Hoseth avviser for lite kamp om plassane

Magne Hoseth vedgår at Molde er i ferd med å skjemme seg ut i Eliteserien, og at ei krise er under oppsegling. Men veteranen meiner konkurransen om ein plass på laget framleis er knalltøff.

Magne Hoseth vedgår at Molde er i ferd med å skjemme seg ut i Eliteserien, og at ei krise er under oppsegling. Men veteranen meiner konkurransen om ein plass på laget framleis er knalltøff.

Magne Hoseth har vore med på både opp- og nedturar i Molde.

Ny veke i Molde, ei ny veke utan trepoengar i Eliteserien 2013.

Søndag blei Strømsgodset for sterke, då Molde tapte sin tredje strake heimekamp.

Likevel, Molde-veteran stiller opp når uroa Molde-supporterar møter opp på stadion. Dei mest kritiske meiner det er for lite konkurranse om plassane på laget.

Det avviser Hoseth.

– Det er ufatteleg konkurranse på ein del plassar på laget. Det er klart, når vi får 4-5 midtstopparar skadde, så er det uflaks og alt på ein gong.

– Det er synd det skjer, men vi har konkurranse nok til at vi kan stille to ellevarar til ei kvar tid som ikkje gjer seg bort i Tippeligaen. Sånn sett blir det eit veldig feil svar når vi er i ferd med å gjere oss bort i Tippeligaen, seier ein smilande oppgitt Magne Hoseth.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær avviser manglande konkurranse om plassane.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Meister i motgang

Molde-veteranen frå Averøya vil no dele kunnskap han og få andre Molde-spelarar har: Å takle motgang.

Mange spelarar i Molde har berre opplevd suksessen under Solskjær.

– Framover blir det vel litt meir av det, om kva eg synest og meiner som bør gjerast i visse situasjonar. Til no har eg ikkje gjort det, for det har ikkje vore krise. Men no nærmar det seg faretruande ordet krise, meiner Hoseth.

For eitt poeng på seks seriekampar og soleklar sisteplass er stoda.

– Vi får hjelpe dei som spelar til ei kvar tid og manne oss opp til å gå i krigen, seier Hoseth.

Saka held fram under bildet.

Molde mot Strømsgodset

Tre heimekampar og tre tap er stoda for Molde så langt. Søndag vann Strømsgodset 2-1 på Aker Stadion.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Ikkje lett å ta ut laget

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær brukte måndagen på å sjå meir fotball. Han meiner det er stor nok konkurranse om plassane i Molde Fotballklubb.

– Ja, det synest eg. Det er ikkje lett å ta ut laget, og det er ikkje grunna berre dårlege prestasjonar.

Solskjær har både før og no vore klar på at prestasjonane på trening er gode.

– Og dei som kjem inn i går gjer det vanskeleg for meg å setje dei ut neste gong, avsluttar Solskjær.

Kva meiner du Molde må gjere for å snu den vonde trenden? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

Siste nytt

  • Slik blir kvartfinalene for kvinner

    Kvartfinale 1: Stina Nilsson, Sophie Caldwell, Katja Visnar, Kristine Stavås Skistad, Yulia Belorukova og Lucia Scardoni.

    Kvartfinale 2: Jonna Sundling, Natalja Neprjajeva, Eva Urevc, Maiken Caspersen Falla, Mariel Pulles og Elisa Brocard.

    Kvartfinale 3: Mari Eide, Nadine Fähndrich, Hanna Falk, Sofie Krehl, Laura Gimmler og Greta Laurent.

    Kvartfinale 4: Maja Dahlqvist, Tirl Udnes Weng, Victoria Carl, Alenka Čebašek, Sadie Bjornsen og Natalia Matveeva.

    Kvartfinale 5: Jessica Diggins, Sandra Ringwald, Laurien van der Graaf, Anamarija Lampic, Julia Kern og Tereza Beranova.

    VM ski 2019. Langrenn prolog
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Svenskene reagerer på Skistad-valg

    Krstine Stavås Skistad valgte å gå i kvartfinaleheat med gode løpere som Stina Nilsson og Sophie Caldwell i VM-sprinten i Seefeld. – Oi, oi, hun er ute etter medaljer, kommenterte SVT-ekspert Anders Blomquist, ifølge Expressen. – Hun er ikke blyg, utbrøt SVT-kommentator Jacob Hård.

    Skistad.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Norsk super-G-sølv i junior-VM

    Lucas Braathen køyrde inn til sølv i super-G i junior-VM i føremiddag. Han var 34 hundredeler bak amerikanske River Radamus, og 14 framfor bronsevinnar Florian Loriot frå Frankrike.

    Kaspar Kindem blei nest beste nordmann på 15.-plass.

Sendeplan

Kl. Program Kanal