Ein av Noregs mest meriterte fotballspelerar André Bergdølmo er klar på at det er noko heilt spesielt å spele for den tyske klubben Borussia Dortmund. Ikkje minst på grunn av Dortmunds frykta heimebane med den velkjende gule veggen.
– Stemninga er spesiell. Det er berre Celtic Park i Skottland, og Besiktas eller Galatasaray i Tyrkia som har noko av det same av dei eg kjenner til, seier Bergdølmo.
I morgon kan Erling Braut Haaland få sin debut i Bundesliga borte mot Augsburg. Neste veke kjem Köln på besøk til Dortmund.
Bergdølmo er ein av berre tre nordmenn som har spela i klubben tidlegare. Ingen av dei scora mål.
– Det var heilt vilt, seier Bergdølmo om sin debutkamp mot Wolfsburg i 2003. – Det var 83.500 på tribunene. Det var litt av ei oppleving.
Borussia Dortmund er klubben med høgast publikumstal i heile Europa. Det er ei god støtte når det går godt.
– Men dei er også krevjande. Du vil helst vere god med eit slikt publikum i ryggen, seier han.
Drama på parkeringsplassen
Sjølv hadde han ei oppleving av det etter at det hadde gått litt trått i sesongstarten i 2004. Då venta ei gruppe av fansen utanfor parkeringsplassen.
– Vi sat på parkeringsplassen i to timar og fekk beskjed om å gå litt under radaren. Då vi lurte oss bort til bilane, bytta eg med kona. Eg tok også av meg den gule treningsjakka. Då gjekk dei og leita etter oss. Men dei såg meg, skreik, og fleire av dei kom mot bilen. Dei skulle ikkje velte bilen, men dei skulle seie klart frå at den innsatsen vi hadde vist, ikkje var akseptabel, fortel Bergdølmo.
Men han har sjølvsagt mange gode minne også.
– Det beste er nok frå då vi slo Bayern 2-0 heime, og eg blei kåra til bestemann på bana.
– Men når du bommar på straffe i meisterliga-kvalik, og det blir avgjerande for at vi ikkje kvalifiserer oss, er det ikkje så moro.
– Likar ikkje primadonnaer
Borussia Dortmund høyrer heime midt i det tradisjonelle industriområdet Ruhr, eit område som framleis ber preg av den gamle arbeidarklassekulturen med hardt arbeid som ein stor kjerneverdi.
– Derfor støttar dei deg så lenge du viser at du gjer ditt beste og jobbar hardt for klubben. Dei likar ikkje primadonnaer, men vi ha spelarar som gir alt for klubben. Det har dei fått til, seier Bergdølmo.
I denne klubben og i dette miljøet er det Haaland skal ta sitt neste steg i karrieren.
– Han kjem til å få støtte, trur Bergdølmo.
– Dortmund skapar mange sjansar mot alle lag. Det er heilt optimalt for Erling.
Steinar Pedersen var den første nordmannen i Dortmund. Han kom dit som 21-åring i 1996 og blei positivt overraska.
– Eg hadde høyrt om at det var ein røff og tøff kultur i tysk fotball, med dei sterkaste sin rett og stor konkurranse. Men eg blei teken imot på ein god måte. Det var mange store stjerner der, men store stjerner er vanlege menneske dei også, som tek var på folk, fortel den noverande Arendal-trenaren.
Pedersen trur Haaland vil passe inn i sin nye klubb.
– Det er ein kjempefin klubb å kome til, og han kjem til å passe perfekt inn der, seier Pedersen.
Nesten stansa av sint prest
Borussia Dortmund blei skipa under nokså dramatiske omstende ein desemberkveld i 1909.
Eit 40-tal spelarar frå den katolske kyrkja sin ungdomsklubb var misnøgde med leiaren, den strenge og eigenrådige presten Hubert Dewald, og bestemte seg for å bryte ut og skipe ein uavhengig fotballklubb. Skipingsmøtet var på den lokale kneipa Zum Wildschütz.
Men dette kom pater Dewald for øyre, og han likte det slett ikkje. Han fekk med seg nokre andre frå kyrkja, og dei prøvde å bryte seg inn på møterommet for å hindre stiftinga av den nye klubben.
Vaktene på puben måtte bruke makt for å hindre presten og hans menn å kome inn, og Dewald måtte gi seg. Likevel skremde opptrinnet så mykje at over halvparten av dei frammøtte gjekk tilbake til kyrkja.
Men 18 personar blei att og stifta klubben. Dei valde namnet Borussia etter det lokale bryggeriet.
– Stor overgang
– Med over 80.000 på tribunene og ikkje minst med den gule veggen var det ein stor overgang også frå Ajax, seier Bergdølmo. Han kom til Dortmund frå suksess med den nederlandske klubben, men opplevde likevel stor skilnad.
– Å score mot den gule veggen, må vere ei heilt rå oppleving. Det rakk eg aldri.
– Det var ein enorm overgang å kome frå ein norsk eliteserieklubb til ein europeisk toppklubb, seier Steinar Pedersen. Han var den første nordmannen i klubben, og kom dit i 1996.
Dortmund hadde blitt ligameister to år på rad, og hadde sju landslagsspelarar i troppen. Likevel opplevde Pedersen at han kom til ein samlande og inkluderande klubb.
– På kampdagar var det gult og svart så å seie over alt i byen. Og samtalene dreia seg stort sett om eitt tema: Fotball.
Scora mot den gule veggen
Pedersen slutta i Dortmund i 1999, men var på to vekelange besøk i klubben i 2012 og 2013.
– Eg skreiv ei oppgåve om Borussia Dortmund i samband med trenarutdanninga. Då hadde eg full tilgang på alt i klubben.
Der møtte han gamle kjende. Sportssjef Michael Zorc, utviklingssjef Lars Ricken og keepertrenar Wolfgang de Beer var folk Steinar Pedersen hadde spela saman med.
– Dei har iallfall stor kontinuitet på leiarsida, seier Pedersen.
Jan Derek Sørensen spela i Dortmund i tre sesongar frå 2000. Då hadde han allereie fått kjenne på stemninga ved å score to gonger for Rosenborg i ein meisterligakamp hausten før. Eitt av måla var mot «den gule veggen». Rosenborg vann 3-0, eit resultat som gav gjenklang i fotball-Europa.
– Det var nesten litt uverkeleg, men fantastisk moro. Det gjev ein eigen rus og ei eiga oppleving å score mål på store fotballstadion, seier Sørensen.
Samanliknar Haaland med Lewandowski
Han er også blant dei som meiner Haaland har gjort eit godt klubbval, og samanliknar han med målmaskinen Robert Lewandowski, som slo gjennom i Dortmund.
– Den mannen kan rett og slett ikkje stoppe å score mål, og det verkar som Haaland er same profil, seier Sørensen. – Laget er godt, og Haaland treng ikkje produsere sjansane sjølv.
Sørensen fekk også med seg eit seriegull for klubben.
– Det var veldig spesielt å køyre rundt i open hengar med trofeet. Det var fleire hundre tusen ute i gatene. Dei har ikkje vore heilt på topp i år, men det er moro å sjå angrepsspelet deira likevel. Dette kan bli eit eventyr også for Haaland, seier Sørensen.
Sascha Klaverkamp er sportssjef i avisa Ruhr Nachrichten. Han meiner også at Haaland vil passe inn.
– Dortmund er kjend for å vere god til å ta vare på unge spelarar som kjem til klubben. Eg trur det var årsaka til at Haaland valde nettopp Dortmund. Her er han på rett plass for å ta steget opp til det aller høgaste nivået, seier Klaverkamp til NRK.
Pris for inkludering og antirasisme
Borussia er også kjend for sitt engasjement mot rasisme og mot høgreekstremisme blant fansen. Det gav klubben UEFA-prisen Equal Game i august i fjor. Det er ein pris som går til Europas best klubb for inkluderande arbeid og fans.
– Borussia Dortmund er eit viktig føredøme som andre klubbar bør følgje, sa UEFA-preident Aleksander Ceferin under tildelinga.
Mellom anna har dei arangert turar for barn og ungdom til tidlegare krigs-konsentrasjonsleiar. Utdanninga av dei som jobbar på Westfalenstadion legg også stor vekt på å reagere på og takle rasistiske hendingar, og å gjenkjenne symbol som kan assosierast med høgre-ekstremisme.
Klubbens motstand mot høgreekstremisme går heilt tilbake til før andre verdskrigen. Då nazistane tok makta i Tyskland på 30-talet, nekta dåverande klubbdirektør å melde seg inn i nazistpartiet. Han blei avsett.
Marcus Olsen er leiar av Borussias norske supporterklubb, ein klubb med rundt 200 medlemmer, og kjenner klubben godt.
– Inkludering er ein viktig del av Borussias kjerneverdiar. Det har alltid vore viktig å kjempe mot slike krefter, og der har klubben vore ein sentral samfunnsaktør, seier Olsen.
«Die Revierderby»
Det er Schalke 04 frå Gelsenkirchen som er erkerivalen, og det er kampane dei imellom som er Die Revierderby, og som er sesongens høgdepunkt for dei fleste supporterane. Revier kjem av det tyske ordet Bergbaurevier – gruveområde.
Det skil berre rundt 30 kilometer mellom banene til dei to klubbane.
Erling Braut Haaland får sitt første derby heime på Westfahlenstadion 14. mars – i Revierderby nummer 180.