Hopp til innhold

Barcelona må ta grep for å forlenge med Messi

Lionel Messis kontrakt med Barcelona tok slutt natt til 1. juli. No må eit Barcelona i økonomiske vanskar ta store grep for å få råd til å behalde den argentinske juvelen.

Messi Barcelona

KONTRAKTSLAUS: For augneblinken er Lionel Messi kontraktslaus, og Barcelona har ein økonomisk floke dei må løyse opp i før dei kan tilby argentinaren ein ny kontrakt.

Foto: ALBERT GEA / Reuters

I over ei veke har han som blir rekna som ein av dei beste, om ikkje den aller beste fotballspelaren i verda teknisk sett vore klubblaus.

For Lionel Messis kontrakt i Barcelona har gått ut, og sjølv om den katalanske klubben ønskjer å fornye kontrakten hans gjer klubbens økonomi dette vanskeleg.

– Barcelona har overgått lønstaket. Eg håpar dei kan behalde Messi, men for å gjere det må dei gjere kutt andre stader, sa La Liga-presidenten Javier Tebas etter at han hadde presentert ligaens økonomiske rapport for 2019/20-sesongen i byrjinga av juli.

– Av dei 7 milliardar kronene det er estimert at klubbane i La Liga har tapt i 2020/21-sesongen står Barcelona for halvparten. Dei tek troféet for tap, haldt han fram.

Lønstaket som skapar vanskar

Det lønstaket Tebas nemner gjeld for alle klubbane i La Liga, men det blir utrekna for kvart enkelt lag basert på klubbane sine inntekter.

Kort fortalt blir det rekna ut ved å ta klubbens inntekter, for så å trekkje frå skatt og avgifter, og administrasjonskostnadar. Det som står igjen er summen klubben kan bruke på det som går under lønstaket.

Det er dette taket Barcelona no har overskrida. Dette gjer at Messi står utan kontrakt, medan nysigneringane Sergio Agüero, Eric García og Memphis Depay ikkje kan bli registrerte for spel i La Liga før Barcelona har teke grep.

Agüero Barcelona

Barcelona må kutte i lønsutgiftene sine før spelarar som Agüero kan bli registrert for spel i La Liga.

Foto: LLUIS GENE / AFP

– Altfor høg del av inntekt og omsetning går ut til løn, dei har brukt for store overgangssummar som dei slit med å få igjen, og så har ein i tillegg pandemien som gjer at inntektene har gått ned i altfor stor grad for Barcelona sin del, forklarar Viasport sin kommentator og fotballekspert Petter Veland til NRK.

– Dei tre faktorane blanda saman med at lønningane til Messi ligg på eit skyhøgt nivå, gjer at vi har den situasjonen vi står i no.

Barcelona er ein klubb som får mykje av sine inntekter basert på omsetning på kampdag, gjennom billettsal og sal av supportareffekter til tilreisande. Men koronapandemien har redusert slike inntekter drastisk.

Dette må skje

Dermed må Barcelona gjere kutt i sine utgifter for å kunne resignere Messi. Veland foreslår fire ulike måtar å kunne auke lønstaket på:

  1. Dei kan selje spelarar.
  2. Dei kan bli samde med spelarar om ein lønsreduksjon.
  3. Dei kan låne ut spelarar.
  4. Dei kan auke inntekter gjennom sponsoravtaler og publikums retur.

– Dei held allereie på med å selje spelarar over ein låg sko. Dei har seld Junior Firpo til Leeds og Konrad de la Fuente til Marseille, seier Veland.

I tillegg trekk han fram spelarar som Philippe Coutinho, Miralem Pjanic og Samuel Umtiti som spelarar klubben ønskjer å selje.

– Dei er litt oppe i åra, dei er ikkje viktige for den sportslege satsinga, dei kosta mykje då dei kom, og dei har høge løningar. Dersom dei blir kvitt desse tre, anten ved å terminere kontrakten, leige dei ut eller selje dei, så kjem det til å løyse mykje, seier Veland.

Han trur også at Jordi Alba og Sergio Busquets, to spelarar som begge har vore i den katalanske klubben i over 15 år, er villige til å signere avtalar med relativt store lønskutt for å hjelpe klubben.

Alba og Busquets

Jordi Alba (venstre) og Sergio Busquets er to av spelarane som kan ta eit lønskutt for å hjelpe Barcelona.

Foto: CRISTINA QUICLER / AFP

Samtidig er Barcelona i gang med å låne ut spelarar. Francisco Trincão har allereie blitt lånt ut til Wolverhampton, noko som gjer at Barcelona slepp å betale løna hans den komande sesongen.

– Og punkt fire er å auke inntektene ved anten å signere større sponsoravtalar eller håpe at publikum igjen kan kome på kampar komande sesong som gjer at dei kan tene pengar på kampdag.

Det er desse tiltaka Barcelona håpar skal hjelpe klubben med å frigjere nok midlar til at Agüero, Garcia og Depay kan registrerast, og at juvelen Messi kan få sin nye kontrakt.

Trur Messi blir

Men sjølv om det er ein kabal som må gå opp for at klubben skal få heva lønstaket sitt nok, så trur Veland at Barcelona skal klare å få reknestykket til å gå opp.

Petter Veland

Viasats kommentator og fotballekspert Petter Veland.

Foto: Viasat

– Det kan vere at eg er naiv og dum, men eg vil tru at dei som styrer og steller i klubben, og som verkeleg sit på desse tala har litt meir kontroll og litt lågare puls enn veldig mange Barcelona-supportarar, seier han.

Samtidig har Barcelona sin president Joan Laporta ikkje lagt skjul på at dei ønskjer å behalde spelaren med over 500 kampar og 400 mål for klubben.

– Vi ønskjer at han skal bli, og Leo (Messi) ønskjer å bli. Eg skulle ønskje at eg kunne seie at han blir verande, men det kan eg ikkje då vi no ser på den beste løysinga for begge partar, har han sagt ifølgje The Athletic.

Og skal løysinga bli ein ny kontrakt for Messi Barcelona sjølv ta tak. For dei kan ikkje vente seg noko hjelp frå La Liga-toppane.

– Vi kjem ikkje til å gjere Barcelonas lønstak meir fleksibelt. Reglane kjem ikkje til å bli endra, vi kjem ikkje til å endre noko som helst for Messi, seier La Liga-president Tebas.

Siste nytt

  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB
  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal