Bakenga langar ut mot «naive leiarar» - meiner det skjer rasisme i fotballen fleire gonger i veka

Mushaga Bakenga blir lei seg når han får høyre historiene om rasisme i barnefotballen. Likevel er han langt ifrå sjokkert. Han reagerer derimot sterkt på at rasismen blir dyssa ned.

Eliteserien fotball 2020: FK Haugesund - Odd (4-4)

RASISME: Odd-spelar Mushaga Bakenga er ikkje overraska over rasismen i breiddefotballen. Han har sjølv opplevd rasistiske kommentarar i barndomen.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

I går omtalte NRK dei to 19-åringane Aristide Mutula Sagbakken og Naftali Yakobo, som fortalde om sine opplevingar med rasisme frå fotballen. Dei to fortel om tilskodarar som har ropt at dei er dyr og motspelarar som kallar dei for apekattar og gorilla.

Det er ikkje sjokkerande. Eg skjønnar at det her er skakande for dei som ikkje har opplevd det og dei som er såpass naive og trur at det ikkje skjer, seier Mushaga Bakenga til NRK.

– Tala er vanvettig mykje høgare

– Tilskodarar har ropt til oss at me er dyr. Sporten blir ikkje gøy lenger. Eg blir lei meg, fortalde Yakobo.

– Eg kom heim og låg i senga og gret, på grunn av noko som har skjedd på fotballbanen, der eg eigentleg skal ha det gøy, sa Mutula Sagbakken.

Naftali Yakobo og Aristide Sagbakken.

STYGGE ORD: Aristide Mutula Sagbakken (t.v.) og Naftali Yakobo har opplevd mykje rasisme på fotballbanen.

Foto: Azad Razaei / NRK

Bakenga fortel at også han gjennom barndomen opplevde mykje rasisme på fotballbanen. Da han spelte U-landskamp i Polen ropte folk apekatt og kasta banan etter han. Han blir lei seg når han får høyre historiene til Yakobo og Sagbakken.

– Eg skjønnar dei veldig godt. Eg har også høyrd det her i mange år, seier Odd-spelaren.

Trass i desse erfaringane har det berre blitt registrert 25 rasistiske hendingar i breiddefotballen dei siste tre åra.

– Eg tenker nesten det kunne vore 25 i veka om ein går rundt og spør kvar enkelt mørkhuda. Det treng ikkje berre vere rasisme heller, det er all mogleg hets. Gå rundt og spør du. Så kan eg love deg at dei tala er vanvettig mykje høgare, seier Bakenga.

Kritisk til at det blir dyssa ned

Til NRK fortalde fleire av fotballkretsane at dei meiner at rasisme ikkje er eit stort problem i breiddefotballen. Og fleire oppgir at dei ikkje har nokon innrapporterte hendingar dei siste tre åra.

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust sa til NRK at rasisme aldri har vore eit stort problem. Der er ingen hendingar rapportert.

– Fotball er ein kampsport, og ord og uttrykk er oftare bannord når noko skjer, sa Myklebust til NRK i går.

Det får Bakenga til å reagere.

Eg las jo i saka at det var ein leiar som har ballar nok til å seie at det ikkje er noko problem. Det er eitt av dei største problema, at folk trur at det ikkje er eit problem. Sjølv om tala ikkje viser det, så kan eg love deg at det skjer nesten kvar veke eller dagleg i breiddefotballen, seier han.

– Når eg uttalar meg slik er det på bakgrunn av få rapporterte saker i Sogn og Fjordane. Det betyr ikkje at me fornektar eller skjuler problemstillinga, også hos oss er det mørketal. Ei kvar sak er ei for mykje, svarer Myklebust på kritikken.

Les resten av tilsvaret frå Myklebust i botn av saka.

President i Norges Fotballforbund (NFF), Terje Svendsen har sett i gang fleire kampanjar mot rasisme i norsk fotball. Overfor NRK er han klar på at arbeidet mot rasisme på langt nær er ferdig.

Terje Svendsen

VIL JOBBE MED DET: Fotballpresident Terje Svendsen vil jobbe mot at det skal bli mindre rasisme i norsk fotball.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

– Det er eit arbeid ein ikkje kan måle mot å bli fornøgd. Det handlar om dosering, kor mykje me skal jobbe med det og kor høgt det skal bli prioritert. Me må velje å prioritere det i stor grad, seier Terje Svendsen.

Varslingsportal og app

– Eg kan ikkje garantere at me ikkje får sånne historier framover. Dessverre trur eg at sånne saker dukkar opp av og til. Det her er ei påminning for oss om at me må passe på at me lyftar opp arbeidet med inkludering enda høgare i arbeidet vårt mot krets og klubb. Det kan eg love at me skal gjere, seier fotballpresidenten.

Stabæk-trenar Jan Jönsson trur ting har blitt betre, men han meiner likevel ikkje at ein er i mål.

Janne Jönsson

SKREMMANDE: Jan Jönsson synest det er skremmande å sjå rasismen i fotballen.

– Sjølv om ein tenker at det meste er borte, så få vekk alt. Eg er allergisk mot det. Så sjølv om ein tenker at det ikkje er eit like stort problem i Norge som andre stader, kan ikkje det vere ei unnskyldning. Det skal vere nulltoleranse. Det er skremmande. Det er gode tiltak som no kjem frå forbundet, og det er heilt nødvendig, seier Jönsson.

For NFF har ein app og ein varslingsportal på sine nettsider der ein kan melde inn saker til NFF sentralt. Svendsen håper å få meir publisitet, slik at fleire nyttar seg av den moglegheita.

– Det at me no får merksemd knytt til det her håpar eg kan bidra til at terskelen for å melde desse sakene er lågare, seier Svendsen.

– Å sørge for at varslingskanalen blir så kjent at spelarar, foreldre og andre kan nytte den og veit at den finst. Det vil vere ein viktig del av tiltaka framover, fortset han.

Sjølv om Bakenga meiner rasisme er eit stort problem no, så har han likevel håp for framtida.

– Eg trur folk har vore naive, og det er bra det kjem opp. Det er steg ein, men eg er spent på kva som skjer vidare, seier Bakenga.

– Kva er løysinga for å bli kvitt rasismen?

– Løysinga er å få skapt ei haldningsendring. Det her er ikkje noko som blir løyst dei neste fem åra. Viss me startar prosessen no, når den generasjonen her får barn, så tek det kanskje slutt. Det som skjer no er eit resultat av generasjonen før oss. Ingen av dei som veks opp er fødd rasistar. Dei har lært det heimanfrå. Me må få vaska ut det, så trur eg me kan hauste av det om nokre tiår, avsluttar han.

Siste nytt

  • Kombinertgutta vant

    Norge vant lørdagens lagkonkurranse i kombinert etter en kjempespurt av Jarl Magnus Riiber.

    Riiber gikk ut samtidig med tyske Vinzenz Geiger etter at Jørgen Graabak hadde tatt igjen 18,7 sekunder på Terence Weber på den tredje etappen.

    Riiber og Geiger fulgte hverandre på de to siste rundene, men nordmannen var raskest i spurten.

    Dermed vinner Norge duellen mot Tyskland, og får revansje fra tapet i VM under lagkonkurransen i kombinert på Lillehammer.

    – Det blir utklassingseier i spurten. Norge er fortsatt den beste kombinertnasjonen. Det er smadring i spurten, sa NRK-kommentator Jann Post.

    – Det var duket for Riiber-show, sa Torgeir Bjørn.

    Espen Bjørnstad og Jens Lurås Oftebro gikk de to første etappene for Norge.

    Etter løpet forteller Riiber at han var stresset før målgang.

    – Det var egentlig bare panikk. Jeg visste ikke hvor han var og at han hadde sluppet tidligere.

    – Det var godt å se at de tok meg mot (resten av laget i målområdet journ.anm), da visste jeg at jeg hadde avgjort det tidligere, sa Riiber til NRK videre.

    Japan tok tredjeplassen etter en forrykende spurt mot Østerrike. De to var hele 2.23 minutter bak.

  • Jansrud konstantert korsbåndskade

    Kjetil Jansrud falt stygt under super-G-rennet i Beaver Creek. Nå bekrefter Skiforbundet skade i kneet til alpinisten.

    – Vi har foreløpig fått konstatert skade på korsbånd og innvendig sidebånd. Kjetil reiser hjem med laget mandag, der vil han få en ny vurdering, sier alpinlandslagets lege Marc Strauss i en pressemelding.

    – Det er for tidlig å si noe om eventuell operasjon og skadeomfang, fortsetter han.

    Jansrud kjørte ut i super-G-rennet torsdag og holdt seg til kneet etter å ha kjørt inn i nettet. Etter hvert tok han på seg skiene igjen og kom seg ned til målområdet på egen hånd.

    WCup Mens Super G Skiing
    Foto: Robert F. Bukaty / AP
  • Djokovic og Serbia ute av Davis Cup

    Novak Djokovic og Serbia klarte ikke å komme seg forbi Kroatia i semifinalen i Davis Cup og tapte 2-1.

    Borna Gojo startet den gode dagen for Kroatia da han slo Dusan Lajovic i tre sett. Deretter utlignet verdensstjernen Djokovic med seier mot Marin Cilic i strake sett.

    Djokovic har hatt en strålende sesong i single og har vunnet fem titler på ATP-touren. I ATP-finalen i Torino nylig fikk han det imidlertid ikke helt til å stemme. Han ble slått ut av tyske Alexander Zverev i semifinalen.

    Spain Davis Cup Tennis
    Foto: Bernat Armangue / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal