Hopp til innhold

Barcelona kan bli ein fransk klubb

Dersom Catalonia stemmer for sjølvstende, kan fotballaget Barcelona bli fransk. I dag går katalanarane til valurnene for å stemme fram ny regionalforsamling, og presset om eit sjølvstendig Catalonia aukar.

Barcelona-jubel

SJØLVSTENDE BETYR FLYTTING: Barcelona-spelarane kan juble over å vere verdas beste fotballag, men framtidsutsiktene er usikre no når Catalonia kan sjå ut til å gå mot kampen for sjølvstende.

Foto: Manu Fernandez / AP

Dersom regionspresident Artur Mas sitt parti CiU og andre sjølvstendeparti vinn valet søndag, er det på eit løfte om at katalanarane skal få seie kva dei meiner om regionen si framtid i ei folkeavstemming i løpet av dei neste fire åra.

Meiningsmålingane tyder på at desse partia får rundt to tredjedelar av stemmene, og at Mas og CiU igjen får fleirtal i regionsforsamlinga.

Nyvalet i dag vil i praksis gi signal om regionen skal innleie prosessen om sjølvstende eller ikkje.

Sjølvstende betyr flytting av Barca

Mas erklærte nyval etter at regjeringa i Madrid avviste å gi Catalonia meir makt over eigen økonomi og skatteinnkrevjing. Men sjølv om forkjemparar for eit sjølvstendig Catalonia har fått vind i segla, ligg det ikkje an til eit eventuelt eige fotballag.

Dersom Catalonia stemmer for sjølvstende, stadfestar borgemeister i Barcelona, Xabier Trias til nyheitsbyrået AFP, at Barcelona anten kjem til å bli i La Liga, eller flytte til franske Ligue 1.

– Vi har ikkje mulegheit til å skape ein eigen konkurransedyktig liga for Catalonia, seier borgemeister Trias, og grunngir det med at folketalet berre er like over sju millionar.

Barcelona sett fra Det katalanske nasjonalmuseet.

HOVUDSTADEN BARCELONA?: Barcelona, her sett frå Det katalanske nasjonalmuseet. I dag går katalanarane til val om ny regionalforsamling.

Foto: Nina Skurtveit / NRK

Det hadde blitt for få lag, som gjer at Barcelona blir tvungne til å slutte seg til ein annan liga.

Økonomiske konsekvensar av sjølvstende

Økonomien har gitt forkjemparar for sjølvstende vind i segla i Catalonia. Separatistane meiner regionen, som er Spanias mektigaste og rikaste, betalar altfor mykje til felleskassa og hevdar katalanarane tapar 16 milliardar euro i året.

Men nokre analytikarar og ekspertar åtvarar regionen mot å stå på eigne, økonomiske bein, skriv NTB.

Fall på 20 prosent i økonomien

– Inntektsfallet vil bli enormt, seier Jose Luis Feito i Instituto de Estudios Economicos i ein analyse av utsiktene ved sjølvstende for regionen.

Han meiner eit sjølvstendig Catalonia vil bli tvunge ut av EU og eurosona, ifølgje AFP.

Rapporten åtvarar om eit fall på inntil 20 prosent i regionen sin økonomi, og ser for seg uhandterleg gjeld, stor arbeidsløyse og fall i eksportinntektene.

Trur ikkje på truslane

Men andre argumenterer for at det ikkje vil vere noko problem å halde på euroen, og at EU har mange måtar å sikre regionen tilgang til den indre EU-marknaden på.

– Eg trur den økonomiske faren frå Catalonia sitt synspunkt er relativt lav, seier økonomen Zavier Curadras Morato ved Universitat pompeu Fabra.

Slit med høg gjeld

Catalonia slit som resten av Spania med høg gjeld og stigande arbeidsløyse. Regionen har som følgje av ei gjeld på 40 milliardar euro vore nøydde å be styresmaktene i Madrid om eit kriselån på fem milliardar.

I Madrid argumenterer ein for at dette viser at Catalonia treng den spanske føderasjonen, medan separatistane i nord meiner det viser at regionen vil få det betre på eiga hand.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal