Aubameyang redda Arsenal til slutt
3-2 mot Benfica var akkurat nok. Arsenal og Martin Ødegaard går vidare i europaligaen med 4-3 samanlagt.
Pierre-Emerick Aubameyang opna scoringane etter 21 minutt. Han smatt mellom stopparane og lobba over keeper.
Men Benfica slo tilbake. Like før pause sette Diogo Gonçalves eit frispark frå 20 meter rett i krysset. Kvarteret etter pausen utnytta Rafa Silva ein gigatabbe i Arsenal-forsvaret. Dermed 2-1 til gjestene, og då måtte Arsenal ha to mål for å gå vidare.
Det gjorde dei. Det første kom etter 67 minutt, Kieran Tierney smelte ballen hardt, lågt og presist i lengste hjørne.
Og tre minutt før slutt var Aubameyang på plass igjen, og stanga inn det avgjerande 3-2-målet.
Deretter murte Arsenal igjen bakover, og tok ut Martin Ødegaard i prosessen. Ødegaard var veldig involvert i det meste Arsenal gjorde, men var ikkje direkte involvert i scoringane.