Austerrikaren banka til med det lengste hoppet i konkurransen allereie i første omgang. Som tredje siste utfor i K100-bakken på Lillehammer landa Gregor Schlierenzauer på 105,5 meter.
Anders Bardal leia lenge, men både austerrikaren og japanske Taku Takeuchi pressa seg framfor på seine startnummer.
Like bak Bardal låg Richard Freitag.
Tyskar stal pallplassen
I andre omgang sette Freitag utfor like før Bardal, og tyskaren slo til med det neste lengste hoppet i andre omgang med 101 meter. Bardal følgde opp med 99 meter.
– Nydeleg hopp av Bardal, men så er spørsmålet: Er dette pallen? Er dette pallen for Bardal?, sa NRK-kommentator Arne Scheie etter andrehoppet.
Bardal fekk litt færre tilleggspoeng og litt dårlegare stilpoeng enn Freitag, og måtte ta til takke med ein førebels andreplass – 3,2 poeng bak tyskaren.
Både Takeuhci og Schlierenzauer sikra sine plasseringar, og Bardal enda på fjerdeplassen.
– Eg må innrømme at det er ein litt sur fjerdeplass, men eg er i gang igjen. Det nærmar seg, og sjølv om eg ikkje gjer noko makshopp så er eg med oppi der. Det er veldig godt, sa trønderen til NRK etter konkurransen.
Rune Velta blei nest beste nordmann på niandeplass, medan Tom Hilde og Ole Marius Ingvaldsen tok høvesvis 16. og 21. plass.
- Les også:
Saka held fram under bildet.
– Hadde betre forhold
På toppen av pallen klatra derimot Schlierenzauer – for 52. gong i verdscupen. Han forlenga med det rekorden sin i talet på flest verdscupsigrar i hopp.
– Eg er den heldige i dag, for i første omgang hadde eg betre forhold enn alle dei andre. Eg er kanskje litt heldigare enn alle andre, smilte austerrikaren i prat med NRK.
Bardal står med fem verdscupsigrar. Som så mange andre i hoppsirkuset har han fleire andreplassar bak Schlierenzauer. Laurdag blei det ikkje pallen i det heile. Andrehoppet på 99 meter var langt, men Bardal var ikkje fornøgd.
– Eg hadde ein viss feeling på kor langt eg måtte hoppe, så det var den som slo inn litt, seier han.
Søndag er det nytt hopprenn på Lillehammer – då i den større bakken.
– Forhåpentlegvis held eg fram slik som no. Det nærmar seg hopp for hopp, og det er jamt i toppen no, sa Bardal.