Basketstjerna la opp for å frigjere mann dømt til 50 år i fengsel

Maya Moore var ei av dei beste kvinnelege basketballspelarane i verda, men la skoa på hylla for å få frikjent ein mann ho meinte var uskuldig. No er dommen oppheva.

Maya Moore

FRI MANN: Maya Moore (t.v.) ser opp til himmelen, medan Jonathan Irons klemmer ein familiemedlem etter at han slapp ut av fengsel etter 22 år.

Foto: JULIA HANSEN / The New York Times/NTB Scanpix

Annakvart år sidan ho byrja å spele på det høgaste nivået i basketball hadde Maya Moore leidd Minnesota Lynx til meisterskapstitlar. Ho hadde sponsoravtale med Jordan, og var rangert som ein av dei beste kvinnelege basketballspelarane i verda.

Så gjorde Moore eit val som ingen hadde sett for seg:

29-åringen annonserte at ho ønskte å ta ein pause frå basketball. I eit essay på nettsida The Players Tribune fortalde Moore at ho spurde seg sjølv om ho levde opp til det fulle potensialet sitt ved å vere basketballspelar.

Ho ville gjere ein forskjell for andre.

Storscorer Maya Moore

Moore har vunne WNBA-tittelen fire gonger og har vunne MVP både i grunnserien og sluttspelet tidlegare.

Foto: Richard Tsong-Taatarii / AP

Slapp ut etter 22 år

Det var før 2019-sesongen skulle byrje i februar for halvtanna år sidan. Sidan då har Moore jobba for å få Jonathan Irons frikjent.

Irons sona ein dom på 50 år for ran og overfall på ein huseigar. Ingen vitne, DNA-spor eller blod kunne knyte han til ranet.

Moore møtte den innsette i eit kyrkjerom i fengsel i 2007. Basketballstjerna vart stadig meir involvert og støtta anken hans økonomisk. Då ho steig vekk frå basketballbanen førre vinter, vart ho frontfigur for Irons' sak.

Frifinninga har teke tid. Over fleire år har det vore mislykka forsøk på å få saka teke opp att og avvisning frå høgsterett om å sjå på saka. I mars fekk Moore, Irons og støttespelarane hans endeleg gjennomslag.

Ein dommar i delstaten Missouri oppheva dommen. Nyleg avgjorde rettsadvokaten at saka ikkje ville bli prøvd på nytt. Tidlegare denne månaden kunne Jonathan Irons gå ut av fengsel som ein fri mann etter å ha sona 22 år i fengsel.

Då var Moore der for å møte mannen ho har hjelpt.

– Treng ein kjendis

Å få ei slik sak teke opp igjen er relativt sjeldan, fortel professor i amerikanske og britiske studiar ved UiO, Randall J. Stephens, til NRK. Han fortel at ein profilert person involvert kan ha stor tyding for å få større gjennomslag for saka.

– Frå kva eg veit er det vanskeleg å få slike saker omgjorde. Det var ein del då ny DNA-testing kom på 90-talet, men i våre dagar er det ganske vanskeleg og uvanleg. Nokon gonger treng dei ein kjendis, nokon som er profilerte eller ein aktivist for at det skal skje. Det er uheldig at det er slik, seier Stephens.

UiO-professoren samanliknar Moores samfunnsengasjement med tidlegare profilerte aktivistar som Harry Belafonte på 40-talet, Tommie Smith og John Carlos på 60-talet og komikaren Dick Gregory, som marsjerte med Martin Luther King.

Tommie Smith og John Carlos

Tommie Smith (i midten) og John Carlos løfta kvar sin arm med svart hanske under medaljeseremonien under OL i 1968.

Foto: Anonymous / AP

– Det er mange på høgresida som seier at idrettsutøvarar ikkje bør blande seg inn i politikken. Dei er òg medlemmer av samfunnet og kan ha ein stor innverknad til det betre på dette. Det er ein verkeleg god, sterk tradisjon blant svarte offentlege personar som blir aktivistar. No føyer ho seg inn i den tradisjonen.

LES ÒG: 50 år sidan medaljeseremonien som skaka verda

– Betydde meir enn å vere proff

I eit intervju med ABCs Good Morning America fortel Moore at dette var akkurat kva ho hadde håpa på då ho droppa basketball for knapt to år sidan.

– Då eg slutta med basketball i fjor vinter, ønskte eg å endre prioriteringane mine slik at eg var meir tilgjengeleg og til stades for å kunne gjere ting eg kjende betydde meir enn å vere ein profesjonell idrettsutøvar. Dette er sjølvsagt det største og mest direkte resultatet av det, seier Moore i TV-intervjuet.

Olympisk mestere USA i 2016

Moore var ein av lagets beste då USA tok OL-gull i Rio for fire år sidan.

Foto: SHANNON STAPLETON

Om dommen ikkje hadde vorte oppheva, hadde Irons måtte vente 20 år til på den første prøvelauslatinga si. Moore skildrar arbeidet med å få Irons frikjent som svært meiningsfullt.

– Viss du ikkje er oppteken av å vere djupt engasjert over tid, er det ikkje slik ettermæle blir skapte. Ettermæle blir skapte og haldne oppe av djuptgåande og langvarige forpliktingar overfor menneske, seier Moore til the Undefeated.

Moore har rettmessig vorte hylla frå fleire kantar etter at dommen fall. Ei av dei var den tidlegare trenaren hennar i Minnesota Lynx, Cheryl Reeve. I staden for å hjelpe Minnesota til ein ny meisterskap hadde Moore hjelpt ein mann til å få fridommen sin.

– Dette er praktdømet på å bruke plattforma di til noko godt. Om Maya gjer det, kjem det til å vere utmerkt. Det speler inga rolle kva lag ho speler for, ho kjem til å gi dei ein sjanse til å vinne, rosar Reeve på Minnesota Lynx nettsider.

Siste nytt

  • Reitan på par i Wales

    Kristoffer Reitan gikk sin åpningsrunde på Europatouren i Wales på par. Han ligger på rundt 60.-plass før alle har spilt ferdig. Cuten vil trolig ligge på par etter at fredagens runde er over. Reitan er eneste nordmannen i aksjon på Celtic Manor-banen utenfor Newport.

    Reitan
    Foto: Carolyn Kaster / AP
  • Christiansen trosser reiserådene

    Statsminister Erna Solberg er klar på at unødvendige reiser til utlandet bør unngås. Mandag reiser likevel skiskytter Vetle Sjåstad Christiansen til Italia.

    Landslagsløperen har ifølge VG kommet frem til at det er helt nødvendig for ham å få gjennomført det planlagte høydeoppholdet i Lavazé.

    Vetle Sjåstad Christiansen
    Foto: Carina Johansen
  • Son-raid årets Premier League-mål

    Tottenham-spiller Son Heung-mins formidable soloraid mot Burnley er kåret til sesongens beste scoring i Premier League.

    Sørkoreanske Son startet med ballen på hjørnet av eget straffefelt og løp over hele banen før han scoret sikkert på Burnley-keeper Nick Pope. Flere Burnley-spillere forsøkte å stoppe Tottenham-stjernen uten å lykkes.

    Heung-min Son
    Foto: PAUL CHILDS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal