NRK Meny
Normal

Suzann snubla på slutten

Suzann Pettersen var i ferd med ei sterk opphenting. Så snubla ho.

Suzann Pettersen
Foto: Hunter Martin / AFP

Etter ein litt svak start på LPGA-turneringa i Sout Carolina med eitt slag over par torsdag, opna ho sterkt på fredagsrunden.

Etter 10 hol hadde ho tre birdiar, og låg dermed to over par totalt.

Men på hol 11 kom dagens første bogey. Ingen fleire birdiar melde seg, og på det siste holet kom ein ny bogey.

Dermed vart dagens resultat berre eitt under par, og ho er på par samanlagt midtveges i turneringa. Ho spela seg likevel fram til ein 20. plass

Det var likevel aldri nokon fare for at ho ikkje skulle klare kutten. Alle med 4 over par eller betre får vere med også dei to siste dagane.

Siste nytt

  • Ajeti-mål i Allsvenskan

    Bajram Ajeti scoret for Brommapojkarna da de tapte 1–3 mot Malmö FF i et oppgjør i Allsvenskan mandag. Det er nordmannens andre mål denne sesongen.

    Ajetis lag ligger nest sist etter én seier på de fem første kampene.

    Bajram Ajeti
    Foto: Lillestrøm Sportsklubb
  • Seriemeister etter anke-avslag

    AEK er gresk seriemeister etter at PAOK i dag tapte anken etter banestorminga i mars.

    PAOK blei trekt 3 poeng etter at klubbeigaren demonstrerte mot ei dommaravgjerd ved å storme bana med ein pistol.

    No blir poengstraffa ståande, og AEK har 8 poengs leiing på PAOK med to kampar att.

    Ivan Savvides, PAOK-eier
    Foto: HANDOUT / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Mesterligaen: Semifinale Liverpool - Roma