Fartskøyrar Kilde (28) er full av lovord om teknikaren Braathen (20), som vann sesongopninga i storslalåm i Sölden i oktober.
– Eg trur han har ein mentalitet som alltid har vore der. Han er ivrig etter å vinne, og det er ein god start, Vinn du renn, vinn du også cupen. Men det er ein jobb som må gjerast, og for å halde han nede på bakken, må eg minne han på at han har ein lang veg igjen, humrar Kilde.
Kilde vann berre eit renn i den litt forkorta fjorårssesongen, men var så jamt god at han likevel vann verdscupen samanlagt.
VIL IKKJE PRESSE: – Å snakke om verdscupen samanlagt allereie no, er å legge eit unødvendig press på Lucas, seier Aleksander Aamodt Kilde, som vann «kula» føre sesong.
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix– Så du trur ikkje Lucas Braathen blir din sterkaste konkurrent i år?
– Han leier jo no då, smiler Kilde. Før han blir alvorleg igjen.
– Det er bra at han luktar litt på det. Men om vi tek til å snakke om verdscupen allereie no, legg det eit unødvendig press på han. Men han er ung med mange år framfor seg. Han kan ha fokus på å køyre på ski og bli endå betre, resultata kjem automatisk når han gjer jobben. Han har eit veldig sterkt «rennhovud» og kan bli så god som han vil, seier Kilde.
Tenkjer ikkje på verdscupen
Braathen sjølv tenkjer ikkje på verdscupen samanlagt denne sesongen.
– I år er målet å etablere meg i dei tekniske disiplinane slalåm og storslalåm. Så får eg nesten ta nivået ut frå stoda der eg er, med tanke på neste sesong, seier Braathen.
Det definerer han som å bli god nok til å halde seg stabilt på topp 5 eller topp 10, og at han sjeldan køyrer ut.
Diggar parallellkøyring
– KLIN GALEN: Braathen elskar parallellstorslalåm, og vil køyre det kvar gong han har sjansen.
Foto: Gabriele Facciotti / APOg etter kvart vil han utvide repertoaret.
– Når eg er komfortabel med nivået på det tekniske, så legg eg inn super-G. Eg kjenner meg sterk der, eg har fått trene mykje med Aleks (Aleksander Aamodt Kilde, red.merk.) og lærer mykje av han no i pre-season. Og det er kjempemoro. Kanskje kan eg legge inn eit super-G-renn eller to neste sesong, seier Braathen.
– Super-G er berre storslalåm med litt lengre tid.
Men først av alt ser Braathen fram til verdscupen i sveitsiske Lech 26. og 27. november. Der skal det nemleg konkurrerast i parallellstorslalåm, ein disiplin som også er medaljeøving i VM i Cortina i februar.
Det set Braathen stor pris på.
– Eg synest det er moro å stå ved sida av ein som berre er «klin galen» og så vere førstemann ned. Det er motivasjon i seg sjølv for min del. Eg vil køyre det kvar gong eg får sjansen, også i VM.
– Dei kan bli uslåelege
Kilde er sikker på at Braathen vil takle fartskøyring.
– Vil du råde han til å køyre super-G i år?
– Han må ha ein disiplin til, eller kanskje to, om han vil vinne cupen totalt. Han må velje sin eigen veg, men han kjem til å handtere fart bra, så får vi sjå om han har lyst til det, seier Kilde.
Som gler seg til å følgje det han kallar den nye generasjonen, spesielt Lucas Braathen og jamgamle Atle Lie McGrath, som han trur Norge kjem til å ha stor glede av.
– Men dei må prioritere rett og følgje planane som laget legg. Då kan dei bli uslåelege. Å ha nokre unge karar som verkeleg kliner til, er positivt for alle rundt, seier Kilde.
Han er etter kvart blant dei eldste på det norske landslaget.
– Eg vil ikkje kalle meg gammal, men eg tek til å dra på åra i denne samanhengen. Eg gler meg til å sitje i sofaen og sjå på dei, seier 28-åringen.