Det er ingen tvil om at det norske landslaget står ovanfor ei gigantisk oppgåve på Olympiastadion i Roma. Me må etter all sannsynlegheit vinne mot Italia for å gå direkte til EM.
Men i fotball er det alltid håp. Her gjev NRK deg åtte grunnar til at du kan oppleve eit aldri så lite fotballmirakel tirsdag kveld.
1. Italias landslag er svakare enn på lenge
Kor blei det av dei italienske stjernene? Totti, Del Piero, Vieri og Maldini – Italia har alltid hatt verdsstjerner. Det er ikkje like stor svjung over Pelle, Bonucci og Candreva på dagens Italia-lag.
– Det er det svakaste italienske landslaget i mi tid som fotballinteressert, seier TV2-kommentator Simen Stamsø Møller, som lenge fulgte italiensk fotball for C More.
2. Svekka midtbane
Den største av alle italienske fotballspelarar dei siste åra, midtbanemaestroen Andrea Pirlo, stod over sist kamp. Pirlo blir ikkje friskmeldt til ein ubetydeleg kamp mot Noreg. I tillegg er kaptein Daniele De Rossi suspendert og stjerneskotet Marco Verratti er også ute med skade.
– Verratti er Italias beste midtbanespelar om dagen. Det er ein stor fordel for Noreg om han ikkje spelar, seier Møller.
3. Italia har ingenting å spele for
På laurdag kunne Italia feire at dei er klare for EM i Frankrike etter borteseier over Aserbajdsjan. Dermed er det berre æra igjen og ein ganske så betydningslaus gruppesiger å spele for.
– Italia vil nok vere påverka av at dei er kvalifisert, det er fordel Noreg, seier den italienske journalisten Pasquale Campopiano til NRK.
4. Kyniske Italia
Italia er kjent for å spele på resultat. Den einaste gongen Italia har vore overbevisande i ein «uviktig» kvalikkamp etter 2000, er 3-0-sigeren over Nord-Irland i 2011. Avslutta mellom anna med 2-2 mot Armenia i siste kvalifiseringskamp til VM i Brasil i fjor.
5. God norsk form
Norge har faktisk tatt fleire poeng enn Italia sidan tapet mot italienerne på Ullevaal i fjor haust.
6. Noreg slepp nesten ikkje inn mål
På dei fem siste kampane har ikkje det norske landslaget sluppe inn eit einaste mål. Ikkje sidan stortapet mot Kroatia i mars har me fått mål mot oss. Mykje takka vere den nye stopparduoen Vegard Forren og Even Hovland, som ser ut til å utfylle kvarandre perfekt.
7. Søderlund har gjort slutt på måltørken
Eliteseriens suverene toppskårar Alexander Søderund kunne endeleg stilne kritikken mot at han aldri scorar på landslaget mot Malta. Kanskje har Søderlund fått en ekstra dose sjøltillit, som kan utgjere forskjellen på dei få sjansane Noreg får.
8. Kan snyte nabolandet for direkte-billett
Med tap på heimebane mot Noreg, kan Italia øydelegge for Kroatia, som jo er ein langt større konkurrent i neste års EM-sluttspel. Kan det få Italia til å ikkje ta ut det siste ekstra?