Hopp til innhold

Belgia-stjerne med nådelaust Noreg-stikk

Sist Noreg og Belgia møttest, vann Noreg med fire mål. No møtast dei til skjebnekamp i VM-kvalifiseringa, og Belgia-stjerna Tessa Wullaert meiner at rollene er snudd.

Tessa Wullaert før møtet mellom Belgia og Norge.

FYRER LAUS: Tessa Wullaert har stor tru på at Belgia slår Noreg i VM-kvalifiseringa fredag.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Den gongen var det dei som var sjølvsikre, og vi var ikkje det. No er rollene snudd, seier Wullaert til NRK i Leuven.

Wullaert er den mestscorande spelaren i belgisk historie, og er heiltent før møtet mot Noreg. Spelarane er fulle av sjølvtillit etter å ha skrive historie som det første laget til å nå ein kvartfinale i EM.

No har dei alle moglegheiter til å skrive historie på nytt.

– Det har aldri skjedd at vi har kvalifisert oss til VM. Vi skal gi alt, seier ho.

No nyttar Wullaert sjansen å sende eit stikk til det norske laget, med mellom anna Ada Hegerberg og Guro Reiten i front.

– Presterte dårleg

Ho tykkjer nemleg at hennar lag har større sjansar for å lukkast enn det norske laget har, og har EM ferskt i minne.

Tessa Wullaert før møtet mellom Belgia og Norge.

MESTSCORANDE: Tessa Wullaert. Ho spelar til dagleg i Fortuna Sittard i Nederland.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Noreg har mange store profilar og heilprofesjonelle, korleis ser du på forskjellen mellom dei og det belgiske laget?

– Det er ein stor forskjell. Då vi skreiv historie i sommar, trur eg ingen visste at 80 prosent av laget vårt framleis har ein jobb eller går på skulen ved sidan av. Likevel nådde vi kvartfinalen i EM. Dei har gode spelarar, men dei presterte dårleg, seier Wullaert.

Likevel vil ho ikkje karakterisere Belgia som storfavoritt, men dei har presset på seg.

– Eg trur det belgiske folket forventar meir no enn før, men det er ein annan situasjon, og Noreg har ein ny trenar. Vi veit ikkje kva vi vil møte, men vi har ingenting å tape. Vi har stor sjølvtillit og kjem til å gi alt, seier ho.

Fyrer tilbake

Tuva Hansen er spent på møtet mellom Belgia og Noreg, men set ein knapp på at det er Noreg som vil kome best ut av oppgjeret.

– Eg trur det blir ein jamn kamp, men er vi på vårt beste så kjem vi til å ta dei, seier Hansen til NRK.

UEFA Women's Euro 2022, day 6, England - Norway

SLÅR TILBAKE: Tuva Hansen meiner eit uprofesjonelt Belgia-lag vil synest.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Kva meiner du er deira styrker?

– Dei jobbar veldig godt i lag, dei er eit kollektiv. Og så har dei eit par spelarar som er ekstra gode, men som sagt er dei eit veldig bra lag då, seier Hansen, som legg ekstra trykk på ordet «lag».

Då Hansen får spørsmål om kva ho tykkjer om det Belgia har fått til, med tanke på at store delar av laget er rekna som uprofesjonelle, svarar ho dette:

– Det er veldig kult kva dei har fått til, men då skal du sjå litt forskjell, også. Det kjem du til å sjå, seier Hansen.

Med siger mot Belgia vil Noreg vere klare for VM sluttspelet neste sommar.

Beste posisjonen

Hege Riise skal leie sin første kamp som fersk a-landslagstrenar mot Belgia, og ho fortel at det er eit revansjesugent og energirikt lag som kjem til å gå ut på matta i Leuven.

– Vi har utruleg lyst til å gå ut og vise. Etter EM og slik, er det mykje energi hjå jentene og det trur eg vi får sjå, seier Riise til NRK.

Ho tykkjer det berre er flott at rollene er snudd frå førre gong laga møttest, men meiner likevel at det er ganske likt styrkeforhold mellom laga.

– Eg tenkjer at vi er i ein god posisjon no. Dei er litt der oppe etter EM, og vi er veldig revansjelystne etter EM. Det å slå under ifrå er alltid ein god kjensle, det. Det skal vi bruke for alt det er verdt.

Fredag kveld møter det norske fotballandslaget Belgia på bortebane, i det som er ein del av VM-kvalifiseringa til meisterskapen i Australia og New Zealand i 2023. Kampen byrjar 20.30, og den kan du sjå her.

Damelandslaget i fotballl

DEBUTERER: Hege Riise skal leie Noreg fredag. Her leier ho siste treningsøkt før kampen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal