Saman med kollega Aksel Lund Svindal har Jansrud også i år sett preg på verdscupen i alpint med sin kraftige mustasj.
– Barten min jobbar av seg sjølv. Den er veldig hyggeleg sånn sett. Den gror utan at eg treng å tenke på det. Utfordringa har vore å få den til å gro nok, smiler Jansrud fornøgd.
– Eg er faktisk ganske fornøgd med denne mustasjen. Det må eg ærleg innrømme, ler Aksel Lund Svindal.
Men alpinistane er ikkje aleine om å gro hår på overleppa.
For å støtte kreftaksjonen «Movember» har Tom Hilde blitt bartens ansikt i hoppsporten. Samstundes har RBK-trenar Jan Jönsson tatt barten tilbake i Trondheims fotballfestning, Lerkendal.
- Kven av desse har årets flottaste eller styggaste bart? Kommentér nedst i artikkelen!
– Kan ikkje bare ha menn med flotte bartar
Alpint-Jansrud hadde riktig nok ein kledeleg bart i fjor, men denne sesongen har han gjort overleppe-hårveksten endå meir karakteristisk.
– Det er mykje farge, og eg føler eg har fått meksikansk preg på den, seier han.
Likevel er han sikker på at han ikkje ville blitt førstemann i ei eventuell bartekåring.
– Eg trur min bart kvalifiserer til å bli den styggaste. Eg stiller i alle fall i den kategorien. Men det er jo litt av moroa, ein kan jo ikkje bare ha menn med flott bart rundtomkring, flirer Jansrud.
– Kven har den finaste barten i alpintsirkuset?
– Her er mykje bra å velge ut, men eg har liksom ikkje den «fetishen» at eg går rundt og kikkar på barten til andre menn. Eg har bare sett at det er mykje bra rundt her, seier Jansrud.
- Veit du om fleire flotte og stygge movember-bartar i sportsverda? Kommentér nedst i artikkelen!
Svindal: – Vil halde på barten, men kan møte utfordringar
Lund Svindal kan heller ikkje svare for kven som har den beste eller styggaste movember-barten i sportsverda dette året, men er i alle fall klar på kven som har hatt tidenes mest suverene bart i alpintsirkuset.
– Det var amerikanske T.J. Lannings bart i fjor. Det var den fyldigste mustasjen eg nokon gong har sett. Canadiske Ryan Sample har kanskje den beste barten i år, seier Lund Svindal.
Sjølv har Norges beste alpinist lyst til å halde på sin eigen bart også i desember, men er usikker på om han får lov.
– For å vere heilt ærleg vil eg gjerne ha den lenger, men eg skal på ein fotoshoot snart, og der er eg usikker på om eg får lov til å ha den. Men om eg køyrer jævlig fort må eg nesten bare ha den, flirer Lund Svindal.
Les meir under klippet!
- SJÅ OGSÅ - AKSEL BLEI FOR STYGG FOR FIS:
Jansrud fargar barten
Jansrud kan godt tenke seg å halde på mustasjen. Han har nemleg jobba mykje med hårveksten.
– Tida får vise om den ryk. Det er litt rart å få komplimenter av andre menn på tur, så sånn sett trur eg den forsvinn ganske snart. Men eg trivst som sagt godt med den, seier Jansrud.
Å kvitte seg med mustasjen etter mykje arbeid vil kanskje bli eit for stort offer for Jansrud. NRK har nemlet fått bekrefta at alpinisten fargar ansiktshåret sitt.
– Kvifor den er betre enn i fjor treng vi ikkje prate om, seier ein unnvikande Jansrud til NRK.
– Er det ein hemmelegheit bak barten?
– Nei.
– Farge?
– Eg skjønnar ikkje at du kan tru det, gliser Jansrud.
– Har du farga barten?
– Eg har ikkje farga barten, smiler Jansrud lurt.
- SJÅ VIDEO: