste i samlinga
Dette er den første OL-medaljen til Bruni, som har 6 EM-gull frå før.
– Endeleg kom medaljen. Eg er glad, og har jobb hardt for dette. Medaljen er betaling for alt eg har ofra.
No skal derimot Bruni tenkje på heilt andre ting enn idrett den neste tida.
– Eg skal på feire. Mykje ferie. Kanskje finn eg tid til å gå på stranda også.
Også gullvinnar Sharon Van Rouwendaal var godt nøgd etter konkurransen.
– Det er ei utruleg kjensle, det var vore eit vanskeleg år for meg.
MATSTASJON: Her er italienske Bruni på veg fordi matstasjonen undervegs i maratonsymjinga.
Foto: Felipe Dana / Ap