Bardal hoppa 131,5 meter og enda opp med 127 poeng. Det var 2,3 poeng betre enn slovenske Peter Prevc på andreplass og 4,9 poeng betre enn tyske Richard Freitag på tredjeplass.
– Det er imponerande korleis han taklar alt styret før han måtte hoppe, sa NRK-kommentator då Anders Bardal stod øvst på pallen i Zakopane.
For det var ikkje berre enkelt å halde fokus. Arrangøren hadde alle odds mot seg denne søndagen. Det var vått, lite snø og mykje vind.
– Prøveomgangen blei avlyst fordi arrangøren måtte jobbe med tilløpet, fortel Scheie etter rennet.
Rennet blei eit to timar langt kaos.
– To timar er også blant det lengste éin omgang i hopp nokon gong har vart. Eg kan ikkje hugse liknande på dette nivået, fortel Scheie.
Bardal: – Litt flaks
Bardal var nummer 47 som skulle hoppe i Zakopane denne søndagen. Då hadde han stått på toppen og sett hopparar bli flytta av og på bommen.
– Det var eit spesielt hopprenn, det tok veldig lang tid, sa Bardal etter rennet.
Like før nordmannen skulle hoppe blei det ein lang pause.
– Ja, dei fekk litt for dårleg fart dei som hoppa før meg, og dei måtte gjere om på sporet. For meg var det litt flaks i dag, og det må vere lov innimellom. Det viktigaste er at eg gjer eit godt skihopp, og det må eg ta med meg.
Skihoppet blei så godt at Bardal tok sin sjette verdscupsiger. Bardal tok også sin første verdscupsiger i Zakopane, 27. januar 2008 - også den gongen etter berre éin omgang.
– Dette har vore ein lukkebakke for Bardal. Han blei i tillegg verdscupvinnar samanlagt her for to sesongar sidan og verdsmeister her i fjor, sa Scheie under NRK si direktesending.
Det er fjerde gong i sesongen at Bardal er på pallen i verdscupen, men trønderen sin første siger.
- Les også:
Saka held fram under bildet.
Spent før OL-uttaket
Det var med i alt sju nordmenn i hopprennet i Polen. Utanom Bardal skuffa dei norske stort, der Rune Velta blei nest beste nordmann på delt 22.-plass.
Anders Fannemel og Anders Jacobsen blei nummer 28 og 29, medan Tom Hilde blei nummer 33. Robert Johansson enda på 35.-plass, Daniel-André Tande nummer 48.
– Fire stykk fekk verdscuppoeng, men det var veldig mange som var uheldige med forholda i dag. 4-5 av nordmennene var også det, seier Scheie.
Dette blei uansett siste hopprennet før uttaket til Sotsji-OL. Scheie meiner fire mann er heilt sikre.
– Bardal, Velta, Fannemel og Jacobsen er sikre. Jacobsen er litt kjenslesak, men han kom vinne eller kome på pallen. Han kan også bli nummer 44, men dei femte- eller sjettemann er ikkje betre, meiner Scheie.
Om han må gjette på ein femtemann held NRK-kommentatoren ein knapp på Tom Hilde. Det største medaljehåpet er uansett Anders Bardal.
– Eg har eit mål om å vere med og kjempe om medalje, både individuelt og i lagkonkurransen. Då må eg levere hopp som i dag stabilt over tid, for det er jamt i toppen, sa Bardal etter sin sjette verdscupsiger.