– Nivåforskjellen var tydeleg her ute i dag. Den var veldig stor, sa trenar Kent Michael Bøe til NRK etter kampen
Etter 2-5-tap på ei overfylt heimebane i Norge for ei veke sidan såg det vanskeleg ut for Avaldsnes å gå vidare i meisterligaen for kvinner då dei møtte Lyon til returkamp i 16-delsfinalen i kveld.
Og det vart ein tøff kamp på bortebane for det norske laget.
Tidleg kalddusj
Det vesle Avaldsnes hadde av håp om avansement fekk seg raskt ein solid knekk. Lyon fekk tildelt hjørnespark etter knappe to minuttar.
I feltet fekk kaptein Wendie Renard gå heilt fritt opp, og nikka ballen over Avaldsnes-keeper Madalyn Schiffer.
– Det var surt og kjedeleg. Me gjer ikkje ein god kamp. Kampen startar der me avsluttar heime, seier Bøe.
Og det fortsette i det same sporet resten av omgangen. Lyon var det førande laget, og fekk to mål avblåst for offside før halvtimen var spelt.
Rett før pause sette Dzsenifer Marozsán eit frekt frispark i nettet bak Schiffer, og Lyon kunne gå i garderoben med ei leiing på to mål.
– Me skulle kanskje bygd tetris inne i målet, seier trenar Bøe spøkefullt.
Skada Hegerberg
Norske Ada Hegerberg blei tidlegare i år kåra til Europas beste spelar forrige sesong, og var med på å ta «The Treble» med Lyon. Ho fekk også sette det femte og siste målet i nettet då Lyon vitja Norge forrige veke.
I dag var Hegerberg derimot ute med ryggskade, og måtte sjå kampen frå tribuna på Stade de Lyon, med plass til over 55 000 tilskodarar.
– Det var ein god kamp alt i alt. Me skårar fine mål, og har god kontroll, seier Hegerberg til NRK etter kampen.
Med Hegerberg på tribuna opna de ein plass på benken til norske Andrea Norheim. 17-åringen har fortid i nettopp Avaldsnes, men fekk inga speletid i dagens kamp.
– Frustrerande
Men frå benken kunne ho sjå Lyon-laget sitt dominere kampen mot Avaldsnes. I den andre omgangen skåra Lyon tre nye mål, og kampen enda til slutt 5-0 til dei franske vertane.
Like kjekt var det ikkje for Avaldsnes-spelarane.
– Det var veldig tungt, rett og slett. Det er frustrerande å spele slik, seier Maren Mjelde til NRK.
Ho meiner det nester var for stor nivåforskjell på laga i dag, og at det er berre ein ting som hjelper no.
– Me får reise heim og trene.