Hopp til innhold

Avslører kollaps då han ville kopiere Bjørndalen og Svendsen

VIK (NRK): Johannes Thingnes Bø røper ein brutal start på livet som lagkamerat med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen. Smellen var med på å endre tankegangen til VM-vinnaren.

Thingnes Bø

MØTTE VEGGEN: Johannes Thingnes Bø fekk smerteleg erfare korleis det var å følge Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen det første året på elitelandslaget.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Eg trur den erfaringa har gjort at et lyttar meir til kroppen min. Kanskje er det derfor eg følger magefølelsen og kroppsfølelsen meir enn timeplanen på trening, seier Thingnes Bø.

27-åringen herjar med lagkameratane på løpetrening opp bakkane i Vik i Sogn før sommar-NM på Voss. Tidlegare på samlinga knuste han alle med 20 treff og best langrennstid i testløpet.

Etter ein sommar der han har droppa økter og bretta ut om sitt utradisjonelle treningsregime, er det no han må vere hard med seg sjølv for å bli best også til vinteren.

Men sjølv om rekordmannen blir omtala som eit fysisk vidunder, enda starten på karrieren i ein langvarig kollaps.

– Katastrofe

Supertalentet Thingnes Bø gjekk rett inn på seniorlaget som 19-åring, men etter ei høgdesamling med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen bar det rett på sofaen i fleire månader.

– Eg gjekk i bakken. Under eit testløp måtte eg legge meg ned på matta etter ståande skyting og avbryte. Då var det ingen veg tilbake, seier Thingnes Bø.

Det overivrige inntoget på seniorlaget i 2012 enda smertefullt.

– Eg kom til sommar-NM i september og var heilt katastrofe. Bare fysioterapeuten tok i låra mine kjente eg syra i muskulaturen. Ingenting fungerte, seier OL- og VM-vinnaren.

Blinkfestivalen 2020

I MODUS: Johannes Thingnes Bø vann siste testrenn før NM, og er i god treningsform for tida. Slik var det ikkje første året han var senior.

Foto: Carina Johansen

– Fekk svi

Det var trua på at han den gang kunne trene like heftig som storebror Tarjei, Svendsen og Bjørndalen i høgda som spolerte alt.

– Eg følgde Emil Hegle Svendsen og staka meg oppover bakkane i staden for å gå klassisk. Eg hang med Ole Einar og Lars Berger i rulleskiløypa, men beit nok over for mykje og fekk svi for det seinare.

– Det var ein god, gammaldags nybegynnarfeil, seier Thingnes Bø.

Ein langt på veg spolert sesong og treningsnekt frå september til januar blei lærepengen til seinare i karrieren.

– Viser styrke at eg ikkje har gjort det igjen

Vetle Sjåstad Christiansen, som også gjekk på ein lik smell eit år seinare, roser Thingnes Bø for lærdommen han tok på veg til toppen.

– Han kjente definitivt då kor mykje han tålte. Han lærte seg å ligge godt under grensa og vite kva som skulle til for å gå fort på ski. Ikkje få kudos for å trene mest eller for at treningsdagboka skulle sjå flott ut. Han visste akkurat kva som skulle til for å gå godt på ski og det er det som gjeld til sjuande og sist, seier Sjåstad Christiansen.

Også Thingnes Bø er usikker på kor mykje har hatt å seie for korleis han han har trena i ettertid, men er glad for at det ikkje har skjedd igjen.

– Eg skjønte at det ikkje er alltid bare er å pøse på. Det kan bli for masse. Eg har fått veldig respekt for å bli overtrena fordi du kan føle deg utruleg bra og testane er dei beste nokon gang. Plutseleg smeller det og du ryker på ein sesong utan å få gått skirenn.

Uansett har det gjort han bevisst på når han skal bremse treningsarbeidet for å unngå smellen.

– Det viser styrke at eg ikkje har gjort det i ettertid når eg har skjønt at kroppen min faktisk er mottakeleg for det, seier Thingnes Bø.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal