For stjerner som Kim Kardashian og Megan Fox er «wet look» hyppig brukt på den raude løparen.
Men for Aston Villa-spelarane skal den våte og klissete utsjånaden vere eit stort problem.
Ifølgje kjelder til både BBC og The Telegraph, skal både herre- og damespelarar på Aston Villa vere svært lite fornøgd med dei nye draktene, som tydeleg skiftar farge undervegs i kamp.
Trener uttrykkjer bekymring
Denne frustrasjonen blei bekrefta då trenaren til damene, Carla Ward, fekk spørsmål frå BBC om draktene i forkant av sesongstarten heime mot Manchester United søndag.
Ho seier at spelarane har dei «same bekymringane» som herrespelarane.
BEKYMRA: Aston Villa-manager Carla Ward.
Foto: ED SYKES / Reuters– Eg meiner dette (problemet) vart framheva i sesongoppkøyringa til herrelaget og støtta opp av kvinnene. For min del, er dette noko klubben og Castore må finne ut av, seier Ward.
Sjølve kampen mot Manchester United enda med eit 1-2-tap. Bileta frå kampen søndag viser at Aston Villa spelte i tilsvarande drakter som herrelaget. Og ein kunne sjå at drakta vart våt allereie før det starta å regne.
Spelarane brukte den omstridde drakta, sjølv om dei skal ha fått høvet til å bruke eit alternativ, skriv The Mirror.
– Vi ønskte å bruke heimedrakta. Det er den første kampen for sesongen, så du ønskjer å bruke heimedrakta, seier kaptein Rachel Corsie, som stadfestar at klubben har vore støttande og at det blir jobba med ei løysing.
– Du kjenner deg ukomfortabel
Draktene skapa store overskrifter i Storbritannia førre veke, og fotballkommentatoren Jacqui Oatley var blant dei som reagerer kraftig.
– Har nokon tenkt på korleis Aston Villas kvinnespelarar kjem til å kjenne seg i desse klissete «wet-look»-skjortene?, spurde ho på X/Twitter.
Kommentatoren hevdar ho har kjelder som seier at spelarane grudde seg til sesongstarten på grunn av draktene.
– Dei har fire TV-kampar framover. Vanlegvis ville dei nytt desse kampane og gleda seg til dei, men dei gruer seg faktisk fordi dei er veldig klar over korleis dei kjem til å sjå ut i dette våte, klissete settet – av openberre grunnar, sa Oatley til BBC førre veke.
NRK-EKSPERT: Elise Thorsnes.
Foto: Jula Marie Naglestad / NRKElise Thorsnes, NRKs fotballekspert, forstår veldig godt frustrasjonen.
– Drakta framhevar former og gjer at fokuset frå publikum og andre blir på noko heilt anna enn prestasjonen på banen, seier Thorsnes og held fram:
– Det er det same som med kvite shorts, du kjenner deg ukomfortabel medan du speler som igjen kan føre til dårlegare prestasjonar.
Fleire damelag har dei siste sesongane bytt ut kvite shorts fordi det kan skape utfordringar under menstruasjon.
Draktprodusenten jobbar for å løyse problemet
I tillegg til problematikken med utsjånaden, skal herrespelarane ha klaga på at drakta påverkar prestasjonen ved at han blir «tung» og «ukomfortabel».
NRK har prøvd å få ein kommentar frå Aston Villa, utan å lykkast. Draktprodusenten Castore seier til The Telegraph at dei tek saka på alvor.
– I samarbeid med klubben jobbar vi for å løyse problemet så raskt som mogleg for å oppfylle dei standardane vi forventar. Vi vil takke klubben for deira tolmod og støtte så langt, seier ein talsperson.