Landslagsjentene har akkurat kome tilbake til hotelllet frå ein tre timars langtur på beina. Alle utanom Astrid Uhrenholdt Jacobsen. Astrid har gått rulleskiintervall. I dag var det akkurat det kroppen det trengte. Treningssmellen ho gjekk på i fjor då ho også trudde ho hadde hatt sin beste treningssommar, har gjeve lærdom.
– I fjor overvurderte eg kapasiteten min då det var så varmt. I sommar er eg vel den einaste som har syntest det har vore heilt greitt at det ikkje har vore varmt, seier ho smilande.
– Ser ingen grense
Det er ikkje berre ein kald sommar som har gjort 28-åringen godt. Ingen sjukedagar, ingen skader eller plager for den tidlegare så skadeforfylgde Heming-løparen har hjelpt godt på.
Men aller viktigast, Astrid Uhrenholdt Jacobsen har blitt ein klokare skiløpar.
– Trenaren min gav meg i hovudoppgåve å kome gjennom sommaren med overskot. No planlegg eg ikkje for mykje av hardøktene mine, men tek dei heller når eg kjenner eg har dagsform til det. Eg har hatt fleire gode treningssomrar, men kanskje ingen som den her.
– Kor god kan du bli til vinteren når du sit med kjensla av å ha hatt ein så god sommar?
– Nei, det er det ingen grense for. Det er det eg synest er litt moro, at eg ikkje veit kor grensa mi er. Eg gler meg til å sjå om eg kan nærme meg den og kor fort eg kan gå til vinteren.
Vil på pallen i alle disiplinar
For til vinteren vil ho fortsette trenden frå i fjor. I Rybinsk i januar tok Jacobsen sin fyrste verdscupsiger på sju år og i Falun eit par månader etter kom den fyrste individuelle medaljen sidan ho slo gjennom i 2007. Denne sesongen er meisterskapsfri og Astrid har kanskje sett seg litt andre mål enn lagvenninnene.
– Eg vil på pallen i både klassisk og skøyting i sprint og distanse. Då viser eg at kan vere ei av dei aller beste i alle disiplinar, seier ho om målet i ein sesong der to Tour de Ski og nyvinninga Tour de Canada blir det største for langrennsløparane.
Men Jacobsen har sett langt meir på skulebøkene enn programmet for vinterens store høgdepunkt.
– Det er eigentleg litt interessant. Eg kan ikkje noko av programmet på nokon av tourane og er kanskje ei av få som ikkje synest det betyr noko om me går distanse, sprint, skøyting eller klassisk. Det har ikkje noko å seie korleis dei designar touren, eg veit eg kjem til å gjere det bra uansett. Det er godt å kjenne på.
Ho er sjølvsikker no og veit at "kollapsen" som heldt ho borte frå hardtrening i heile fjor haust, ikkje kjem i år.
– Eg er mykje meir på den sikre sida i år. Så klart det er ingen garanti for nokon ting, men det er jo det som er artig også, smiler ho fornøgd.
Sikkert er det iallfall at Astrid Uhrenholdt Jacobsen blir å rekne med til vinteren.