NRK Meny
Normal

– Før bygginga av OL-byen starta, hadde nesten alle her ein bra heim

Ein ny dokumentar syner nok ein gong skuggesida av OL i Sotsji. Innbyggjarane rundt anlegga har fått heimstadane sine øydelagde og liva snudd på hovudet.

Sotsji-OL

BBC-dokumentaren Putin's Games syner mellom anna eitt av fleire hus der grunnen har svikta. Årsaka er fleire ras som har gått etter OL-bygginga starta.

Foto: BBC

– Før bygginga av OL-byen starta, hadde nesten alle her ein bra heim, seier ein av innbyggjarane i ein landsby som er hardt ramma av bygginga til Sotsji-OL.

Journalist i BBC John Sweeney samanliknar russarar før OL i Sotsji med kinesarar før OL i Beijing i 2008.

Sweeney har laga kritiske dokumentarar før begge desse olympiske leikane om korleis tilskipinga går utover folket. BBC sende dokumentaren Putin's Games måndag.

Der fortel Sweeney mellom anna om korrupsjon, overgrep på arbeidarar som ikkje får betalt, uverdige arbeidstilhøve og trugslar mot dei som torer å snakka negativt om å byggja Sotsji om til ein OL-by.

Må visa pass for å sjå naboane

Sotsji-OL

Ei kvinne fortel journalist John Sweeney korleis det er å bu i eit hus som står aldeles på skeive.

Foto: BBC

I dokumentaren prøver Sweeney å ta seg inn i ein landsby dei har høyrd er hardt ramma. Han ynskjer å snakka med lokalbefolkninga, men vert stoppa av ein ny kontrollstasjon midt i byen.

Han får likevel kontakt med nokon lokale.

– Dei har sett opp ein kontrollstasjon midt i byen, slik at naboar må visa pass for å sjå kvarandre. Det er som å bu i eit okkupert område, fortel ein av innbyggjarane.

Folk kjenner seg ikkje trygge og er redde for å gå til butikken.

– Det er ikkje fortau i byen, så det finst ingen trygg måte å koma seg rundt på grunn av alle lastebilane som køyrer her, fortel ei kvinne.

Då bygginga av OL-byen starta, mista innbyggjarane vatnet. Det vart sett opp vasspumpe for tre år sidan, men den fungerer ikkje. No får dei vatn køyd inn i store tankar.

Sweeney får koma inn i eitt av fleire hus der grunnen har svikta. Husa har vorte skeive. Årsaka er fleire ras som har gått etter OL-bygginga starta, fordi store mengder avfall har vorte dumpa i området.

– Det er som å bu på eit skip som beveger seg opp og ned. Eg føler meg alltid sjøsjuk og svimmel, fortel kvinna som bur der.

Putin-vener

Sotsji er utan tvil dei dyraste olympiske leikane nokosinne med ein prislapp på rundt 300 milliardar norske kroner – trass i at vinter-OL har langt færre utøvarar enn eit sommar-OL.

Av dokumentaren går det fram at fleire barndomsvener av president Vladimir Putin har fått svært så lukrative kontraktar i samband med OL. Mange arbeidarar hevdar dei ikkje har fått betalt i det heile teke.

Den russiske journalisten Nicolay Yarst ville vita kva som skjedde under bygginga til OL, men vart fengsla i seks månadar. I fylgje Yarst planta politiet cannabis i bilen hans for å få han arrestert, og dermed hindra han i å undersøkja korrupsjon.

Siste nytt

  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images
  • Fossum i ellevill Bundesliga-kamp

    Iver Fossum startet sin første kamp siden 21. oktober, og spilte samtlige minutter for Hannover i 4-4-festen mot Leverkusen i Bundesliga. Julian Korb sikret poengdeling sju minutter før slutt.

    Foto: Peter Steffen / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal