Friski-stjerna reiser heim til Noreg med eit historisk OL-gull i big air og ein femteplass i slopestyle. Det er 21-åringen fornøgd med, sjølv om han gjerne skulle køyrt endå betre i slopestyle-finalen onsdag.
– Det vart litt rot i dag, men eg har gjort alt eg kan og køyrde for eiga skiglede. Eg er ein lykkeleg mann og forlèt OL med eit stort smil, seier Ruud til NRK.
Men to OL-øvingar er eigentleg ikkje nok for nordmannen.
Neste OL fortel Ruud at han gjerne vil delta i ein tredje friski-disiplin, nemleg halfpipe, om ikkje han rett og slett byter idrett innan den tid.
Skal køyre meir halfpipe
Ruud har tidlegare køyrt verdscup og VM i halfpipe, men har ikkje fått prioritert halfpipe-køyring det siste året, mykje på grunn av covid.
– Han var vel òg den første til å gjere «dobbel 16» i konkurranse i halfpipe, og det har jo vorte eit triks som dei beste vinn med no. Så det krev berre at ein får nokre fleire timar i halfpipen, fortel sportssjef Christoffer Schach.
– Eg kjem nok til å køyre meir av det framover. Utan tvil. Eg må jo komme meg i toppen av halfpipe etter kvart òg, slik at eg har alle tre. Det er det ikkje så mange som har gjort, og då er ein «overall» bra skikøyrar, seier Ruud.
– Så neste OL, da skal vi sjå deg i halfpipen?
– Ja, vi får sjå. Viss ikkje eg køyrer snøbrett, då.
– Rå på brett
Ruud er nemleg usedvanleg god òg på brett.
Han har lagt ut videoar på Instagram som har imponert sjølv rutinerte snøbrettkøyrarar, og talentet hans utanom skikøyringa har gjort seg merka i miljøet.
– Birk har absolutt talent for snøbrett. Eg har fått med meg det han har lagt ut på sosiale medium, seier landslagssjef for snøbrettkøyrarane, Per Iver Grimsrud, og fortel at han spøkte om at Ruud kunne vere reserve for dei i OL.
– Det overraskar meg ikkje. Birk er heilt rå på snøbrett og, så det blir spennande å sjå. Han nemnde at han hadde lyst til å køyre NM, seier Ruud sin lagkamerat Ferdinand Dahl.
Vil delta i NM
Etter å ha late inntrykka frå OL-suksessen søkke inn, og kopla av litt heime i Noreg, har Ruud planen klar for resten av sesongen.
– Eg er dritgira på å køyre NM i snøbrett. Så skal eg køyre dei tre siste verdscupane i slopestyle. Eg har framleis moglegheita til å vinne verdscupen i slopestyle, det har eg ikkje gjort før, fortel Ruud.
– Blir det både friski og snøbrett neste OL då?
– Nei, det blir nok ein av delane. Det er viktig å gjere det som kjennest rett, så det får vi sjå på, seier 21-åringen.
Uproblematisk for landslagssjefen
Landslagssjefen for friski er ikkje bekymra for at Ruud skal prioritere tid på brett framover.
– Eg synest det berre er gøy at han utforskar og alt det der er god trening innanfor koordinasjon og meistring av kroppen, så det er eigentleg berre fordelar med utøvarar som har eit breitt spekter med aktivitetar, seier Schach.
Samtidig seier snøbrett-sjefen at han håpar å sjå Ruud med brett på beina, i konkurranse, etter OL.
– Om han vil prøve seg meir på snøbrett framover så trur eg han kan verkeleg få til noko om han prioriterer det. Han er velkommen til å delta på NM, fortel Grimsrud.