Hopp til innhold

Åtvarar etter ny rapport om mental helse: – Vi har ein veg å gå

40 prosent av spelarane i Eliteserien og Toppserien meiner det er lite fokus på mental helse i klubbane deira. No etterlyser fleire grep.

Eliteserien i fotball 2023: Lillestrøm - Strømsgodset

NORSK FOTBALL: Mental helse har vore eit tema i norsk fotball dei siste åra. Den nye rapporten til Niso viser at det har vore utvikling på feltet.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Det er eit område vi ser framgang på når det gjeld openheit rundt temaet mental helse, men sikringsnettet rundt spelarane må bli betre, seier Erlend Hanstveit til NRK.

Den tidlegare Brann-spelaren er forbundsleiar for Niso, Norske idrettsutøvarars sentralorganisasjon, som jobbar for idrettsutøvarars rettar.

Organisasjonen har nettopp gjennomført ei kartlegging rundt mellom anna fokuset på mental helse hos klubbar i Eliteserien og Toppserien.

Denne rapporten har NRK fått tilgang til.

Avskjedskampen til Erlend Hanstveit

NISO-LEIAR: Erlend Hanstveit, her etter sin aller siste kamp i Brann-trøya i 2015. Han fekk over 300 kampar for bergensarane, og vann både cupen og serien med Brann.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Undersøkinga viser at berre 5,3 prosent av eliteseriespelarane som har delteke meiner det «i veldig stor grad» er fokus på mental helse i klubben deira. 24,6 prosent har svart «i stor grad».

Men brorparten, 70,1 prosent, har anten svart «i middels grad», «i lita grad» eller «i svært lita grad». No etterlyser ekspertane endå meir fokus på området mental helse.

– Vi meiner at vi ser auka fokus på mental helse i klubbane, men med ein klar tendens mot det prestasjonsfremjande arbeidet. Her er det viktig å skilje mellom mental trening og psykisk helse. Det å få hjelp dersom ein har angst, depresjon eller andre kliniske symptom bør høgare opp på dagsordenen, seier Hanstveit.

– Kva kan norsk fotball gjere annleis?

– Niso meiner det er ein veldig god idé å ha tilbod både innanfor og utanfor stadionportane, for å sikre at det opplevast trygt for spelarane å adressere problem rundt psykisk helse. Og klubbane kan gjere mykje gjennom å redusere tabua rundt temaet. Men her har vi ein veg å gå når 40 prosent frå Eliteserien og Toppserien svarer at det i lita eller svært lita grad er fokus på mental helse i klubb, seier Hanstveit.

Éin i kvar garderobe

Niso-rapporten viser at berre 11 prosent av spelarane i Eliteserien svarer at dei har tilgang på psykolog gjennom klubben. I Toppserien er det fattige 1,4 prosent som svarer det same.

– Det er ei byrjing, men ikkje nok. Slik det er no er det altfor få klubbar i Noreg som har tilgang på psykolog. Det vil, reint statistisk, vere ein person som slit i kvar garderobe, kvar einaste dag, seier Dag Sørum.

Idrettspsykolog Dag Sørum

– EI BYRJING: Men ikkje nok. Det er konklusjonen til idrettspsykologen Dag Sørum.

Foto: Privat

Han har jobba som idrettspsykolog i 23 år og har samarbeidet med Niso i ei årrekkje. I løpet av ei arbeidsveke har han fleire møte med idrettsutøvarar frå både individuell idrett og lagsport. Han anslår å ha mellom fem og ti «alvorlege samtalar» med utøvarar i løpet av ei veke.

Også han understrekar viktigheita av å skilje mellom mental trening og psykisk helse.

– Klubbane har byrja å tilsetje mentale trenarar. Det ser ein mykje av, og det har vorte «stovereint». Men det må ikkje blandast med å ta tak i psykisk vanhelse, seier han, og legg til:

– Å tilsetje mentale trenarar er ikkje det same som å ta psykisk helse heilt på alvor. Mentale trenarar er som regel ikkje helsepersonell og har heilt andre oppgåver enn å jobbe med psykiske vanskar.

Tydeleg utvikling

NRK har sjølv henta inn tal frå eliteserieklubbane, og dei samsvarer med Niso-rapporten.

13 av 16 klubbar i Eliteserien svarte, og seks av dei har ein mental trenar tilsett på heiltid eller deltid. Andre har legar, personleg utviklar eller ein ressurs dei nyttar seg av på konsulentbasis, medan nokon opplyser at dei ikkje har ein mental ressurs knytt til klubben.

Mykje av dette handlar om økonomi, påpeikar Lillestrøms sportssjef, Simon Mesfin.

– Det kan bli litt kraftig for ein norsk eliteserieklubb å tilsetje ein psykolog, men alle klubbar er tilknytt ein fastlege. Det er eit krav om det. Men det går ikkje ein tilsett lege og trakkar rundt på bygget kvar dag. Dei er der av og til, og ein kunne kanskje gjort det same med ein psykolog. Men alle klubbar kan hente inn ein ekstern psykolog når det trengst, seier han, og held fram:

Simon Mesfin, sportssjef i LSK.

SER UTVIKLING: Sportssjef i LSK, Simon Mesfin, rosar norske klubbar for innsatsen rundt mental helse, men understrekar at vi ikkje er i mål.

Foto: Audun Braastad / NTB

– Alle spelarane våre har høve til å få oppfølging av ein psykolog viss det trengst, men då går det gjennom fastlegen til klubben. Derfor er det veldig viktig at personen som blir tilsett til å følgje opp spelarane på det mentale kjenner levesettet til fotballen og toppidretten.

Det store fleirtalet opplyser i Niso-undersøkinga at dei har nytta seg av anten mental trenar eller psykolog i løpet av karrieren.

Tala til Niso viser likevel at ting har endra seg når det gjeld mental helse i norsk fotball. Ei undersøking frå 2020 viser at 15,6 prosent av eliteseriespelarar då meinte at det var «i veldig stor grad» eller «i stor grad» fokus på mental helse.

Frå undersøkinga i år svarte 29,9 prosent det same. Tala i sin heilskap kan du sjå i faktaboksen under.

– Det at tala var lågare før viser ei utvikling, men at vi ikkje er heilt i mål enno, seier Mesfin.

– Ein har alltid brukt pengane og budsjetta sine på gode tekniske, taktiske og fysiske trenarar, men ikkje så mykje på det mentale. Men der synest eg det har vore ei utvikling og at fleire klubbar i norsk fotball har teke tak i det. Den utviklinga må ein halde fram, understrekar han.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal