Avslutta LSK-karrieren med mål: – Veldig herleg

Ingrid Syrstad Engen kunne ikkje fått ei betre avslutning på karrieren som LSK-spelar. På vegen mot profflivet i Tyskland kunne ho notere seg for eit mål og 3–1 siger til gultrøyene over Sandviken.

Mesterligaen fotball, kvinner: LSK Kvinner - FC Barcelona Femeni’ (0-1)

AVSKJED: Ingrid Syrstad Engen laga mål i sin avskjedskamp for LSK Kvinner.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var veldig herleg. Vi hadde ein god første omgang i dag og kjempeviktig med tre poeng, seier Syrstad Engen etter kampen.

– Ho er ein god spelar som har utvikla seg veldig, seier LSK-trenar Hege Riise.

Sjølv om det vart mål, var det også ein vemodig dag måtte Syrstad Engen innrømme etter avskjedskampen.

– Det er veldig trist. Det byrjar å gå opp for meg no og eg kjem nok til å kjenne på at det trist og forlate klubben.

Lagvenninne Guro Reiten er ikkje i tvil om at dei kjem til å sakne Syrstad Engen på laget.

– Sjølvsagt ville vi hatt ho på laget, men Ingrid fortener denne sjansen og kjem til å gjere det kjempebra.

Mesterligaen fotball, kvinner: LSK Kvinner - FC Barcelona Femeni’ (0-1)

SAKNA: Guro Reiten kjem til å sakne lagvenninna Syrstad Engen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Ho legg til at laget sjølvsagt kjem til å bli svekka av dette, men at ho reknar med nye vil kome inn.

Mål i første minutt

Det første målet kom alt før det var passert eit minutt. Målscorar Therese Sessy Åsland og Lillestrøm-kvinnene sette dermed standaren på ein kamp, der dei dominerte fullstendig i første omgang.

Etter 14 minutt sørga Ingrid Syrstad Engen for 2–0 i sin avskjedskamp for LSK. Dette er hennar siste kamp i gul drakt. 21-åringen forlèt LSK for å bli proff i Wolfsburg i Tyskland.

43 minutt ut i kampen blir Emilie Bosshard Haavi blir felt av Stine Hovland inne i 16-meteren. Guro Reiten sette den trygt i hjørnet og kan dermed notere seg sitt 12 seriemål for sesongen.

Toppserien 2019, fotball kvinner, Vålerenga - LSK kvinner (1-2)

SIGER: LSK Kvinner er i ferd med å feste grepet om Toppserien etter at dei vann toppkampen mot Sandviken.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Etter kvilen er det derimot Sandviken som kjem best i gang. Tre minutt ut i andre omgang er det Kennya Cordner som kjem seg fri og slår ballen hardt i nærmaste hjørne.

Sandviken kom langt meir med i kampen i andre omgang, noko som også medførte fleire feil og langt mindre dominans av LSK.

– Kjempebra første omgang og ræva andre, kokluderar Guro Reiten.

– Dei er betre enn oss i første, men i andre omgang synst eg vi er best. Synd vi ikkje scorar fleire mål, seier Sandviken sin Stine Hovland.

LSK-trenar Hege Riise var helle ikkje nøgd med prestasjonen i andre omgang.

– Det såg ut som alle hadde sett meisterligaen i går, der alt skjedde i første omgang. Vi spelar ein veldig god første omgang, og desto dårlegare andre. Vi vinn ikkje duellane og slår bort ballen. Men eg glad vi vinn og det er fortent.

Klar leiing

LSK Kvinner er i ferd å feste grepet og leiar no Toppserien med 26 poeng. Det er sju poeng ned til Klepp på andreplass og med tapet i dag blir Sandviken ståande med 18 poeng.

Direktør for elitefotballen, Lise Klaveness, lét seg imponere av fleire av spelarane. Heile 11 VM-spelarar var i aksjon i kampen. Åtte på LSK Kvinner og tre på Sandviken.

– Det ser ut som dei spelar med stort overskot og dei offensive spelarane er i form.

Det er no pause i Toppserien til etter VM.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Norges gruppemotstander straffes

    EM-kvalifiseringsmøtet mellom Romania og Norge skal spilles for tomme tribuner. Romania straffes hardt av UEFA for supporternes oppførsel i tidligere kamper, det melder NTB. Bakgrunnen for straffen var supporternes oppførsel i kampene mot Spania og Malta, hvor kampen ble utsatt i ett minutt på grunn av at det ble kastet fyrverkeri inn på banen. Det rumenske fotballforbundet har i tillegg fått en bot på 83.000 euro, tilsvarende cirka 820.000 kroner. Romania og Norge møtes i Bucuresti 15. oktober. Norge trenger trolig seier dersom det skal være et reelt håp om å gå videre fra sin EM-kvalifiseringsgruppe.

    Fotball EM-kvalifisering menn Norge - Romania 2-2
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Hovland med eagle og tetkamp

    Med fire slag under par i dag og seks under par totalt er Viktor Hovland førebels nummer 8 etter to rundar av PGA Championship på europatouren i Wentworth i England.

    Hovland hadde ein eagle (to under par) og fire birdiar (eitt under par), men også tre bogeyar (eitt over par) fredag.

    Engelske Justin Rose og svenske Henrik Stenson leier med ni under par.

    Turneringa blir avslutta søndag, og er ei av fire europeiske turneringar som Hovland må delta i for å vere aktuell for Europas lag til Ryder Cup neste år.

    Viktor Hovland
    Foto: Carl Andreas Wold / NRK
  • Barcelonas stjerneskudd blir spansk

    Stortalentet Ansu Fati (16) fikk fredag spansk statsborgerskap. Det betyr at han kan spille for Spanias landslag i framtiden, melder NTB. 16-åringen er født og oppvokst i Guinea-Bissau i Afrika, men kom til Spania som sjuåring. Han startet på Barcelonas fotballakademi som tiåring og ble tidligere denne uken tidenes yngste Barcelona-spiller i mesterligaen.

    Ansu Fati er tidenes yngste Barcelona-spiller som har scoret i ligaen
    Foto: John Macdougall / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal