19 år gamle Mbappé er tiltenkt ei sentral rolle på eit Frankrike-lag som er sett på som ein av favorittane i årets fotball-VM. Derfor grøssa mange då angriparen halta av treninga tysdag med ein ankelskade.
Skaden kom under ei open trening i den russiske byen Istra. Mbappé gjekk i bakken etter eit samanstøyt med forsvarsspelaren Adil Rami. Mbappé fekk etter kvart hjelp frå hjelpetrenar Guy Stephan og andre frå Frankrike sitt støtteapparat.
Ukjent omgang
Ifølgje avisa The Telegraph, som melder om skaden, er omfanget så langt ukjent. Ingen i det franske fotballforbundet skal ha gitt noko informasjon om skaden. Mbappé, ein sentral spelar for det franske storlaget PSG sesongen som var, gjekk ut på Twitter seinare på kvelden og skreiv at skaden ikkje er veldig alvorleg.
Skaden til Mbappé er uansett ikkje den einaste som har uroa den franske fansen før VM. Også Chelsea-spissen Olivier Giroud er i trøbbel etter ein hovudskade han fekk i ein treningskamp mot USA søndag, men ifølgje Daily Mail er han i rute til å rekke VM-opninga mot Australia laurdag.
Sterke offensivt
Dessutan er Real Madrid-spissen Karim Benzema ikkje lenger med på landslaget, grunna ein konflikt med trenar Didier Deschamps.
Men Deschamps har likevel andre sterke angriparar å velje mellom, ikkje minst Antoine Griezmann, Atletico Madrid-spelaren, som ifølgje The Telegraph kan hamne i Barcelona denne sommaren. Men det vil ikkje Griezmann snakke om få dagar før Frankrike sin opningskamp mot Australia.
– Vi veit vi er gode offensivt og kan straffe alle lag til alle tider, men vi må også vere sterke defensivt, seier Griezmann til The Telegraph.
Frankrike møter også Åge Hareides Danmark og Peru i gruppespelet.
PS. VM startar allereie torsdag når vertsnasjonen Russland tek imot Saudi-Arabia klokka 17.00. Kampen går direkte på NRK1.