Hopp til innhold

Bekymra ekspertar: – Ingen prestasjon å rope hurra for

NRKs ekspertar er uroa over prestasjonen til kvinnelandslaget i fotball etter 2-2-kampen mot Austerrike i går.

Norge - Østerrike

VEKKJER URO: Jubel for Maren Mjeldes flotte scoring, men elles var det mykje å vere uroa over i 2-2-kampen mot Austerrike, meiner NRKs ekspertar

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Resultatet var ok med tanke på å kvalifisere seg til EM, men prestasjonen er urovekkjande, sa Lise Klaveness etter uavgjort på Ullevaal i går.

– Fotballen er i rivande utvikling, men det uroar meg at vi heile tida blir tatt igjen av nasjonar vi aldri gjorde rekning med berre for få år sidan, sa ho.

To forsvarsfeil gav to baklengsmål, det siste berre få minutt før full tid.

Også Tom Nordlie fann mykje å setje fingeren på etter kampen i går.

Vil ikkje rope hurra

Nordlie

TOM NORDLIE: – Prestasjonane var altfor ujamne til at dette er noko å rope hurra for

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg er overraska over at Roger Finjord omtrent jublar for uavgjort. Det var viktig å unngå tap med tanke på tabellen, men prestasjonane var altfor ujamne til at det er noko å rope hurra for, seier Nordlie.

Han vedgår at det ikkje er råd å gardere seg mot personlege feil, som første baklengsmålet.

– Men det andre er ein klassisk feil som går på kommunikasjon og val.

– Urytmisk

Lise Klaveness

LISE KLAVENESS: – Vi blir gong på gong tatt igjen av land vi ikkje rekna med berre for få år sidan

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Klaveness trekkjer likevel fram det positive frå kampen.

– Det var nokre fantastiske enkeltprestasjonar med to utruleg fine scoringar frå to av våre aller beste klassespelarar. Men det er så utrytmisk det vi gjer – spesielt i spel mot etablert forsvar – at eg blir litt uroleg, seier Klaveness.

Finjord var mest oppatt av at laget ikkje tapte. No har dei EM-billetten i lomma.

– Vi får med oss eit utruleg viktig poeng. Det var mykje viktigare med eitt enn null. Det er viktig for å halde leinga i gruppa, seier Finjord.

– Nei, Finjord bør ikkkje vere nøgd med denne prestasjonen – uavgjort heime mot eit lag som vi aldri før har tapt poeng mot, seier Klaveness.

Store sjansar for EM

Norge leier gruppa på same poengsum som Austerrike, men med ein kamp mindre spela, og med overtak i innbyrdes oppgjer.

Tre kampar står att. Den første er borte mot Wales tysdag, deretter heimekampar mot dei to jumbolaga Kasakhstan og Israel i september.

Gruppevinnaren og sei seks beste av åtte gruppetoarar går til EM i Nederland neste år. Dei to dårlegaste gruppetoarane spelar playoff.

Men ifølgje utrekninga NTB har gjort, er det allereie klart at toaren i Norges gruppe uansett blir blant dei seks som får EM-billett, ettersom kampane mot jumboane i kvar gruppe skal trekkjast frå når «toartabellen» skal setjast opp.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal