- Slik var:
Hødd gav alt i returkampen i Kasakhstan, men etter 180 minutt med europacup blei det 2-1 til kasakhstanske FC Aktobe.
Tidleg opp i leiinga
Det var kamp om billettane i Aktobe, og rundt 13.000 menneske strøymde til før kampstart. Då signalet gjekk klokka 18.00 storma heimelaget i angrep.
Etter fleire nesten-sjansar kom 1-0 etter seks minutt. Heimelaget angreip, og i duell med Jesper Törnqvist og Steffen Moltu fekk Sergey Davidov rota med seg ballen. Åleine med Hødd-keeper Andreas Lie la Aktobe-spelaren ballen i mål.
FC Aktobe pressa vidare, men etter rundt 15 minutt tok kasakhstanarane det litt meir med ro. Hødd kom etter kvart meir med i kampen, men dei store sjansane har hamra mot bortemålet.
Heimeleiinga med 1-0 stod seg til pause.
Betre med, men så kom kalddusjen
Mot slutten av første omgang hadde Hødd funne flyten, og den tok dei med seg inn i andre omgang. Blåtrøyene frå Ulsteinvik pressa så lett, og kom til halvsjansar og farlege frispark.
Aktobe tok derimot over igjen, og i det 61. minutt kom 2-0. Sergey Davydov var på plass i feltet etter eit innlegg, og heada inn scoring nummer to for kvelden.
Heimelaget var svært nære 3-0 etter 72 minutt, men åleine med Lie klarte kasakhstanarane å bomme.
Hødd pressa på, og kom til fleire skot på mål utover i andre omgang, men tre minutt på overtid gjekk sluttsignalet og europadraumen var over for fjorårets cupmeister.
To sentrale spelarar fekk ikkje visum
Trass i Hødd sin
, var laget underdog før bortekampen mot det kasakhstanske eliteserielaget FC Aktobe.- Les også:
Då to av Hødd sine mest sentrale spelarar, i Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu,
, blei oppgåve plutseleg endå nokre hakk vanskelegare.Likevel, før kampen var Hødd optimistar:
– Dersom alle presterer opp mot toppnivå, og treff godt med kampstrategien kan det gå vår veg,
.Defensivt ut
Med midtbaneanker Heltne Nilsen og høgreback Latifu heime i Noreg, valde Hødd å gå ut i ein 5-4-1-formasjon.
Hødd (5-4-1): Andreas Lie - Andreas Rekdal, Tobias Nygård Vibe, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben Kenneth Brandal - Pål André Helland, Erik Sandal, Fredrik Aursnes, Joachim Magnussen - Espen Standal.