– Den tidlegare IBU-presidenten (Anders Besseberg, red.merk.) er ikkje villig til å stille til intervju med kommisjonen før sakene er avslutta i politiets etterforsking i Austerrike og Noreg. Konsekvensen av dette blir at kommisjonens rapport kjem til å bli forseinka, skriv kommisjonsleiar Jonathan Taylor.
IBUs uavhengige granskingskomité la tidlegare denne månaden fram ein mellombels rapport om arbeidet med å sjå på korrupsjonsbeskyldningane mot forbundet. Det er der dei seier at Besseberg og hans tidlegare sekretær Nicole Resch ikkje har ville late seg intervjue enno, melder insidethegames.biz.
Bessebergs advokat opplyser til NRK at hans klient har forklart seg for politiet, og at dei forklaringane også er sendt til IBU.
Besseberg og Resch er mistenkte og sikta for grov korrupsjon. Det starta med ein razzia i lokala til IBU i februar 2018. Begge to gjekk av då politietterforskinga mot dei tok til.
Begge nektar for å ha vore innblanda i noko ulovleg.
Saka har i over to år vore granska av austerriksk politi. Men i mai i år overtok Økokrim granskinga av Besseberg.
– Spør norsk politi
Ettersom nordmannen vil vente med å la seg intervjue, forsinkar det arbeidet til IBUs kommisjon. Dermed er det umogleg å si noko om når granskinga av forbundet blir klar.
– Kan du antyde når det vil skje?
– Eg skulle ønskje eg kunne det, men nei. Det må du spørje norsk politi om, seier Taylor til NRK.
Det har ikkje lykkast NRK å kome i kontakt med Anders Besseberg.
Men Bessebergs advokat Norbert Wess seier i ein SMS til NRK at hans klient har samarbeidd med påtalemakta i Austerrike og forklart seg detaljert der.
– Desse forklaringane har vi også sendt til IBU. Men min klient vil ikkje la seg intervjue av IBUs granskingskommisjon. Det vil vi først gjere når den offentlege etterforskinga er avslutta, skriv Wess.
Økokrim: Veit ikkje når etterforskinga er ferdig
Økokrim ønskjer ikkje å kommentere nærmare detaljar i etterforskinga, heller ikkje når ho kan vere ferdig.
NRK har tidlegare skrevet om korleis ein sak av dette kaliberet kan ta mange år og at det i teorien ikkje er nokon tidsavgrensing for kor lang tid etterforskinga kan ta.
Dette fordi økonomiske straffesaker ofte er kompliserte og det er omfattande rettslege spørsmål som må avklarast, seier førstestatsadvokat Trude Stanghelle i Økokrim.
– Besseberg er sikta for grov korrupsjon. Saka gjeld mistanke om at Besseberg har mottatt mogelege mutingar frå leiarar i det russiske skiskyttarforbundet. Det må gjennomførast fleire etterforskingsskritt i utlandet, der norsk politi i svært liten grad har høve til å påverke tidsbruken. Vi ventar på også omsetjing av ei rekke dokument frå styresmaktene i Austerrike, skriv Stanghelle i ein e-post til NRK.
Ho seier også at Økokrim har sett inn dei ressursane som dei har funne nødvendige, men kan dessverre ikkje seie noko om når etterforskinga vil vere avslutta.
IBU-kommisjonen melder likevel om framgang i granskinga, og har hatt samtaler med åtte vitne, og hatt skriftleg kontakt med fleire andre. Dei seier også at dei har godt samarbeid med det russiske antidopingbyrået RUSADA, og fått nyttige opplysningar derfrå.
Mellom dei er potensielt viktige vitne som er basert i Russland, heiter det i rapporten.