Til slutt enda det 2–1 i favør AaFK i oransjetrøyene sin siste kamp på La Manga for i år.
Dei to andre kampane på La Manga var mot den regjerande danske seriemeisteren Nordsjælland og rumenske FC Astra.
AaFK slo Nordsjælland 3-2, medan det blei tap 2–0 for FC Astra.
- Les også:
Vakker Stewart-scoring
Mot svenske Kalmar gjekk AaFK aggressivt ut i byrjinga.
Allereie etter 12 minutt kom 1-0, då jamaicanske Demar Phillips la ballen i mål etter eit innlegg frå landsmann Tremaine Stewart.
Gjennom heile første omgang var AaFK farlegast, men 1–0 stod seg til pause.
Andre omgang blei langt rolegare enn den første, men ei Stewart-perle fekk jubelen i taket.
Etter 76 minutt snappa Stewart opp ballen, før han banka ballen i lengste hjørne frå om lag 22 meter til 2–0.
I det 86. minutt reduserte Tobias Eriksson for Kalmar, men AaFK vann til slutt 2–1.
- Les også:
- Les også:
Grytebust: – Vår beste kamp hittil
– Dette blei ein positiv kamp for vår del. Vi får til det vi har trena på offensivt og vi er rimeleg tette defensivt, seier AaFK-keeper Sten Grytebust etter kampen.
– Alt i alt er dette vår beste kamp hittil i år.
Grytebust meiner den første halvtimen var spesielt god.
– Vi skaper ein del, har god kontroll og spelar oss ut bakfrå. Dei slepp litt meir inn i kampen og gir oss litt problem når dei flyttar opp meir folk.
– Men eg synest vi er best. Det var ei god gjennomkøyring og ein kamp eg synest vi vinn fortent, oppsummerte AaFK-keeperen.