NRK Meny
Normal

Bakke rasar mot Brann-benken: – Dei må oppføre seg når dei kjem til Sogndal

SOGNDAL (NRK) Sogndal-trenar Eirik Bakke meiner Brann-benken opptrådde respektlaust då Fredrik Haugen avgjorde eit kokande vestlandsderby mot Sogndal.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal-Brann.

FORBANNA: Eirik Bakke var forbanna på Brann etter vestlandsderbyet i Sogndal.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Etter kampen fyrte Sogndal-trenaren seg opp mot bergensarane.

Då Brann scora sine to mål og avgjorde kampen på slutten provoserte Brann-leiren ved å juble mot Sogndal-benken, ifølge Bakke.

– Dei på benken stod og jubla mot oss når dei scora mål der. Dei får oppføre seg når dei kjem til Sogndal, den oppførselen på benken var ikkje bra mot oss, seier Bakke til Eurosport.

Eg synes det er respeklaust, dette får dei ta tak i sjølv. Det er ikke slik vi vil ha det. Dei må ha litt respekt for Sogndal når dei er her, seier Bakke.

– Vi har respekt for mostandarane, det er verdiane våre. Det er ikkje første gangen dette skjer, seier Bakke vidare til NRK.

Bakke sikta spesielt til Branns assistenttrenar, Robert Hauge.

- Nei, eg tar ein jubeldans, går rundt min eigen akse, og det var ikkje mot Sogndals benk. Det var ein dans i pur glede, sier Hauge til BA.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal-Brann.

AVGJORDE: Fredrik Haugen avgjorde kampen mot Sogndal med ein susar frå 35 meter.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Snudde kampen

Med det knallharde skotet frå 35 meter førte Fredrik Haugen Brann opp i gullstriden etter at Rosenborg avga poeng mot Lillestrøm.

Brann vann fortent og var det beste laget på Fosshaugane.

Sogndal leia 2-0 etter scoringar av Eirik Schulze og Per-Magnus Steiring, og det såg ut til at «saftkokarane» skulle gå mot sin tredje strake siger i Eliteserien.

Men Peter Orry Larsen og til slutt Fredrik Haugen snudde kampen for Brann på slutten.

Keepertabbe

Etter ti minutt fekk Sogndal akkurat den starten på kampen som dei trengte mot storebroren frå Bergen.

Lars Christian Kjemhus fekk skyte upressa frå 20 meter. Brann-keeper Piotr Leciejewski måtte gi ein retur på det ikke alt for harde skotet.

Og mens polakken sprella etter ballen satte Eirik Schulze kula inn i det opne målet på Fosshaugane.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal-Brann.

MÅL: Eirik Schulze satte inn returen frå Piotr Leciejewski for Sogndal.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Målet fekk ellers sindige sogningar til å koke over av begeistring, fryd og entusiasme.

Vestlandsderbyet førte til stinn brakke på Fosshaugane. 5600 tilskodarar skapte ei deilig ramme i herleg mai-vér i Sogn.

Sogndal la seg lavt etter scoringa med comeback-mannen Kjetil Wæhler som sjefen i midtsforsvaret.

Måtte byttast ut

41-åringen spelte sin tredje eliteseriekamp på åtte dagar, men måtte ut i pausen med ein hofteskade.

– Det store vendepunktet er når Kjetil må ut, seier Eirik Bakke.

Brann kasta innpå Azar Karadas tidleg i andre omgang og det skapte meir tyngde i Brann-angrepet.

Men i staden var det Sogndal som auka leiinga då midtstoppar Per-Magnus Steiring dundra ballen i krysset.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal-Brann.

DUNKA INN: Per-Magnus Steiring smell inn 2-0 til Sogndal. Azar Karadas klarar ikkje å hindre mål.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Men eitt minutt etter reduserte Brann ved Kristoffer Barmen.

Så nikka Petter Orry Larsen innlegget frå Fredrik Haugen i mål. Og to minutt etter klemte den elegante midtbanespelaren inn sigersmålet.

Då var det berre den tilreisande Brann-fansen som jubla og sang på stadion.

Sigeren er Branns første mot Sogndal på Fosshaugane sidan 2002.

– Gutta viser skikkelig mentalitet, at vi kjem tilbake frå 2-0 er råsterkt, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • N'Zonzi klar for Roma

    Steven N’Zonzi er klar for Roma. Han kommer fra Sevilla og koster cirka 250 millioner kroner. 29-åringen var med i Frankrikes VM-tropp som tok gull tidligere i sommer. Midtbanemannen har underskrevet en 4-årsavtale.

    SOCCER-WORLDCUP-FINAL/
    Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters
  • Ajer og Celtic utslått

    Det blir ikke mesterligafotball på Kristoffer Ajer og Celtic i høst. AEK Aten tok seg videre til siste kvalrunde med 3–2 sammenlagt. Grekerne vant 2–1 hjemme tirsdag og klarte 1–1 i Glasgow. Ajer var ikke med til Aten på grunn av karantene.

    Kristoffer Ajer
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Dahle gir seg i Ørn

    Thomas Dahle fratrer som hovedtrener for fotballjentene i Trondheims-Ørn etter en tung sesong så langt. Det gjenstår åtte kamper av serien, og Ørn ligger tredje sist. Klubben jobber med å få på plass en midlertidig trenerløsning.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live med NM-veka
NM-veka: Skyting, finpistol kvinner
NM-veka
NM-veka: Skyting finpistol, kvinner
NM-veka: X trial, finale for junior og kvinner
NM-veka: X trial