Berre ein gong sidan Kåre Ingebrigtsen blei trenar i Brann, har klubben vunne ein kamp. Det var bortekampen mot nettopp Stabæk, som nesten hadde teke revansj i vindfulle og gjennomvåte Bergen i kveld.
– Vi ser på tabellen, og kan ikkje anna enn å ha fokus på oss sjølv. Vi ser også at vi treng å ta til å vinne fotballkampar. Vi har for høge skuldrer no. Vi treng å finne roa og jobbe betre saman.
– Eg hadde håpa vi var komne lenger enn det vi er no. No handlar det ikkje om å spele fancy fotball, det handlar om å få med seg poeng, sa Ingebrigtsen til NRK etter kampslutt.
– Brann hadde sine periodar, men det var Stabæk som var nærmast siger, sa kommentator Tor Ole Skullerud i Eurosport.
Første omgang blei sjansefattig, men Fredrik Haugen trefte tverrliggaren med eit langskot.
Stabæk tok leiinga ved Oliver Edvardsens scoring eit drygt kvarter etter pause. Då hadde dei godt grep om kampen, og kunne avgjort det heile.
Utlikninga kom etter corner. Daouda Bamba leverte til Kristoffer Barmen, som skalla inn utlikninga. Det gav eit nødvendig poeng.
Barmen var også med Brann i 2014 då det blei nedrykk. Han trur ikkje tabellsituasjonen i dag pregar troppen slike mykje.
– Alle i garderoben har stor tru på at dette skal gå bra.
Brann er nummer 13 i eliteserien, rett over kvalikplassen.