Hareide om Bendtners lyskesmerter: – Han er berre sliten

Nicklas Bendtner er klar til Danmarks kamp mot Montenegro, trass lyskesmertene han fekk søndag.

Nicklas Bendtner og Åge Hareide

COMEBACK: Mot Polen i september spela Nicklas Bendtner eit kvarter i sin første kamp på to år. No vil han vere med frå start

Foto: Liselotte Sabroe / NTB scanpix

– Det var berre overbelastning. Det sa eg også etter kampen, men det blei blåse opp til å vere verre enn det var, seier Bendtner til dr.dk.

Han kom til landslagsleiren i går ettermiddag, og trena derfor ikkje før i dag.

– Eg skal gjere alt for å bevise at eg er god nok til å spele frå start på landslaget, seier Nicklas Bendtner.

Europa League play-off 2017: Rosenborg-FK Vardar. (3-1)

Niklas Bendtner og Vegar Eggen Hedenstad mot Vardar i Europaligaen.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Han fekk skaden i lysken i Rosenborgs 1-1 kamp mot Sarpsborg 08. Men den meiner han er vekk før Danmarks VM-kvalifiseringskamp borte mot Montenegro torsdag. Søndag skal Danmark møte Romania.

– Sliten etter mange kampar

Men landslagssjef Åge Hareide er ikkje sikker på om Bendtner skal spele heile tida.

– Han har spela mange kampar på kort tid, og det plager han nok litt. Han er berre litt sliten etter så mange kampar, seier Hareide til sn.dk.

Bendtner kom tilbake på landslaget i september etter to års pause. Då fekk han eit kvarter mot Polen.

– Men no er eg klar til å spele i kva situasjon som helst. Om eg får sjansen, skal eg vise at eg er god nok. Det handlar om å bevise det, seier Bendtner.

Etter det har han scora seks mål for Rosenborg.

– Raskare enn før

Landslagskollega William Kvist spøker med Bendtners entusiasme.

– På treninga i dag sprang han raskare enn han gjorde då han var på topp tidlegare, gliser Kvist.

– Det er «dejligt» å sjå at han trivst og scorar mål, seier Kvist.

Danmark ligg på tredjeplass på tabellen framfor dei to siste kampane, berre tre poeng bak Polen og målforskjellen bak Montenegro. Kampen torsdag blir derfor svært avgjerande for om Åge Hareides menn blir å finne i Russland-VM neste år.

Siste nytt

  • Denver 3.-rangert i USA

    Den norske hockeyspilleren Mathias Emilio Pettersen og Denver Pioneers gjør det sterkt i collegeligaen om dagen. Etter 14 seiere på 21 kamper er de rangert som det tredje beste laget i landet, av USA Today. De 16 høyeste rangerte går til sluttspill.

    Sniper
    Foto: Denver Men's Hockey / Instagram
  • Juventus-toget dundrer videre

    Ingen ser ut til å kunne stoppe Juventus' parademarsj i Serie A. Douglas Costa, Emre Can og Daniele Rugani scoret målene da Torino-laget slo Chievo Verona og tok sin 18. seier for sesongen. Juventus topper tabellen ni poeng foran Napoli.

    Juve - Chievo 3-0
    Foto: Alessandro Di Marco / AP
  • Danmark sikret seier

    I kveldens siste kamp fra håndball-VM i Danmark og Tyskland vant vertsnasjon Danmark 26-20 over Egypt. Resultatet gjør at Danmark topper gruppe to med åtte poeng, to foran Norge og Sverige.

    Danmark - Egypt
    Foto: Henning Bagger / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag