NRK Meny
Normal

Austerrisk alpinlegende legg opp

– Han er ein av alpinsportens aller største legender, seier Kjetil Andre Aamodt. I dag annonserte Benjamin Raich at han er ferdig som skiløpar.

Benjamin Raich

LEGENDE: Benjamin Raich har vore ein Austerrikes største stjerner med mellom anna to OL-gull. No er 37-åringen ferdig som skiløpar.

Foto: Alessandro Trovati / Ap

Heilt sidan Benjamin Raich tok sin fyrste verdscupsiger i 1999 har han vore ein av dei største alpinistane i verdscupsirkuset. 35 sigrar seinare har 37-åringen køyrt sitt siste verdscuprenn. Det annonserte Raich på ein pressekonferanse i dag.

– Det er ein av dei aller største stjernene som legg opp, seier NRKs alpinkommentator Andreas Toft.

Vår største alpinlegende Kjetil Andre Aamodt som har duellert mot Raich i mange år er einig.

– Han er ein legende innan alpinsporten. Han var utruleg vanskeleg å slå og er verkeleg ein utøvar som har sett sine spor, seier Aamodt som meiner dei to har hatt ganske like karrierer.

– På mange måtar hadde han ein ganske lik karriere som meg. Som meg var han fyrst best i slalåm, for så å bli ein god allroundar. Eg hadde jo også ein rekord med flest verdscuppoeng som han til slutt tok.

Aamodt

EIN LEGENDE: Kjetil Andre Aamodt konkurerte i mange år mot Benjamin Raich og beskriv austerrikaren som ein jordær fyr som var glad i sporten sin.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Raich har altså rekorden med flest verdscuppoeng og talet på verdscupstartar i verdscupen. Dei siste sesongane har han slitt litt meir og sin siste VM-medalje tok han tilbake i 2011. Men i verdstoppen har han vore heilt til siste slalåmsving.

– Han var på pallen i fjor også og har hatt ein eventyrleg karriere, seier Toft.

Svindal: – Den mest sportslege konkurrenten

Aksel Lund Svindal har hatt mange tøffe duellar mot austerrikaren i mange år. Han ser på Raich som ein av sine beste konkurrentar.

– Han er ein av dei mest sportslege konkurrentane eg nokosinne har køyrt mot, uansett kor liten margin som har skild oss frå siger eller tap, seier Svindal på Twitter etter at nyheiten blei kjent.

Laster Twitter-innhold

Til tross for alle sigrane til Raich er ikkje det han vil hugse best av 37-åringen. I 2009 låg Raich to små poeng bak Aksel Lund Svindal før verdscupen skulle avgjerast med slalåm i Åre. Raich har alltid vore ein langt betre slalåmkøyrar enn Svindal, og trengte fyrst og fremst berre å kome seg i mål. Men austerrikaren var svært uheldig og køyrte ut i fyrste port.

– Det dramaet i Åre var heilt sjukt, hugsar Toft.

LES SAKA: Aksel vant verdenscupen

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM i bryting
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Strømsgodset