NRK Meny
Normal

Arsenal hadde sigeren i lomma – da dukka Joe Allen opp

Storkampen Liverpool og Arsenal hadde det meste. Og blei ikkje avgjort før i det siste minutt.

JOE ALLEN

HELTEN: Alle trudde Arsenal hadde snudd kampen, men Joe Allen ville det annleis.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er veldig skuffande, men det var ein bra kamp for fansen med mange sjansar og høg intensitet. Men me burde vore sterkare på slutten, eg er veldig skuffa nå, seier Arsenal-spiss Olivier Giroud i intervju sendt på TV2 etter kampslutt.

Olivier Giroud sikra siger

TO MÅL: Olivier Giroud såg lenge ut til å bli helten på Anfield etter to mål.

Foto: Carl Recine / Reuters

Kom du deg ned i sofaen litt for seint i kveld gjekk du glipp av mykje. Og gjekk du glipp av slutten må ein nok seie det same. For Liverpool tok det ikkje med ro frå start og langt ifrå på slutten da dei kjempa innbitt for poeng mot serieleiaren.

Ein klassikar

– Me har vore vitne til ein klassikar i Premier League, kommenterte TV2-kommentator Øyvind Alsaker etter kampslutt.

Roberto Firmino gav ein liten forsmak på kva som var i vente etter ni minutt med eit kontant skot etter retur frå Arsenal-keeper Petr Cech. Men ti minutt seinare etter at Aaron Ramsey hadde utlikna for heimelaget, sytte Firmino verkeleg for eit minneverdig augeblikk på Anfield.

Brasilianaren skur skotet på perfekt vis i det høgre krysset frå rundt 20 meter og står nok for eit av 2016 flottaste mål på balløya.

Klopp Liverpool

JUBLA: Jürgen Klopp hadde ein berg og dalbane av kjensler under kampen mot Arsenal. Men til slutt kunne han juble.

Foto: Carl Recine / Reuters

Walisisk helt

Men Arsenal har ein fransk målscorar av rang. Olivier Giroud dukkar fyrst opp på corner etter 25 minutt og stangar inn ballen på corneren frå Ramsey.

Etter 55 minutt gjer han nesten alt sjølv, franskmannen vender opp og sender ballen forbi Simon Mignolet i Liverpool-buret. I over ein halvtime trur alle at Giroud er dagens store helt og matchvinnar.

Men så er det denne Joe Allen da. Helten i kveld blir ikkje fransk, men walisisk. Joe Allen avsluttar kampen som nesten hadde alt, iallfall av dramatikk. Og dei fleste vil vel seie det er fortent.

– Det var godt å kome inn og i tillegg bidra til at me får med oss noko. Eg synest me viser kva slags attitude me har i garderoben når me køyrer på heilt til siste slutt. Nå er eg verkeleg takknemleg, seier Allen i intervju vist på TV2 etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • AC Milan vant anken i CAS

    Den italienske storklubben ble utestengt fra Europaligaen av UEFA, for å ha brutt reglene for økonomisk fair play (FFP). AC Milan anket til CAS, som nå ber UEFA finne en annen straff. De anser det som for strengt å nekte «Rossoneri» spill i Europa.

    Italy Soccer Serie A
    Foto: Antonio Calanni / AP
  • Times: Conte saksøker Chelsea

    Antonio Conte har bestemt seg for å gå rettens vei etter at han fikk sparken som Chelsea-manager, melder den britiske avisen The Times.

    Conte krever å få kompensasjon for skaden han mener klubben har påført hans karriere. 48-åringen mener den sene sparkingen har fratatt ham sjansen til å bli ansatt i andre storklubber.

    Antonio Conte
    Foto: David Klein / Reuters
  • Uavgjort for United

    Manchester United spela 1-1 mot meksikanske Club America i Arizona i natt. Det var Uniteds første oppkøyringskamp før sesongstart om tre veker.

    Juan Mata scora Uniteds utlikningsmål 12 minutt før slutt, etter at Club America hadde teke leiinga.

    Juan Mata
    Foto: Christian Petersen / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France: 13. etappe
Tour de France: 13. etappe
X Games Minneapolis
Sport i dag
Friidrett: Diamond League fra Monaco
Friidrett: Diamond League, Monaco
Friidrett: Diamond League fra Monaco
X Games: Skateboard, street
X Games Minneapolis -- Menn BMX Street Finale | Dave Mirra's BMX Park beste triks
X Games Minneapolis -- Menn Motorcross Quaterpipe High Air Finale | Menn BMX Big Air Finale | Menn Motorcross Freestyle Finale