Hopp til innhold

Åtvarar etter at sjuk Ingebrigtsen tok gull: – Ein risiko ein sjeldan bør ta

Jakob Ingebrigtsen vann VM-gull etter å ha slite med feber. Professor Øyvind Sandbakk er redd for signaleffekten etter gulløpet.

Ingebrigtsen 5000 meter

Jakob Ingebrigtsen etter finalen på 5000 meter i Budapest. Han sleit med sjukdom under VM.

Foto: Denes Erdos / AP

Det var onsdag Sandbakk skreiv eit innlegg i et fagforum for mellom- og langdistanseløping på Facebook. Han åtvara mot å konkurrere og trene intensivt med sjukdom i kroppen. Det kom som ei følge av Ingebrigtsen sin triumf på 5000 meter i Budapest.

«Det er ein risiko ein sjeldan bør ta, sjølv om det truleg kan forsvarast i eit VM i tilfellet Jakob», skriv Sandbakk i innlegget.

Sandbakk, som er dagleg leiar for senter for toppidrettsforsking ved NTNU, utdjupar overfor NRK:

– Jakob skal hyllast og vart verdsmeister. Det var heilt sikkert veldig kalkulerte vurderingar bak dette gjort av eit profesjonelt apparat. I VM kan ein kanskje ta ein viss risiko. Men det at det ukritisk blir hylla i media at Jakob presterer med sjukdom gjer meg bekymra, seier Øyvind Sandbakk til NRK.

Han understrekar at han ikkje har detaljert kunnskap om saka til Ingebrigtsen, og at det ikkje er kritikk av Friidrettsforbundet. Men han synest det var på sin plass med ei generell åtvaring no.

Løp med feber

Jakob Ingebrigtsen fortalde før forsøket på 5000 meter at han hadde feber. Likevel valde han å konkurrere. Heller ikkje i finalen på 5000 meter kjende han seg topp. Det sjølv om han spurta inn til gull 14 hundredelar føre spanske Mohamed Katir.

Sandbakks åtvaring går til både utøvarar, dei som jobbar med unge utøvarar og mosjonistar. Han påpeikar at det ikkje må bli vanleg praksis å konkurrere med sjukdom i kroppen sjølv om Ingebrigtsen ende med gullmedalje.

– Når ein tek slike val skal det vere veldig kalkulert og gjennomtenkt. Ein må vurdere kva type sjukdom det er og dei potensielle etterverknadene, seier Sandbakk og held fram:

– Jakob vart verdsmeister og kjende seg ikkje bra. Eg håpar det går bra med han. Men dei har teke ein kalkulert risiko. Sannsynlegvis går det heilt fint, seier Sandbakk.

Øyvind Sandbakk

NTNU-professor Øyvind Sandbakk har jobba tett på nokon av landets fremste toppidrettsutøvarar.

Foto: Kim Sørenssen, NTNU

Mens resten av verdseliten møtes under Diamond League-stemnet i Zürich torsdag, står Jakob Ingebrigtsen over dette stemnet.

Vil ikkje diskutere på Facebook

NRK har lagt fram bodskapen til Sandbakk for landslagslege Ove Talsnes. I ein SMS til NRK skriv Talsnes:

– Eg er ikkje på Facebook, de som har sterke meiningar i slike fora må gjerne uttrykkje det, men det blir utan min deltaking.

Landslagslegen understrekar samstundes at ein bestandig vurderer risiko.

– Det er min jobb. Dette gjer vi saman med utøvarane, og det er samansette vurderingar med klinikk, erfaring, situasjon, prøvesvar, type utøver, endringar over tid, grad av sjukdom, type konkurranse og ein rekke andre faktorar som vil krevje lang tid å forklare og på ingen måte egner seg for debattforum og former som eg skjønner Facebook er, skriv Talsnes, og poengterer at han forklarte for ein del av disse faktorene i samtale med media i Budapest.

Øydelagde karrierar

Sandbakk er tydeleg på at utøvarar på alle nivå burde åtvarast mot å konkurrere med sjukdom. Risikoen er ein kan få mellom anna ein ikkje-fungerande tilstand i kroppen i etterkant.

Professoren ved NTNU, som tidlegare var tilknytt Olympiatoppen, påpeikar at det er mange døme på nettopp ein slik skadeverknad.

– Mange utøvarar har øydelagt karrierane sine. Det har også vore utøvarar på toppnivå, som i tillegg har prestert bra med sjukdom i kroppen, seier Sandbakk.

Han har sett at Friidrettsforbundet har vore flinke til å ikkje ta risiko mellom anna med skaden til Karoline Bjerkeli Grøvdal denne sommaren.

– Ein må tenkje seg veldig grundig om. Og utgangspunktet skal vere at ein aldri konkurrerer med sjukdom i kroppen. Prinsippet om helse før prestasjon er det viktig å huske på i jaget etter gode prestasjonar i toppidretten, seier Sandbakk.

Sportsnyheter

Amalie Iuel utfordret Henriette Jæger til duell.

Iuel utfordra Jæger til duell: – Å tape mot Amalie er noko av det verste

Henriette Jæger blir sur av å tape, sjølv mot Amalie Iuel på trening. Det utnyttar trenarmamma Unn Merete for alt det er verd.

RBK-LSK

Supportertalsmann om VAR-markeringer: – Overrasket hvis Eliteserien blir ferdigspilt i år

Mandag møtes lederne i landets supporterklubber for å diskutere neste steg i kampen mot videodømming.

Supporterar barka saman i 1. divisjonskampen mellom Vålerenga og Start laurdag.

Går gjennom video etter supporterbråk: – Uakseptabel oppførsel

Det er førebels ikkje klart om slåstinga og blusskastinga i kampen mellom Start og Vålerenga vil få konsekvensar for supporterar.

Siste nytt

  • Elyounoussi scoret i sesongåpningen

    Mohamed Elyounoussi scoret kampens andre mål da FC København vant 2-0 borte over Lyngby i sesongåpningen i den danske superligaen.

    Nordmannen gjorde i fjor sommer overgang fra Southampton og har siden også notert seg for åtte målgivende på 46 kamper.

    Birger Meling startet også kampen..

    (©NT)

    snPSvuX44Nc
    Foto: Mads Claus Rasmussen / AFP
  • Syk Sagosen utsetter OL-avreise

    Sander Sagosen, Sebastian Barthold, Magnus Søndenå og Simen Lyse sliter alle med sykdom og reiste ikke sammen med resten av landslaget til Paris mandag kveld.

    – Etter planen reiser de til Frankrike i morgen, sier fysioterapeut Harald Markussen til Dagbladet.

    Markussen opplyser at det er magesykdom som spillerne sliter med, og at de blir isolert fra resten av troppen.

    Om fem dager spiller de norske håndballherrene sin åpningskamp i OL mot Argentina. Den kan dermed utgå for de syke spillerne.

    (NTB)

    TPrhLlSZUwc
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Pogacar trekker seg fra OL

    Den slovenske sykkelstjernen Tadej Pogacar blir ikke å se i landeveisrittet under sommerens OL i Paris.

    Det kommer fram i en melding fra det slovenske olympiske laget på Instagram.

    «Dessverre vil ikke Tadej Pogacar være i troppen. Han trekker seg ettersom han er for sliten. Han blir erstattet av landslagskollega Domen Novak», heter det i meldingen.

    Pogacar tok søndag sin tredje sammenlagtseier i Tour de France. (NTB)

    QU3coLCQU1c
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal