Hopp til innhold

Norske Mia (18) vart handplukka – einaste kvinne i eksklusiv toppsatsing

Mia Rusthen (18) hadde planar om å bli ballettdansar. I staden er ho blitt eitt av verdas største roadracing-talent.

Mia Rusthen

FRÅ TÅSPISS-SKO TIL HESTEKREFTER: Mia Rusthen siktar mot verdstoppen i roadracing

Foto: Wahlross Film

– Det var ingen som såg det kome. Ikkje eg sjølv heller, seier Mia Rusthen.

Eller «Mia Ballerina», som Yamaha presenterer henne. Det er fordi ho var godt i gang med å skape seg ein karriere i dansen, før ho blei hekta på motorsykkel, kubikk, fart og roadracing.

18-åringen frå Drøbak har fått plass i eitt av Yamaha sitt offisielle roadracing-lag. Det er lag med ungdomar som skal byggjast opp med sikte på plass i VM. Mia Rusthen er einaste jente på laget, og også einaste norske deltakar.

Ho er glad for så sprengje nokre innbilte fordommar, som ho uttrykkjer det.

– Fordommane går ut på at dette er ein sport som er meint for gutar, seier 18-åringen.

– Eg har alltid sagt til meg sjølv at eg må ta dei sjansane eg får, og det er det eg har gjort.

– Meir klar for 2021 enn eg var for 2020

Rusthen skulle vore inne i sin første sesong med sitt nye lag no. Men det sette koronaen ein stoppar for.

Ho skulle ha delteke i IDM Supersport 300 i år. Det er det tyske internasjonale meisterskapet, og er rekna som den viktigaste inngangsporten til VM.

Mia Rusthen

FART: – Eg brydde meg eigentleg ikkje om det. Eg visste at vi hadde nokre syklar i garasjen, men det var ikkje spennande, seier Mia Rusthen. No er ho på veg mot verdstoppen

Foto: Wahlross Film

Men utsetjinga har ho ikkje noko imot.

– Eg har jobba mykje med meg sjølv, og er meir klar for 2021 enn eg var for 2020, seier Mia Rusthen.

Det fire år sidan det skjedde:

Etter at ho i mange år hadde trena ballett og dyrka det som den store lidenskapen, fekk ho vere med faren Trond på roadracing, ein idrett som var hans store greie.

– Eg brydde meg eigentleg ikkje om det. Eg visste at vi hadde nokre syklar i garasjen, men det var ikkje spennande.

Men ho blei hekta.

Blei utfordra av pappa

Mia Rusthen og pappa Trond

UTFORDRA: Det var pappa Trond Rusthen som fekk dottera med på roadracing. Det har gitt duellar på bana

Foto: Gary Bailey / Event Images Ltd

– Det lukta bensin, og folk var så glade. Det var så godt miljø her. Å sjå syklar suse forbi, det er litt spennande. Du får litt adrenalin berre av å sjå på. Då blei det til at pappa spurde om eg ville prøve. Så prøvde eg, og no sit eg her, fortel ho.

– Det gjekk ikkje særleg fort den første gongen. Eg trur eg var redd og veldig stressa, og visste ikkje heilt kva eg heldt på med, seier ho.

Men valet var tatt. Det skulle bli roadracing for framtida.

Så godt gjekk det at Yamaha Noreg fekk nyss om det og sende tips til sportsleiinga i konsernet. Der forstod dei at jenta frå Noreg køyrde fort – veldig fort.

Plass i Yamahas «masterclass»

– I fjor fekk eg eit tilbod frå Yamaha og reiste til køyring i Spania, seier Rusthen, som var einaste jente.

– Der var det kaldt, det var minusgrader om natta. Det var ein fordel for meg, for eg køyrde mot mest spanjolar, og dei er ikkje vane med at det er så kaldt.

Mia Rusthen ballett

"MIA BALLERINA": Mia Rusthen tar med seg nyttige erfaringar frå balletten til motorsykkelen

I fjor makta ho å bli nummer fem i finalen i Women's International Cup i Mexico, det første reine jentemeisterskapet i historia. Der deltok 23 kvinner frå 15 land.

Plassen i Yamahas «masterclass» inneber satsing med tanke på å få plass i VM. Det er Mia Rusthens overordna mål.

– Det er VM, og det er å bli best. Slik har det alltid vore, uansett – om det er i skulen eller i sporten.

Nyttige ballett-erfaringar

Ho synest ikkje det er einsamt å vere kvinne blant alle mennene i denne idretten.

– Eg synest eigentleg det er litt moro. Det er litt det også at om du er jente i ein sport som dette, så trur alle at du er litt gutejente. Men det er ikkje eg. Eg har alltid på meg naglelakk, uansett. Det er litt den eg går etter. Du kan vere begge deler. Du kan vere jente som køyrer fort, seier ho.

Sjølv om kontrasten er stor, meiner ho at ho som roadracer kan dra nytte av det ho lærte i balletten. Koordinering og balanse er heilt avgjerande. Det er også terping på detaljar og mot og styrke til å utfordre seg sjølv.

– Der blir du kjend med kroppen frå topp til tå, og det er viktig på sykkelen og. Korleis du sit i ulike deler av svingen, korleis du bremsar og bruker blikket, seier ho.

Siste nytt

  • Tobias Foss på Ineos-laget i Giro d'Italia

    Tobias Foss (26) er blant åtte Ineos-ryttere som skal delta i årets Giro d'Italia.

    Det var ventet at Vingrom-mannen kom til å få plass på laget. Nylig viste han form i Tour de Alps, hvor han vant den første etappen.

    – Det hadde nok gått uansett, men denne seieren er nok spikeren i kista. Laget er riktignok ikke tatt ut ennå, sa Foss til NTB nylig etter triumfen på åpningsetappen i Nord-Italia.

    Giroen varer fra 4. til 26. mai. For tre år siden ble Foss nummer ni sammenlagt i Grand Tour-rittet.

    Hele laget til Ineos i Giro d'Italia: Thymen Arensman, Geraint Thomas, Filippo Ganna, Jhonatan Narváez, Magnus Sheffield, Ben Swift, Connor Swift og Foss. (NTB/NRK)

    Tobias Foss
    Foto: AFP
  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal