Barcelona med skadetrøbbel

Barcelona hentar opp spelarar frå B-laget for å fylle troppen til kampen mot Martin Ødegaards Real Sociedad i dag.

På fredagens trening fekk Arthur Melo seg ein skade. Fleire andre spelarar var uaktuelle for kamp allereie før den økta.

Arthur Melo for Barcelona
Foto: Miguel Morenatti

Siste nytt

  • Innleia cupen med storsiger

    KIL/Hemne er det første laget som er klar for 2. runde i fotball-NM for kvinner, og det med eit brak. I førsterundekampen mot Træff vann dei 8-0. Sara Hoftun Bjerkesæter scora tre av måla.

    Resten av kampane i 1. runde går onsdag og torsdag.

    KIL/Hemne 2021.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Ingen finale for Magnus Carlsen

    Magnus Carlsen tapte det andre hurtigsjakkpartiet mot Jan-Krzysztof Duda tysdag. Dermed blir det ingen finale på han i verdscupen i Sotsji.

    Etter remis i dei to langsjakkpartia i semifinalen vart kampen om finalespel forlengde til ein tredje og siste dag. Der gjekk Carlsen og Duda over til hurtigsjakk, og vanlegvis skal det vere til fordel for den norske verdseinaren.

    Men denne gongen gjekk det ikkje vegen. Carlsen spelte remis med svarte brikker i det første partiet, men måtte gi tapt i det neste. Han kom til kort sjølv om han fekk gjere første opningstrekk med kvite brikker.

    Norway Chess 2020
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Luftig ny OL-idrett i gang

    Klatring er ein heilt ny idrett på OL-programmet i år, og tysdag møtte dei mannlege deltakarane veggen for første gong.

    Det blir konkurrert samanlagt i tre greiner: Boulder, speed og lead.

    I speed skal utøvarane klatre opp ein 15 meter høg vegg raskast mogeleg. Boulder inneber å ta seg fram fire korte ruter på veggen, utan tau. Lead betyr å klatre så høgt som mogeleg på ei gitt tid.

    Ikkje alle er like glade for formatet i OL-konkurransen, som er blitt karakterisert som eit samansurium av greiner.

    – Nesten alle er spesialistar i ei av greinene, så det er vanskeleg å gjere det godt i alle. Det finst så mange typar klatring at å kåre nokon som den beste i verda, nærmast er tøv, seier sportens største stjerne, tsjekkiske Adam Ondra.

    – Men den som vinn, er likevel best den dagen, og vil bli den første olympiske meister. Det er noko ingen kan ta frå deg, legg han til.

    Han bomma litt i speed, men gjorde det greitt i dei to andre greinene, og er nummer fem. Franske Michael Mawam vann kvalifiseringa.

    Dei åtte beste går til finalen torsdag. I morgon skal kvinnene gjennom kvalifisering.

    Adam Ondra, klatring
    Foto: Maxim Shemetov / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal