Hopp til innhold

Åtvarar landslagsstjernene etter dette – fryktar sjukdomskrise

Kyss, klapp og klem får eit tydeleg «nei» før VM-start av landslagstrenar i langrenn Sjur Ole Svarstad. Han varslar tiltak og slår alarm etter «sjukdomsboom» tidlegare i år.

Tour de ski 2022/23

KLEMDE TIL: Anne Kjersti Kalvå og Frida Karlsson gav kvarandre ein god klem under Tour de Ski i Oberstdorf.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Du har akkurat komme i mål, kjenner adrenalinet pumpe og får kanskje lyst til å gi næraste person ein klem etter at eit tungt renn er unnagjort.

Sistnemnde vil fleire av dei norske landslagsstjernene unngå før VM-start.

Ein prøver å tenkje på det heile tida og halde avstand til alle. I nokre situasjonar blir det mykje adrenalin og glede, og ein gløymer seg litt. Nokre glepp blir det sjølvsagt, seier Anne Kjersti Kalvå til NRK.

Kalvå

TILBAKE: Anne Kjersti Kalvå er endeleg tilbake etter runde to med covid-sjukdom.

– Kan tenkje seg om

Langrennsløparen var ein av fire profilar som sleit med lengre tids sjukdom etter Tour de Ski i januar. Saman med lagvenninne Tiril Udnes Weng, svenske Frida Karlsson og Katharina Hennig, hamna dei på sidelinja i ein lengre periode.

No vil kvinnelandslagstrenar Sjur Ole Svarstad innføre eit slags «klemmeforbod» før VM-start. Det gjer han i frykt for smitte:

– Ein kan tenkje seg om to sekund i alle fall. Men det er vanskeleg då. Gledesscener er vanskelege å unngå. Dei er så impulsive, men eg synest dei er flinke til å ta vare på seg sjølv og andre, seier Svarstad.

– Så du kjem med ein «ikkje klemmeoppmoding»?

– Ja, eg trur vi kan roe ned på klemminga no mot VM, konstaterer han.

Det blir lite kroppskontakt. Det blir å halde meteren, seier Kalvå om tida framover.

Les også: Karlsson om Kalvå-klem: – Oi! Vil du gjøre meg nervøs?

klem til karlsson
klem til karlsson

Svensk trenar vil tillate klemmer

I målområdet etter 10 kilometeren under Tour de Ski såg ein mellom anna Kalvå og Karlsson klemme. Like etterpå vart Kalvå koronasjuk, og Karlsson ønsket at ein skulle innføre eit klemmeforbod for å unngå smitte. I etterkant vart den svenske skiyndlingen sjølv sjuk, men ikkje av korona.

Sprintløpar Johanna Sundling har sjølv vore ute store deler av sesongen på grunn av sjukdom, og er positiv til norsk klemme-nekt:

– Det har eg tenkt på sjølv også, at det er lurt å ikkje klemme så mykje etter målgang for man veit aldri. Vi er jo veldig, veldig utsette. Det er absolutt noko eg har fundert på – å ikkje klemme så mykje.

fähndrich og sundling

SLUTT PÅ DETTE?: Nadine Fähndrich frå Sveits og Johanna Sundling etter sprintfinale i 2020.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Men svenskane har ikkje innført klemmeforbod.

– Nei, har vi klemming så er det fordi vi har bra resultat og da får vi vel ta det. Så vi har ikkje snakka så mykje om det, seier den svenske landslagstrenaren Per Nilsson som innrømmer at sjukdom har tatt meir på enn vanleg.

Eg har prøvd å unngå det

Tiril Udnes Weng vart også sjuk etter Tour de Ski, og har før verdscuphelga i Toblach, levd i isolat heime på Lillehammer. Verdscupleiaren støttar at eit slags «klemmeforbod» er innført, men innrømmer at det er vanskeleg.

t u w

VART SJUK: Udnes Weng vart nummer to samanlagd i Tour de Ski, men har vore sjukdomsplaga sidan.

Vi får vel klemme dei vi er nærkontaktar med, og så får det halde. Eg har prøvd å unngå det i målområdet. Ein gløymer det litt når ein har komme i mål der, og nokon kjem og vil gi deg ein klem. Det er ikkje så lett å dytte dei unna, seier Udnes Weng.

Har du tenkt på det?

Eg har hatt det litt i bakhovudet. Eg har sikkert klemt nokon eg òg. Eg prøver ikkje å tenkje så mykje på det, seier Udnes Weng.

Både for Udnes Weng og Kalvå er dette første verdscuphelga dei deltek i sidan Tour de Ski. Til helga blir den siste runden gått med verdscup før verdsmeisterskapen. Det skjer i italienske Toblach.

Tiril uw

PÅ PLASS I TOBLACH: Tiril Udnes Weng på treningstur i Syd-Tirol.

Amerikansk støtte

Den amerikanske skistjerna Jessica Diggins, som sjølv er ein klemmar, har stor forståing for tiltaka.

Jessie Diggins

EIN KLEMMAR: Jessica Diggins forstår at den norske leiren tek forholdsreglar.

– Det forstår eg godt. Det er hjarteknusande å bli sjuk. Du vil jo aldri bli sjuk, for det gjer det vanskeleg å trene og konkurrere, men særleg rundt meisterskapa – som i fjor då det var så mykje stress med covid rundt OL, seier amerikanaren og fortset:

– Så eg skjønar at ein må ta forholdsreglar og vi bør ikkje dømme kvarandre for at ein prøver å halde seg friske. Kanskje vi heller bør gjere det motsette og vere stolte over at folk gjer det dei føler dei må for å kunne stille på startstreken.

Diggins sjølv vil vurdere risikoen frå løp til løp:

– Eg er ein skikkeleg klemmar, så det kjem til å krevje litt av meg å hugse på det. Eg trur eg vil ta ulik risiko, eller ingen risiko, på forskjellige stader.

Sportsnyheter

Women's Champions League - Quarter Final - Second Leg - Arsenal v Bayern Munich

Maanum hylles etter drømmescoring: – Ikke en keeper i verden som tar den

Det ble en stor jubeldag for to av Norges største landslagsstjerner.

Siste nytt

  • Norges Bordtennisforbund legger seg flate

    «Norges Bordtennisforbunds styre og administrasjon vil beklage til alle paraspillere som opplevde å måtte spille under dårligere forhold på fredag i NM», innleder forbundet pressemeldingen med.

    Videre skriver de at de ønsker at alle skal behandles likeverdig i norsk bordtennis og fremover blir det en tydelig innstramming med tanke på oppfølging av nasjonale arrangementer fra NBTF.

    NRK omtalte nylig at flere parautøvere opplevde å bli nedprioriterte under norgesmesterskapet i bordtennis for andre året på rad.

    Steffen Lande Salomonsen fra Stord var en av dem som raste. Han viste til at bordtennisnettet var skeivt og at det mangle skille rundt bordene for å stoppe ballene.

    Salomonsen skrev selv på Facebook at man ble møtt med direkte personangrep, som inneholdt diskriminering og nedlatende kommentarer. Han hevder blant annet å ha blitt kalt et «søppelmenneske»-

    NRK snakket med arrangørrepresentanten som var i munnhoggeri med Salomonsen, Olav Haraldseid.

    Han vedgår at det var høylytt diskusjon, men han mener Salomonsen har hørt feil og avviser på det sterkeste å ha kalla Salomonsen et «søppelmenneske».

    Også bordtennisprofil Tommy Urhaug reagerte på arrangementet.

    – Etter det vi opplevde på NM i fjor og etterspillet som var etter det, hadde vi som parautøvere et håp om at årets NM skulle bli bedre. Men det ble det dessverre ikke, skrev han på Facebook.

    Sommer-Paralympics i Tokyo 2021
    Foto: Torstein Bøe / NTB
  • Danmark avlyser fektestevne – ønsker ikke russisk deltakelse

    Det danske fekteforbundet (DFF) har avlyst et internasjonalt stevne i København. Årsaken er at DFF ikke vil ha russere og belarusere i aksjon.

    Det internasjonale fekteforbundet (FIE) har nemlig gitt russere og belarusere tillatelse til å delta igjen.

    Styreleder Jan Sylvest Jensen i DFF opplyser at avgjørelsen om avlysningen ble tatt onsdag kveld.

    – Vi kom fram til at vi dessverre ikke klarer å gjennomføre det. Det kan vi ikke gjøre når reglene er som de er nå, når russerne og belaruserne får være med, sier Jensen. (NTB)

  • Avis: PL-klubber vil forby bettingsponsorer på draktene

    Klubbene i Premier League er enige om en avtale som gjør at gamblingselskap ikke skal få lov til å fronte seg som hovedsponsor på klubbenes drakter.

    Ifølge The Times skal klubbene møtes torsdag, og en endelig avtale er ventet å komme på plass. Et eventuelt vedtak kan måtte vente til juni når Premier League har sitt sommermøte. Endringene skal foregå over en treårsperiode.

    8 av 20 klubber i toppdivisjonen har et gamblingselskap som hovedsponsor på drakten. Av de åtte er Fulham og Newcastle, men det er fra før bestemt at de skal ha andre sponsorer fra neste sesong.

    Det er likevel ventet at de klubbene som fortsatt ønsker det, vil få lov til å ha gamblingsponsor på ermene på drakten. Sponsorendringene i den engelske toppfotballen kommer av at den britiske regjeringen utarbeider et lovforslag som vil forby reklame for gambling.

    Ifølge The Times har en ikke navngitt klubb opplyst om at de mister rundt 130 millioner kroner i inntekt om de mister sin sponsor. (NTB)

    Britain Soccer Conference League
    Foto: Kin Cheung / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste