Etter to runder i VM i rallycross er det bergensaren med 13 på bilen som har leiinga.
– Talet 13 liknar litt på ein B, som er ein spesiell bokstav for Andreas. B for Bakkerud, Bergen, bart og best, som han har som mål å bli. Difor er nok talet 13 det næraste vi kjem eit lukketal for vårt team, seier manager, Jan Tore Brustad.
Denne helga vil Petter Solberg, og resten av verdseliten prøve å ta førsteplassen frå han, når runde tre startar i Hell i Trøndelag i dag.
- LES OGSÅ: Klare for VM-runde på heimebane
Kjempar mot Solberg
Petter Solberg ligg førebels som nummer to, og mista leiinga då Bakkerud vann forrige runde på Lydden Hill. No ligg han tre poeng bak bergensaren.
– I vinter ringde han meg og sa eg måtte stå opp tidlig om morgonen om eg skulle slå han i år, fortalde Bakkerud til NRK.no tidlegare denne veka.
Det kan verke som Bakkerud har gjort akkurat det, for det kan bli ein norsk duell i toppen i dag.
– Dei to slåst i det heilt i det øvste sjiktet, og har begge veldig lyst å ta sigeren på heimebane. Men det er eit steintøft startfelt, med mellom anna Ken Block, så her gjeld det å halde hovudet kaldt og ikkje gjere feil, fortel Brustad.
Amerikanaren Ken Block er ei superstjerne innan rallycross. I dag er hans første løp i Europa, og det er knytta spenning til kvar han vil leggje seg på resultatlista.
– Enorm entusiasme
Brustad er imponert over entusiasmen rundt arrangementet.
– Det er rundt 200 bergenserar som har kjøpt billett gjennom oss, og i tillegg er ein god del utenom. Entusiasmen har vore enorm, og arrangørane har gjort ein knalljobb, seier Brustad.
Det første løpet går i dag klokka 13.30. Målet er å kome til finalen. Dei tolv beste etter kvalifiseringsrundene går til semifinale, der dei tre beste i to semifinalar får kjempe i finalen.
Satsar på siger i Argentina
Med helgas runde på Hell, er det ti runder att før det blir avgjort kven som til slutt vil stå øvst på på pallen. Siste runde går i Argentina i november.
– Det er sjølvsagt målet for Andreas. Han har punktert tre år på rad i finalen, så no håpar vi talet 13 skal hjelpe oss til å unngå dette, ler Brustad.