NRK Meny
Normal

Vil ikkje tenkje på verdscupen samanlagt

POKLJUKA/OSLO (NRK.no): Skarve 42 poeng skiller første- og tredjeplass i verdscupen samanlagt med sju konkurransar igjen. Laurdag knappa Kaisa Mäkäräinen (31) innpå leiiande Tora Berger (32).

Tora Berger ble slått av Kaisa Mäkäräine under dagens jaktstart.

Kaisa Makarainen var sterkast i Slovenia laurdag. Tora Berger gjekk seg derimot opp frå sjette- til andreplass på jaktstarten.

– Det følest veldig godt. Det er to år sidan sist, så det har vore tider der eg har tenkt om eg nokon gong skulle vinne igjen. Men i dag viste eg at eg kan, seier Berger sin finske konkurrent Kaisa Mäkäräinen.

Berger, Mäkäräinen og Wierer.

Kaisa Mäkäräinen (i midten) kunne juble for sin første siger sidan 12. februar i Kontiolahti 2012. Her saman med Tora Berger (t.v.) og Dorothea Wierer.

Foto: Rene Gomolj / Afp

Ho leiar jaktstartcupen og går med raud trøye. I Pokljuka laurdag var ho hakket vassare enn resten.

No er Mäkäräinen i tillegg berre seks poeng bak Berger i verdscupen samanlagt. Kampen om den gule trøya er derimot ikkje ein enorm trigger for Berger.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det eigentleg. Eg må ha fokus på meg sjølv og kva eg skal gjere, så får vi sjå kor det blir til slutt, fortel Berger til NRK.

– Men du har lyst å vinne den gule trøya?

– Ja, men eg har funne ut at det beste måten for meg å kunne klare det på, er ved å ikkje tenkje så mykje på det, seier 32-åringen, som må seie seg einig i at ho kler den gule trøya.

Tora Berger

Tora Berger leiar no samanlagt med minst mogleg margin.

Foto: Darko Bandic / Ap

Blir jaga av OL-dronninga

På jaktstarten blei Berger blei nummer to, 19,7 sekund bak Mäkäräinen. Italienske Dorothea Wierer blei nummer tre.

Darya Domratsjeva tok fjerdeplassen, medan Tiril Eckhoff blei nummer fem.

Samanlagt i verdscupen har Berger no 553 poeng, følgt av Mäkäräinen på 547. Domratsjeva på tredjeplass har 511 poeng, 42 bak Berger.

Domratsjeva på si side er truleg litt nedfor over at OL ikkje tel i verdscupen i år. Som kjent var den kviterussiske utøvaren suveren i Sotsji.

– Eg har ein sjanse, men Tora og Darya har også sjansen. Det blir spennande. Med sju løp igjen kan alt skje. Eg er glad for at vi har tre løp i Kontiolahti, seier Mäkäräinen - som då får gå på heimebane.

Sist den finske 31-åringen vann var nettopp i Kontiolahti, 12. februar i 2012. I tillegg til tre løp i Finland er det fellesstart i Slovenia i morgon, samt tre avsluttande løp i Holmenkollen 20. til 23. mars.

Såg dårleg ut etter første skyting

I Slovenia laurdag gjekk Berger ut som nummer seks, 36,2 sekund bak austerrikske Katharina Innerhofer - som overraskande vann sprinten.

Ut før Berger gjekk også Daria Virolaynen, Nadezhda Skardino, Wierer og Makarainen. Før løpet var Makarainen 12 poeng bak samanlagt. Like bak Berger, på sjuandeplass, gjekk Tiril Eckhoff ut.

Tora Berger

Tora Berger blei nummer to på jaktstarten laurdag.

Foto: Rene Gomolj / Afp

Inn til første skyting var avstanden like stor opp til teten, men medan både Makarainen, Innerhofer og Virolaynen skaut fullt, bomma både Berger og Eckhoff. Ut frå første skyting var Berger over eitt minutt bak på åttandeplass.

Eckhoff passerte ut som nummer seks etter første skyting. Etter ein ny bom på andre skyting passerte ho derimot ut som nummer sju.

Berger på si side skaut fullt, men det gjorde Makarainen òg. Berger gjekk ut som nummer fem, 48,8 sekund bak. Innerhofer, Virolaynen og Wierer var alle framfor.

Fokusert under vanskeleg forhold

Berger hadde langt frå ein perfekt dag i sporet i Slovenia, og tapte over ti sekund mellom andre og tredje skyting til Makarainen.

På tredje skyting skaut derimot den finske konkurrenten både sakte og éin bom. Og medan alle andre framfor Berger bomma to, klarte ho seg med eitt bomskot.

Ut frå ei tredje skyting under vanskelege forhold, var 32-åringen nummer to - 41,5 sekund bak.

Berger tapte stadig tid til den finske konkurrenten i sporet. Då Makarainen bomma éin gong på siste skyting augna derimot Berger håpet etter fullt hus.

Det blei derimot for tøft i sporet og den norske samanlagtleiaren måtte gi tapt. Dermed gjekk avstanden i verdscupen samanlagt frå 12 til seks poeng.

– Det blei to bom for mykje, men fysisk er det greitt. Eg har litt å gå på, men det fungerer greitt og kjennest ut som eg har overskot, fortel Berger etter andreplassen.

Eckhoff blei altså nummer fem, medan Fanny Welle Strand Horn og Marte Olsbu blei 26 og 28.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal