Berre Bjørndalen har vore like ekstrem: – Tek val som ingen andre vil ta

SOGNSVANN (NRK): Få eller ingen norske utøvarar tek meir ekstreme val enn Sondre Nordstad Moen. Før OL i Tokyo kjem han til å vere mindre enn 20 dagar i Noreg for å auke medaljesjansane

Sondre Nordstad Moen på OLT

OL-DRAUM: Sondre Nordstad Moen ofrar det meste anna når han startar den ekstreme oppkøyringa mot Tokyo-OL i juli neste år. Sjølv synest han ikkje opplegget er ekstremt.

Foto: Erik Johansen / NTB Scanpix

Mens du framleis gomlar i deg julemat, set maratonløpar Sondre Nordstad Moen seg på flyet til Kenya 3. juledag.

Du har hatt påskeferie før Nordstad Moen har vore tilbake i Noreg. Fram til slutten av april og London maraton er han på reise.

2. juledag er det 210 dagar igjen til OL i Tokyo som startar midt i fellesferien. Over 180 av dagane kjem 28-åringen til å vere på høgdeopphald.

Sondre Nordstad Moen i baris i Afrika

I AFRIKA: – Eit unikt treningsmiljø, seier Nordstad Moen om Kenya. Her frå treningssamling i 2017 med tidlegare løpar og treningskamerat Sindre Buraas.

Foto: Sindre Buraas / NRK

Meiner berre Bjørndalen er i nærleiken

Han ofrar alt for å vere best rusta til å ta medalje i Japan.

Det viser at han er ein heilt ekstrem utøvar. Ein utøvar me knapt har sett maken til i Noreg. Han tek val som ingen andre vil ta for å gjere det best mogleg i OL, seier NRKs friidrettskommentator og sjølv maratonløpar, Jann Post.

Jann Post

NRKs KOMMENTATOR: Jann Post er supermosjonist og har trent mot dei største maratonløpa verda rundt dei siste åra. Her frå New York maraton i 2017 der han sprang på 2.32.53.

Foto: Privat

Han meiner det berre er Ole Einar Bjørndalen som er i nærleiken av å vere like ekstrem i prioriteringane som Moen av norske utøvarar.

– Det blir ein til to dagar i månaden i Noreg over sju månader. Du kan jo tenkje deg sjølv, det blir ikkje lett å få fleire vener i den perioden der iallfall, seier Post, som meiner ingen andre utøvarar i den norske troppen vil vere så mykje borte.

– Hjelper å ha folk som drep seg på trening

Skal han lykkast på maratondistansen Tokyo meiner Moen han ikkje har alternativ. Spesielt med tanke på treningsforhold og klima, men også for konsentrasjonen.

– Ein som meg har litt vanskeleg for å konsentrere seg i alt rundt springinga når eg er heime i Oslo. Det er ikkje det at eg er den som er ute og festar i helgane. Eg er flink til å seie nei til mange ting. Nå blir det heller at eg prøvar å få meir igjen for den vesle tida eg er heime.

Den tida har han stort sett unnagjort nå i jula. I desember kom han heim frå eit fire månader langt opphald i høgda som blei avslutta med maraton i Valencia.

Tida var ikkje heilt som han håpa (2.06.17), men var ein viktig del av den store planen om OL-medalje.

Da er både treningsforholda og ikkje minst dei afrikanske løpsstjernene han får trene med i Kenya svært viktige ledd.

Sondre Nordstad Moen

TRENING I HØGDA: I Kenya har han vore i mange år på lange treningsopphald. Moen har stor tru på høgdetrening og meiner han har blitt litt bortskjemt på gode løpeforhold.

Foto: Sindre Buraas / NRK

– Det hjelper å ha med folk på dei spesifikke øktene som kanskje ikkje er betre enn deg, men som drep seg litt på trening på øktene du treng, gliser Moen og legg til:

– Mange av dei har ikkje omgrep på kva som er raskt. Dei tek ikkje stilling om denne farta er mogleg å springe på eller ikkje. Det kan hjelpe meg til å nå eit nytt nivå.

Afrikanarane trur han er ferdig

I Kenya meiner Moen han får påfyll av den mentaliteten han treng på maratondistansen. Mykje av treninga gjer han aleine, men får også selskap av konkurrentar frå Sverige og Tyskland.

Han er med på øktene utan at kenyanarane ser på han som ein stor konkurrent.

– Eg trur dei såg på meg som ein konkurrent for to år sidan. Nå trur eg dei har begynt å avskrive meg litt.

Sondre Nordstad Moen

TRENING I HØGDA: I Kenya har han vore i mange år på lange treningsopphald. Moen har stor tru på høgdetrening og meiner han har blitt litt bortskjemt på gode løpeforhold.

Foto: Sindre Buraas / NRK

Grunnen er den tunge perioden etter det store gjennombrotet i Japan i 2017.

I Fukuoka maraton sette han europeisk rekord med tida 2.05,48, som framleis er den beste tida av ein europear fødd i Europa (Kaan Kigen Ozbilen, Tyrkia, fødd i Kenya har rekorden nå på tida 2.04.16).

Ein skade som han ikkje tok alvorleg nok sette han ut i fire månader i 2018. Da han var tilbake blei han litt for ivrig og gjekk på ein ny smell sist vinter.

Trur OL-medalje er realistisk

Etter ein problemfri haust trur Jann Post at han har eit medaljehåp på maraton om oppkøyringa går som planlagt.

– Det er ei ekstrem vanskeleg øving å ta medalje på. Men Galen Rupp som tok medalje i OL sist, har springe saktare enn Sondre på maraton. Han er i det landskapet på 10–15 personar som kan ta medalje, meiner Post.

Sondre Nordstad Moen i OL

DEBUT: I Rio i 2016 debuterte Moen i OL med ein 19.-plass på maraton med tida 2.14,17. Da var han halvanna minutt bak hans daverande personlege rekord.

Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

I maratonplanen han la lenge før Rio-OL (19.-plass) stod det medalje i Tokyo på den siste sida.

Viss eg kan vere i form til å springe rundt 2.05 og vere varmeakklimatisert kan det bli bra. Om eg spring smartast av alle kan det vere mogleg å kjempe om medalje, seier Moen.

Siste nytt

  • Lurås Oftebro med full kontroll

    Jens Lurås Oftebro hadde etter hvert full kontroll på duellen mot Flatla og de andre kombinertkonkurrentene på 10 kilometer på Sjusjøen.

    Dermed kopierte han Ruka, der han vant i samme øvelse.

    Han gikk inn til mål med god margin ned til andreplassen, som ble kapret av hans bror, Einar Lurås Oftebro.

    Verdenscupleder Jarl Magnus Riiber har valgt å stå over rennene i Lillehammer. Han vil spare et kne som han har slitt med siden i sommer.

    FIS World Cup Ruka Nordic
    Foto: Emmi Korhonen /lehtikuva / NTB
  • Svensk venstreback til RBK

    Rosenborg henter den svenske venstrebacken Jonas Augustinsson fra Djurgården.

    24-åringen har skrevet en fireårskontrakt med Rosenborg og slutter seg til troppen når sesongoppkjøringen starter i januar.

    Jonas Augustinsson
    Foto: Rosenborg Ballklub
  • Westvold Hansen suveren

    Kombinerttalentet Gyda Westvold Hansen hoppet best i første del av kombinert på Sjusjøen. Hun var også raskest på fem kilometer langrenn, og det gjorde at hun vant konkurransen med halvannet minutt foran Marte Leinan Lund på andreplass.

    Søster Mari Leinan Lund tok tredjeplassen.

    Norgescup langrenn Lillehammer
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal