– Slovenia var ikkje så interessert i å vinne kampen såg det ut som, seier Petter Øverby.
Han var ein av mange stjerner som aldri kom innpå mot Slovenia. Eit B-prega Noreg hadde stort sett kontroll på sigeren.
Men det var kanskje heller ikkje så vanskeleg mot eit Slovenia-lag som såg ut til å ikkje ville vinne gruppa.
– Det såg ikkje sånn ut. Dei var ikkje akkurat desperate på slutten der når me leia med eitt mål, seier keeper Espen Christensen.
Keeper Espen Christensen kom inn i den norske troppen før kveldens kamp og storspelte spesielt på straffer mot Slovenia.
Foto: Vidar Ruud / NTBBegge var klare for semifinale
Skadde Magnus Abelvik Rød såg det same frå tribunen.
– Begge lag spelar taktisk og spekulert. Trur ingen vil seg frå si beste side i dag. Høyrer også rykte om at Slovenia ikkje vil møte Kroatia i semifinale, sa den skadde høgrebacken Magnus Abelvik Rød til NRK i pausen.
Slovenia var i likskap med Noreg klar for semifinale før dagens kamp, men viste ikkje den største vilja til å kjempe om gruppesigeren. Før kampen var det klart at vinnaren av gruppa ville møte Kroatia, medan toaren fekk Spania.
Slovenias svenske trenar Ljubomir Vranjes ler når han får spørsmålet om dei ikkje ville vinne.
– Eg veit ikkje om det er slik. Me tenkjer ikkje på ein kamp når me veit me er i semifinale. Det var viktigare å kvile spelarar så dei fekk ein ekstra kviledag før semifinale. Ein får tenkje som ein vil, seier Vranjes til NRK.
Begge lag stilte med B-prega lag, og begge lag påstod også at det var det same for dei om det blei Kroatia eller Spania i semifinalen.
– Dei er like gode, så klart det er det same. Dei har ulike styrker, men skal du vinne eit EM må du vinne over alle lag, meiner den slovenske trenaren.
Ikkje vunne mot Spania sidan 1997
Kveldens norske toppscorar Kevin Maagerø Gulliksen seier at han ikkje visste korleis det hadde gått mellom Kroatia og Spania før dei gjekk ut på parketten.
– Det er eigentleg eit feitt kven me møter. Det er så mykje sjølvtillit i laget nå, gliser Gulliksen som enda opp med sju mål frå kanten.
Sander Sagosen slapp å ta av seg treningsdressen i Malmö i kveld. Sjølv meiner han den ekstra kvila er gull verdt før semifinalen mot Kroatia på fredag.
Foto: Vidar RuudEtter ein tam fyrste omgang med to reserveprega lag gjekk Noreg til pause med 14–13 leiing. Debutantane spelte seg enda meir varme i trøya i andre omgang og Noreg hadde ein komfortabel leiing heilt fram til det stod att fire minutt.
Slovenia tok nesten igjen forspranget og var eitt mål bak da det stod att fire minutt. Men det urutinerte norske laget beheldt roa og berga sigeren med 33–30.
Dermed slepp Noreg unna Spania som har vore ein svært vanskeleg motstandar dei siste åra før ein eventuell finale.
Noreg har nemleg ikkje vunne mot Spania på dei 18 siste kampane. Me må faktisk heilt tilbake til 1997 for å finne den siste norske sigeren mot Spania i herrehandball.
Finalen i Stockholm på søndag kan bli neste moglegheit for å bryte tapsrekkja. Fyrst ventar Kroatia i semifinalen på fredag.