Hopp til innhold

Mini: – Han fortener all heideren han får

Mannen er ei levande legende i Molde og fyller straks 39 år. Etter å ha blitt mannen med flest spelte kampar i norsk eliteserie, gav Daniel Berg Hestad frå seg eit gigantisk jubelbrøl til dei tilreisande som hylla han.

Daniel Berg Hestad

Straks 39 år gamle Daniel Berg Hestad med eit jubelbrøl mot dei tilreisande supporterane frå Molde. Han fekk ein stor og varm hyllest etter å ha blitt mannen med flest kampar i norsk eliteserie.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

– Han er ein heidersmann på fotballbanen og ein heidersmann utanfor fotballbanen også, meiner Jahn Ivar «Mini» Jakobsen.

Jahn Ivar Mini Jakobsen

Mini Jakobsen hyllar Daniel Berg Hestad.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

Den tidlegare Rosenborg-angriparen er i dag fotballekspert i TV 2, men hugsar stadig kampane mot rivalen i Romsdal.

– Eg hugsar sjølvsagt alle kampane eg har spelt i Molde, for eg har aldri tapt i Molde. Då hugsa eg at Daniel gjekk slukøyra av banen. Men så hadde vi nokre semifinalar på Lerkendal, der han og Kjetil Rekdal spelte ... Det er litt vonde minne, fortel Mini.

Han hugsar Daniel Berg Hestad som ein mann som alltid har stått på og jobba, vunne duellar og samstundes haldt seg unna «faenskap utanfor bana».

– Når du får så mykje som 440 kampar, og har i tillegg har det for éin klubb, så fortener du alle klappa på skuldra og all heideren du får, meiner den tidlegare RBK-spelaren.

– I kveld bøyer vi oss i støvet for han. Om dei ikkje tok bussen tilbake til Molde så skulle eg spandert ei Cola Zero på han på byen, flirer Mini.

– Stolt augneblink

Han har spelt i Molde sidan 1993, og utanom to år frå 2003 til 2005 i nederlandske Heerenveen, har Berg Hestad vore ein konstant i den blå trøya.

I 1-0-sigeren over Aalesund på Color Line Stadion tok han altså rekorden som Roar Strand har hatt. No har han 440 kampar i eliteserien, mest noko sinne.

– Det er fantastisk. For det første var det ein god siger, men eg smakte litt på den etterpå. Då eg fekk plakat og litt forskjellig. Ein stolt augneblink, litt brydd og litt rørt. Det er artig, oppsummerte Berg Hestad etter kampen.

Han synest det er rart å tenkje på alle kampane han har spelt.

– 440, det er utruleg mykje når du tenkjer på det. Det blir maks 30 kampar i året, så då kan ein rekne sjølv. Eg har heldt det gåande lenge, men eg er framleis svolten og har motivasjon og inspirasjon, slår han fast til NRK.

Saka held fram under bildet.

Berg Hestad hylla

Daniel Berg Hestad blei hylla av dei tilreisande frå Molde.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Har tenkt på 2015

Kontrakten til midtbanespelaren går ut etter sesongen. Allereie no er 2015 i tankane.

Mini Jakobsen

I aksjon på Norway Cup i 2012 – då 46 år gammal.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Eg må tenkje på kva eg skal finne på, men det er ikkje berre opp til meg kva eg skal gjere. Eg håper og trur uansett eg kan vere involvert i Molde i ei eller anna form, seier Berg Hestad.

– Med fotballsko på føtene?

– Det er ikkje umogleg, det er ikkje umogleg, avsluttar han glisande.

Mini Jakobsen, som la opp i 1999 som 33-åring, meiner han sjølv kunne spelt som 39- og 40-åring.

– Ja, men ikkje på det nivået som Daniel har gjort det. Han blir 39 år no, og det å halde seg så fit. Det viser litt korleis fotballen har endra seg. Dei er meir merksame på kroppen sin, noko som gjer at han framleis kan halde på.

– Kor lenge trur du han kan halde det gåande?

– Det kjem an på kor mange gode spelarar som kjem no. Kven vil prøve å skyve han ut? Hadde eg vore ung midtbanespelar i Molde-regionen, så hadde eg forbanna meg på at eg svarte ikkje skal sitje på benken for ein 39- eller 40-åring. Så det er opp til ungdomen å ta opp hansken og skyve han ut!, avsluttar Mini.

Siste nytt

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for ti tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö.

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal