På ein pressekonferanse klokka 17.30 vil Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) legge fram sitt styrevedtak: Skal Russland fortsatt suspenderast frå friidrettskonkurransar eller ikkje?
BBC hevdar å vite at suspensjonen ikkje blir oppheva, som betyr at russiske utøvarar etter alt å dømme ikkje får delta i OL.
Etter det NRK erfarer tok det lang tid for styret å komme fram til ei avgjerd. Så seint som klokka 16.55 kom avgjerda på møterommet - etter at BBC meldte at avgjerda var tatt.
Svaret blir kjent på ein pressekonferranse i Wien straks.
Heiberg: – IOC har siste ord
IOC-medlem Gerhard Heiberg sa til Dagbladet torsdag at det er IOC som til slutt avgjør om Russland skal få delta i OL, men at det skal mykje til å overprøve Det internasjonale friidrettsforbundets vedtak.
– Eg understrekar at det nok skal mykje til før vi kjem til ei anna avgjerd enn IAFF, men det kan vere at vi tenker litt forskjellig rundt dette. For IOC handlar det nok å tenke litt større i eit politisk perspektiv, sa Heiberg.
– Vi avventar sjølvsagt styrevedtaket i IAAF, men skal sjølv drøfte saka på vårt styremøte i IOC den 21. juni, la han til.
Den største stjerna føler seg diskriminert
Jelena Isinbajeva er ei av fleire russiske stjerner som blir ramma dersom IAAF-styret ikkje opphever den russiske utestenginga.
Isinbajeva, den første kvinna til å hoppe over fem meter i stav, føler seg diskriminert. Ho har aldri vore mistenkt for å ha dopa seg, har aldri levert tvilsame eller positive prøvar.
– Det er ikkje riktig at eg skal straffast for noko andre har gjort, og for noko som er eit internasjonalt problem, hevdar stavdronninga.
Ho har skrive brev til IAAF og klaga med same argumentasjon, foreløpig utan å bli høyrt.
Andersen: – Press frå russarane
3. desember 2014 starta den store russiske dopingskandalen, som no etter alt å dømme endar med at russiske friidrettsutøvarar ikkje får delta i OL.
Den tyske TV-kanalen ARD sendte ein time lang dokumentar der det blei framsett påstandar om systematisk og statleg sponsa dopingbruk blant russiske friidrettsutøvarar.
Etter ei rekke avsløringar bestemte Det internasjonale friidrettsforbundet seg for å utestenge dei russiske utøvarane frå all friidrett. Deretter nedsette dei ei arbeidsgruppe. Spørsmålet til arbeidsgruppa var enkelt: Skal russiske utøvarar få komme inn i friidrettsvarmen igjen?
Leiar for denne arbeidsgruppa er norske Rune Andersen. I dag har han lagt fram gruppas innstilling til friidrettsforbundet.
Dagen før skjebnedagen sa han dette til NRK:
– Det har vore press fra mange hald. Det har vore press frå russarane. Dei er jo heilt klare på at dei bør kunne få vere med i OL, sa Andersen.