Automatisk offside-varsling i VM?
FIFA ønskjer å prøve ut eit system for automatisk offside-varsling i VM i Qatar neste år.
Føremålet er å sleppe å vente like lenge på offside-avgjerder som ein ofte må med dagens VAR-teknologi.
Fotballens regelkomité IFAB gav sist månad grønt lys for å teste det dei kalla eit «semi-automatisk» offsidevarsling til hjelp for dommarane.
– Eg trur vi er klare for å ta det i bruk neste år, seier Arsene Wenger til The Times. Den tidlegare Arsenal-manageren er utvikingssjef i FIFA.
– Då kan vi kanskje sleppe å vente i 70-80 sekund på at dommaren må sjekke VAR før ei offside-avgjerd, seier Wenger.