NRK Meny
Normal

Bardet, kongen av utforkøyring: – Ein heilt vill etappe

Ei heilt rå utforkøyring ned frå Col du Glandon gav Romain Bardots siger på 18. etappe av Tour de France torsdag.

Fransk serier i Tour de France i dag

SUVERENT: Romain Bardot over mål i einsam majestet på 18. etappe av Tour de France. Ei utforkøyring i særklasse låg bak sigeren (Bilete frå TV 2)

Franskmannen bygde seg opp ei leiing som forfølgjarane aldri makta å hente inn. I mål var han 34 sekund føre Pierre Rolland, som sikra fransk dobbelsiger ved målgang i Saint-Jean-de-Maurienne i Alpane.

– Det var ein heilt vill etappe. Dei siste kilometrane var veldig lange, sa Bardet.

Bardet tok dermed sin første siger i eit Grand Tour-ritt, og sin femte som proffsyklist. Sigeren sende han også inn på topp 10 på samanlagtlista.

AG2R-ryttaren la grunnlaget for sigeren på utforkøyringa ned frå 1924 m høge fjellet. Der var han først over toppen saman med Winner Anacona. Men i utforkøyringa var franskmannen rå og bygde opp eit forsprang på 45 sekund nede på flata.

Heldt unna i hårnål-stigninga

Opp den neste 3,4 km lange stigninga på inntil 12 prosent i den smale og hårnålsving-prega fjellvegen leverte Bardet eit stort stykke arbeid ved å halde forfølgjarane bak seg. På toppen var han framleis 42 sekund føre, og med berre 9 km igjen.

Men der gjekk det nesten gale. Nede i dalen etter den siste utforkøyringa og med berre 4,4 km igjen var det så vidt Bardet klarte svingen. Han var berre centimeter frå å krasje i ei av sementblokkene langs vegen.

Video: Sjå «nesten-ulykka» her:

Utforkjøring holdt på kjøre i midtrabatt på veien i dagens Tour de France. Bilder fra TV2

NESTEN-ULYKKE: Her misser Romain Bardet berre så vidt vegkanten og ein stygg krasj (Bilete frå TV 2)

Bak vakta samanlagtleiarane på kvarandre, og ingen av dei klarte å dra frå dei andre. Berre Alberto Contador prøvde seg opp Col du Glandon, men klarte aldri å få meir enn 20 sekunds leiing, og gav nokså raskt opp.

– Ein må prøve når sjansen byr seg. Dette var ein av dei aller hardaste dagane for meg, sa Contador.

Video: Sjå rykkforsøket til Alberto Contador (artikkelen held fram):

Her rykker contador.

FÅNYTTES FORSØK: Her prøver Alberto Contador på å få nokre sekund til samanlagtleiarane, men må kort etter gi opp (Bilete frå TV 2)

Samanlagtleiarane samla i mål

Gruppa med dei beste i samandraget gjekk i mål rundt tre minutt bak vinnaren.

Det betyr at Chris Froome framleis leier med 3.10 på Nairo Quintana og med 4.09 på Alejandro Valverde. Geraint Thomas er 6.34 og Alberto Contador 6.40 bak.

Bardet gjekk også opp i delt leiing i kampen om klatretrøya. Han deler den med Joachim Rodriguez.

Fuglsang pressa i asfalten

Etappen var rekna som ein av dei aller tøffaste i Touren, med sju fjelltoppar. Monsterstigninga var opp mot Col du Glandon, 29 km før mål.

Like før toppen vart Jakob Fuglsang pressa ut av ein motorsykkel då han skulle avansere, og gjekk i asfalten. – Skandaløst, sa Fuglsang om episoden. – Sjåføren skal vere glad han ikkje er her no, sa han.

Dermed var kampen om etappesiger over for den danske Astana-ryttaren, som på det tidspunkt låg saman med Bardet og Anacona i teten.

Fuglsang enda på femteplass, 59 sekund bak Bardet.

Siste nytt

  • Storseier for Klepp

    Klepp flesket til med 6-0-seier hjemme mot Grand-Bodø i Toppserien søndag.

    Hege Hansen og Hanne Kogstad scoret to mål hver, mens Malin Skogvold Runestad og Marie Hella Andersen scoret hvert sitt.

    Klepp-Grand Bodø
    Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK
  • Stene nummer tre i verdenscupen

    Jenny Stene (20) ble nummer tre i verdenscupdebuten i 10 meter luftrifle søndag. Hun sikret Norges første pallplass i grenen på 23 år.

    – Å debutere med tredjeplass er utrolig sterkt, sier landslagstrener Espen Berg-Knutsen.

    Jenny Stene
    Foto: Norges Skytterforbund
  • Vivian Cheruiyot vant i London

    Kenyanske Vivian Cheruiyot tok igjen teten med en sterk avslutning og vant London maraton på 2.18.32. Mary Keitany ledet lenge, og lå an til verdensrekord tidlig i løpet, men sprakk mot slutten.

    Brigid Kosgei (Kenya) ble nummer to.

    Vivian Cheruiyot
    Foto: Peter Cziborra / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppserien: Avaldsnes - Vålerenga
Sportssøndag: Toppserien, Avaldsnes - Vålerenga
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien: Vålerenga - Molde
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias