Tyske Andrea Henkel var suveren, og slo heile Noregs-eliten i sesongoppkøyringa på Sjusjøen.
Den norske favoritten i Tora Berger skaut seg ut av sigerskampen allereie på første skyting, noko vinnaren ikkje hadde fått med seg.
– Det er første gong eg høyrer, det er uvanleg for henne, seier Henkel når NRK fortel om Bergen sine tre bom på liggande skyting.
Sjølv skaut Henkel fullt på liggande, og den tyske veteranen var sjølvsagt svært fornøgd med sesongopninga.
Framfor den viktige OL-sesongen ser den tyske utøvaren på fjorårets VM-dronning som alt annan enn uovervinneleg.
– Tre bom kan skje alle. Tora er berre eit menneske ho òg, slår Henkel fast.
Overivrig Berger
Tora Berger plaffa derimot ned alle fem blinkane på den ståande skytinga, og gjekk som vanleg lynraskt i sporet. Det heldt til sjetteplass.
– Eg var litt for ivrig i starten, og merka at det var frykteleg artig å starte igjen.
– Det dreg eg med meg inn på standplass, og sjølv om eg prøver å roe ned, så klarer eg ikkje heilt å få det til. Det er kanskje greitt med tre bom, og så får eg skjerpe meg til i morgon, slo Berger fast i prat med NRK etter løpet.
Berger sjølv var skuffa etter opninga, men tek med seg både den kjappe skigåinga og ei solid andre skyting.
– Eg har ein god eigenskap og klarer å ta tak i meg sjølv når det glepper på liggande. Eg skjerpa meg og det gjekk bra på ståande, sa Berger.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
Oppløftande tredjeplass
Medan Berger skuffa, var resultatet til fleire andre norske oppløftande. Henkel var suveren på førsteplass og vann 25 sekund framfor franske Marie Dorin Hobert. På tredje- og fjerdeplass blei det derimot norsk.
Ann-Kristin Flatland enda éin hundredel framfor Tiril Kampenhaug Eckhoff, og var godt fornøgd med tredjeplass i sesongopninga.
– Eg synest det var eit bra løp eigentleg. Eg hadde éin bom på skytinga og gjekk bra på ski synest eg, seier ho til NRK etter løpet.
Ho var derimot mest fornøgd med den ståande skytinga, der det blei fem treff.
– Eg stod og kjempa og brukte lang tid, men dei datt ned og det er eg fornøgd med.
Flatland hadde like mange bom som Henkel på førsteplass, men gjekk saktare i sporet. Sjølv fortel ho at ho var stokk stiv.
– I siste runda kjende eg at eg gjekk på ein smell. Eg fekk det litt i bakken på slutten, så eg hadde stive føter, fortel Flatland.
Resultat andre norske:
11. Marte Olsbu (+1:12.9). 14. Kaia Wøien Nicolaisen (+1:25.7). 17. Bente Losgård Landheim (+1:43.7). Hilde Fenne (+1:47.2). 21. Synnøve Solemdal (+.1:53.9). 23. Ane Skrove Nossum (+.2:04.5). 25. Fanny Welle-Strand Horn (+2:10.1). 28. Elise Ringen (+2:21.3). 29. Frida Strand Kristoffersen (+2:27.4). 33. Birgitte Røksund (+2:49.5). 35. Jori Mørkve (+2:51.5). 36. Maria Nørstebø (+2:51.7). 42. Thekla Brun-Lie (+3:11.9). 43. Vilde Ravnsborg Gurigard (+3:14.8). 44. Marion Rønning Huber (+3:15.6). 46. Ingvild Sangesland (+3:27.2). 48. Kristin Sandeggen (+3:51.3). 51. Rikke Hald Andersen (+3:59.8). 53. Sofie Rostad (+4:19.4). 54. Lotte Lie (+4:27.7). 56. Nina Støvern (+4:46.2). 60. Karoline Næss (+5:16.4). 61. Charlotte Olstad Fossli (+5:25.6). 62. Anne Myrberg Landrø (+5:26.2). 63. Sigrid Bilstad Neraasen (+5:27.0). 64. Karianne Grue Tufe (+.5:47.8). 67. Heidi Berlandstveit (+6:41.5). 69. Marianne Bergli (+9:58.1).